– Når stasjonane kan ha bensinpris på 22 kroner og likevel overleve, er det openbert at dei som tek fem kroner meir, tener veldig godt på det, seier stortingsrepresentant Marthe Hammer (SV).
På ein bensinstasjon i Fana i Bergen kosta bensin rett over 22 kroner og diesel rundt 24,6 kroner torsdag ettermiddag.
På Minde, rundt 20 minutt køyring unna, kosta bensin 28,95 og diesel 30,95 seinare same dagen. Fleire andre stader i landet hadde også prisar rundt 30 kroner same dagen.
Hammer meiner dette viser at konkurransen ikkje er god nok.
Ho vil derfor ha tiltak for meir konkurranse mellom bensinstasjonane, heller enn avgiftskutt på bensin og diesel.
– Vi må få bukt med denne jojo-prisinga på drivstoff, seier Hammer.
Konkurransetilsynet er kritiske
Dei fleste bilistar kjenner nok til «jojo-prismønsteret» på bensinstasjonar:
Prisen blir typisk auka ein eller to gonger i veka. I mellomtida går prisen gradvis ned gjennom lokal konkurranse.
Dette mønsteret gjer at bensinstasjonane tener meir pengar enn om det ikkje hadde vore slike faste prisaukar, ifølge Konkurransetilsynet.
– Vi meiner at konkurransen i drivstoffmarknaden kunne ha vore betre, seier drivstoffekspert i Konkurransetilsynet, Stig Torje Bjugn.
I tillegg meiner han at det mellombelse avgiftskuttet kan ha bidrege til høgare marginar for kjedene.
Bilistar kan spare 300 kroner på éi tanking, om dei følger med, ifølge han.
Les også Diesel-krav fra Høyre-grasrota: Ber Svenneby snu
– Viser at konkurransen fungerer
Bransjen sjølv meiner at prisen på 22 kroner viser at konkurransen fungerer.
Konkurransen er ofte så hard at bensinstasjonane til slutt kan gå i null. Då må prisane naturleg nok gå opp att, slik at stasjonane kan få råd til å lønne tilsette og betale rekningar, ifølge fagsjef Einar Gotaas i Drivkraft Noreg.
– Marginen hos bransjen er ikkje spesielt høg i gjennomsnitt. Den er høg når prisen er høg, men da sel dei mindre drivstoff. Og så er marginen låg når prisen er låg, men da sel dei meir drivstoff.
Hadde det ikkje vore reell konkurranse, ville ikkje prisen gått noko særleg opp eller ned, men halde seg jamt høg, ifølge organisasjonen.
Vil ha offentleg prisportal
Likevel ønsker SV å skrote debatten om avgiftskutt, og heller jobbe for tre tiltak:
- Berre tillate éin prisauke i døgnet. Nedgang i pris kan skje heile tida.
- Opprette offentleg prisportal der alle kjeder må melde inn pumpeprisar, slik at alle kan sjå alle prisar.
- Regulere kor mykje profitt kjedene kan ta, med sanksjonar om prisane blir vurdert som urimelege.
– Med prisar på 22 kroner for bensin, viser ikkje det at konkurransen faktisk fungerer?
– Jo, men vi veit jo at det er unntaket heller enn regelen i Noreg no. Derfor må vi vere villige til å regulere, seier Marthe Hammer.