avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 3 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.17972062 ↩
story

Slo tilbake mot droneangrep: USA og Saudi-Arabia råka mål i Irak

USA og Saudi-Arabia gjennomførte presisjonsangrep i Irak mot Iran-støtta grupper tysdag, melder den amerikanske militærkommandoen for Midtausten, CENTCOM, på X. Kommandoen opplyser at gruppene har vorte beordra av Revolusjonsgarden i Iran til å angripe amerikanske mål og saudiarabisk infrastruktur. Det blir meldt om fleire døde etter angrepa. Amerikanske og saudiarabiske kampfly råka fleire av logistikk- og våpenanlegga til terroristane over heile det austlege Irak, som svar på Revolusjonsgarden sine droneangrep dei siste 72 timane. Iran har angripe og stansa tre oljetankarar i Hormuzsundet, i tillegg til å ha angripe ei amerikansk base i Jordan. Forsvarsdepartementet i Saudi-Arabia melde tysdag kveld at dei hadde stansa fleire dronar som vart avfyrte mot eit av oljeanlegga deira, og skuldar Iran-støtta grupper i Irak for å stå bak.

29. July 2026 kl. 00:48 (oppdatert 03:47)
Nyheter Forholdet Iran – USA Saudi-Arabia Irak

v2 · scraped 01.08 05:45 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect