Slik er det nemleg når ein går til butikken Flinke folk: Alt der inne er handlaga av lokale kunstnarar og kunsthandverkarar, og du kan ikkje rekna med å finna ein helt lik ting seinare viss du ser noko du verkeleg likar.
Wenche Hetland er ein av kunsthandverkarane som sel varene sine gjennom butikken, og under rigginga i dei nye lokala ved Bryne Torg har ho fått sett litt på vinkorken – som er laga av trekunsthandverkaren Dreie-Kjell (Kjell Bore).
Då snora var klypt, gjekk ho rett inn i butikken for å sikra seg den unike gjenstanden. Og dermed enda ho opp som aller første kunde i den nye butikken.
Har blitt fast og heilårleg
For ein ny butikk er det, sjølv Flinke folk opnar dørene for aller første gong før jul i 2022, og no går inn i sin femte julesesong.
– Til no har me vore ein pop up-butikk. Frå i dag er me ein fast, heilårleg butikk i Bryne sentrum, fortel primus motor Lillian Tjåland Berge under den høgtidelege opninga onsdag.
– Då Olinda flytta herfrå, bestemte me oss: Dette lokalet må me berre ha, og me må berre satsa for fullt. No er me glade for å vera på plass. Det er heilt fantastisk, legg ho til.
Olinda er Olinda Håland, som 1. september flytta butikken Olinda sin hobby frå lokalet på Bryne Torg og inn i større lokale i Storgata 15.
No håpar Flinke folk at dei – som ein fast heilårsbutikk – skal bidra til folkeliv og aktivitet i Bryne sentrum.
I første omgang er dei 19 aktørar som leverer varer og bidreg til drifta av butikken, og det er ope fire dagar i veka. Men når julesesongen kjem i gang for fullt, kjem det til seks nye leverandørar, og opningstidene blir auka til kvar dag – sannsynlegvis inkludert nokre søndagar når det er arrangement i sentrum, også.
Som pop up-butikk heldt Flinke folk først til på Brynesenteret i tre førjulssesongar, før turen gjekk vidare til Bryne Gamle Mek, der dei stengde ned butikken siste gong i slutten av juni.
– Meir ein berre ein vanleg butikk
Leiaren i Utval for levekår i Time, Bjørghild Underhaug, hadde teke turen for å klippa snora for den nye butikken. Den aller første snorklippinga hennar nokon gong, kan ho fortelja til Jærbladet.
– Dette er mykje meir enn berre ein vanleg butikk, slo ho fast i talen sin.
Ho viste til at Flinke folk er ein samlingsplass der lokale kunsthandverkarar kan visa fram dei heilt unike varene sine, og dermed fungera som eit sosialt punkt – både for dei som lagar tinga og for kundane.
Ho viste også til at butikken ville vera med å skapa liv og eit tilbod til folk i Bryne sentrum, og at ein slik butikk også er viktig i eit kulturhistorisk perspektiv, fordi mange av kunsthandverkarane fører vidare gamle handverkstradisjonar.