En mann med mørkt hår og t skjorte og shorts som løper over målstrek med armene over hodet
Bjørn Agnar Mannsverk vant det lengste løpet over Finnmarksvidda. Totalt deltok 600 store og små i løpet av helga, men på den lengste distansen stilte 27 løparar til start. 11 av dei måtte til slutt kaste inn handkleet og bryte. Foto: Hanne Larsen / NRK

– Det er veldig viktig at dei bryt når dei kjenner at det ikkje går. Det kan rett og slett vere farleg å presse seg utover eigne grenser.

Det seier dagleg leiar for Arctic Alta Ultra, Helene Granshagen.

Ho var ansvarleg då ekstremløpet gjekk av stabelen i Alta i helga. Den tøffaste distansen vart utvida til heile 160 kilometer – eller 100 engelske miles.

Løpet går på vidda og kryssar fire kommunar. Distansen svarar til Oslo – Porsgrunn.

En kvinne med håret strøket bak i hestehale med grønn vest.
Helene Granshagen er dagleg leiar for Arctic Ultra. Foto: Matheo Dolva / NRK

– Handlar om å presse grenser

27 løparar stilte til start. 11 av dei måtte til slutt kasta inn handkleet og bryte. To måtte hentas ned frå vidda.

– Mange veit kanskje ikkje kor langt det er, og nokon har nok fått seg eit sjokk, seier ho.

På spørsmål om kvifor dei utvidar til ein så ekstrem distanse, svarer ho lattermildt:

– Me har jo nokon som er heilt sprø, rett og slett. Alt handlar om å presse eigne grenser, både fysisk og mentalt.

Meir sliten i fjor

Mens mange måtte gi tapt, var det éin som sprang alle dei 160 kilometrane og kom over målstreken med eit smil om munnen.

Bjørn Agnar Mannsverk frå Alta brukte 17 timar, 17 minutt og 54 sekund på distansen.

– Eg trong ikkje ein einaste lang pause undervegs, fortalde 38-åringen, som undervegs livnærte seg på små kaloririke måltid som kjeks og energidrikkar.

I fjor sprang Mannsverk 10 mil. 6 mil kortare enn i år. Den gongen sjangla han nærmast over målstreken.

– Eg var meir sliten før start. Eg hadde jobba med oppussing og hadde ikkje kvilt nok.

Tok seieren på vidda: – Kongen var en stor mann for meg

– Smerte går over

I sommar måtte Frank Løke til sjukehus etter sykkelrittet Offroad Finnmark.

Løke vart undersøkt for rabdomyolyse etter å ha sykla 700 km på Finnmarksvidda.

Utan behandling kan tilstanden føre til akutt nyresvikt.

Tor Oskar Thomassen, idrettsforskar og tidlegare førsteamanuensis i idrett ved Noregs arktiske universitet campus Alta, er ikkje særleg bekymra.

– Du kan finne døme på at ein har drive det så langt. At du kan få både nyreproblem og til og med hjarteproblem, men det er veldig, veldig sjeldan.

Tor Oskar Thomassen
Idrettsforskar Tor Oskar Thomassen meiner det er sjeldan at idrett er farleg for kroppen. Foto: Thomas Bergvoll Alstad / NRK

Han meiner at dei fleste som spring ultraløp opplever smerte som er ubehageleg, men ikkje skadeleg.

– Smerte går over, det er mellombels. Og gevinsten og påskjønninga er så mykje sterkare at ein har lyst til å gjere det igjen. Og kanskje auke distansen.

Bjørn Agnar Mannsverk trur dei lange løpa er mindre skadelege for hjartet enn kortare og meir intense økter.

– Intensiteten på dei lange løpa er ein god del lågare. Men ein må jo heilt klart vere trena for å springa i så mange timar for å unngå skadar, seier Mannsverk.

Familiefaren trenar løping i snitt fire gonger i veka, gjerne til og frå jobb og nokre langturar i helgane. Han har ingen konkrete mål framfor seg.

– Eg har berre meldt meg på ulike løp som eg ønskjer å prøva ut, seier han.

Mange «vanlege» kastar seg på løpsbølgja

Mannsverk er berre ein av svært mange «vanlege» folk som har kasta seg på løpsbølgja.

Ifølgje førsteamanuensis ved Idrettshøgskolen på UiT, Sigurd Beldo, kan dette vere problematisk.

Tidlegare i sommar sa han til NRK:

– Ein må jobbe gradvis og venne kroppen til desse belastningane. Ein må ha god tid til å førebu seg til noko så ekstremt som eit ultraløp.

Den nye folkesporten: Hanna (26) vil løpe 160 kilometer

Ultraløpet Arctic Alta Ultra går gjennom fire kommunar, frå Tverrelvdalen og opp på Finnmarksvidda til Mollisjok og tilbake.

Helene Granhagen understrekar at sikkerheita står i høgsetet. Løparane må bere GPS, varmeduk, skift og ekstern mobilladar. Ein syklist følgjer også løparane i bakkant.

– Me skal vite at dei kan bergast.

– Når nokon ringjer inn og seier dei ikkje maktar meir, tek me ein samtale for å kartleggje årsaka. Er det alvorleg, hentar me dei ut og får dei til legevakta.