– Hei, hei, du driv på du, Marie?

– Du er jammen flink!

Når du er 100 år og har sommarjobb, er det nesten ikkje fred å få.

Ryktet spreier seg fort på Lesja bygdemuseum.

«Sprek dame», blir det kviskra med stjerner i auga blant dei som kjem innom eldhuset.

Alle vil ha ein bit av dama med kvitt skaut og forkle rundt livet.

Sjå korleis det har seg slik at ein hundre år og tre månader gammal lesjing framleis er i full aktivitet.

Trass i alle menneska som stikk hovudet innom:

Marie Jøndal mister ikkje konsentrasjonen eit sekund.

Fingrane kjenner på klumpane foran henne. At deigen kjennest rett fløyelsmjuk.

Med vande rørsler står ho og kjevlar ut lefse etter lefse.

Svisj, svisj.

Først med grovkjevla.

Svisj, svisj.

Så med finkjevla. Potetlefsa skal bli skikkeleg tynn og fin.

Hendene hennar dryssar kveitemjøl over deigen før kjevla fyk over. Etterpå hugsar ho å børste over for å fjerne overflødig mjøl.

Minst mogleg mjøl er stikkordet.

Det var ikkje gitt at Marie skulle bli kjend som bakstekjerringa på Lesja.

Bestemora hennar hadde ikkje trua. Marie vart for utolmodig, meinte ho.

«Du kjem aldri til å lære å bake», skal ho ha sagt til Marie.

Og lenge kunne det sjå ut som at bestemora hadde rett.

For kyrne og grisane på småbruket i Lesja tok all tida hennar. Men så gav ho seg med mjølkekyr.

Tida gjekk for sakte. Marie trong ein hobby.

I 1983, i ein alder av 57, lærte ho seg kunsten å bake tradisjonsbakst.

Ho blei fort fanga av handverket.

Og sommaren 1991, for 35 år sidan, starta ho å bake på Lesja bygdemuseum, i eit eldhus frå 1800-talet.

Sommar etter sommar har ho kjevla fram lefse etter lefse på frivillig basis på bygdetunet.

Ho har òg innvigd andre i kunsten. Til dømes daverande Den Høgvørde Kronprinsen.

Og mellom anna venninna og dagens kollega, Aud Stavheim Holseth. Ho er 81 år gamal.

Berre ungkalven, kan du seie.

Dei speler kort saman. Unner seg bitte litt kvitvin no og da.

Og bakar saman.

– No er eg her, åtvarar Marie.

Ho svinsar bak ryggen til Aud med nok ei lefse som skal steikast. Ho passar seg for det ujamne golvet ved takka, ho kan vere skummel.

Dagens deig er laga av mandelpoteter, kveitemjøl og litt salt.

Sjølv meiner Marie at lefsa blir best med asterix-poteter.

Dagen er på hell. Besøksstraumen gir seg ikkje.

– Hei, hugsar du meg, spør den utsende frå lokalavisa Vigga.

Journalisten smiler varmt. Det er tydeleg at ho synest det er stas å sjå 100-åringen i sommar òg.

– I fjor sa du det var siste gongen, held journalisten fram.

– Det har ho sagt dei ti siste åra, skyt Aud inn.

– Får vi sjå deg neste år? spør journalisten.

– Nei. Ja. Eg veit ikkje.

100-åringen ler beskjedent. Seier ho tar ein dag om gongen. Lever livet medan ho lever.

Framleis er ho så glad i å jobbe at ho nærast må tvingast til å ta pause. Så jau då.

Er det liv og krefter i henne, finn du ho nok på bygdetunet neste sommar òg.