Avfallshandteringa ved inngangsporten til Storgata imponerer ingen. Huseigaren og Time kommune er samde om at ei betre løysing må på plass, men dialogen om korleis det skal gjerast, verkar å ha gått i stå.
Etter eit møte med Steinar Haugseng, eigaren av Blomstergården AS, sende byggesakssjefen og plan- og forvaltningssjefen i februar eit brev med beskjed om at avfallet må lagrast innandørs.
Løysinga på bakken var i strid med reglane i Bryne sentrum, og vart dessutan vurdert som «uheldig for byrommet og byutviklingen».
Jærbladet har omtalt brevet tidlegare, og at Haugseng meiner saka kunne vore løyst for fleire år sidan dersom kommunen spelte på lag.
I eit førebels svar til kommunen skreiv Haugseng at mange bygningar i sentrum vil ha same utfordringar som han, dersom kravet blir om ei innandørs avfallsløysing ståande.
Delte meiningar om dagens bruk
I ein seinare e-post forsøkte Haugseng å nøsta opp i eit anna aspekt som var nemnt med eitt avsnitt i brevet frå byggesakssjefen og plan- og forvaltningssjefen.
Dei kunne ikkje finna dokumentasjon på at kommunen nokon gong har godkjent bruksendring frå kiosk til bevertning, eller at dette er blitt søkt om. Det same galdt, ifølge kommunen, ei utviding av restaurantdrifta innover i bygget.
Haugseng skreiv at han er usamd i dette. Som med avfallsløysinga, gjorde han eit poeng ut av tilsvarande krav må rettast til «absolutt alle», dersom kommunen krev søknad om bruksendring for det gamle næringslokalet.
Kravet er ikkje berre ein rein formalitet. Ein profesjonell må hyrast inn til å søka, og sjølv om bygget frå 1960-talet, må søknaden basera seg på at restaurantlokalet skal oppfylla dei aller nyaste byggtekniske krava.
Før kommunen kan gje løyve til bruksendringa, må dessutan Arbeidstilsynet gje sitt godkjentstempel.
Også forgjengaren selde kebab
22. april sende kommunen førehandsvarsel om pålegg om retting og tvangsmulkt. For at saka ikkje skal gå så langt, må bruken anten avsluttast, eller så må det søkast om bruksendring.
Jærbladet har snakka med Steinar Haugseng, som ikkje ønsker å uttala seg. Fristen for å svara kommunen går ut 18. mai.
Haugseng har tidlegare forklart dei at han gjekk ut frå at lokalet var godkjent til sal av mat, då han kjøpte bygget. Den førre leigetakaren hadde selt kebab, akkurat som Yummy Time.
Time kommune har dessutan visst godt at dei lagar mat, peika han på. I 2023 påla kommunen Yummy Time å installera ein feittutskiljar, for å hindra at feitt frå kjøkkenet tettar dei kommunale avløpsrøyra.
Byggesakssjefen avviste innvendingar
Kommunen gjekk ikkje med på forklaringa frå huseigaren, og sende likevel førehandsvarselet.
Då hadde byggesakssjef Svein Harald Dyngen allereie avvist innvendingane, i ein e-post:
«Vi er kjent med at det historisk har vært ulik virksomhet i lokalene, men dette er ikke avgjørende for vurderingen etter dagens regelverk. Det er denne bruksendringen, og midlertidig bruksendring til bolig for flyktninger, som har skapt ufordringene med økt avfall.»
Han opplyste at aktørar som Bekkis, Brix og Bryne Golfsenter alle har mått rydda opp i manglande bruksløyve, og at Europris har mått rydda opp i avfallsutfordringane sine.
Haugseng opplyser i korrespondansen med kommunen at han alltid kontraktfestar at det er leigetakaren sjølv som har ansvaret for at bruken er i samsvar med gjeldande planar og forskrifter. Jærbladet har forsøkt å kontakta Yummy Time sundag.