15-åring redda poeng for Vålerenga
Vålerenga har vore i hardt vær etter at klubben tidlegare i veka selde kaptein Henrik Bjørdal til Viking på tampen av «Deadline Day». På overtid borte mot Sarpsborg 08 redda 15 år gamle Gabriel Rajkovic poeng for Oslo-laget etter å ha lege under 2–0 i store delar av kampen. – Utruleg deilig kjensle etter å ha jobba hardt for å kome tilbake frå 2–0 der. Eg får ein ekstra god kjensle når ballen går inn i nettet. Vi viser til supporterane våre at vi kan klare kome tilbake, sa Rajkovic til NRK etter kampen. Claus Niyukuri tok heimelaget først opp til 1-0, før innbytar Sondre Sørli på eit frispark frå 17 meter dobla til 2–0 i andre omgang. Minutta seinare reduserte hovudstadslaget først ved Petter Strand før 15-åringen utlikna til 2-2.