Merete Stamneshagen bur på Askøy og mista dottera si 22. juli. I dag fekk ho beskjed om at minnesmerket er tilgrisa. Det er lokalavisa Askøy24 som melder om ugjerninga.
To ungdomar frå Askøy miste livet på Utøya 22. juli: Kevin Daae Berland (15) og Silje Stamneshagen (18).
– Hærverket er vondt å tenke på. Mi dotter ville alle vel. Ho reiste på sommarleir for å ha det gøy og vere engasjert. Ho såg andre menneske, og dei som ikkje hadde det så bra.
Stamneshagen kjenner på ein smertefull tanke etter hærverket:
– Er det nokon der ute som meiner ho fortente å døy? Dette gjer vondt som mor.
Stamneshagen fekk vite om vandaliseringa i dag etter å ha blitt ringt opp av ein partikollega, ho har fått sjå bilete av hærverket, men har ikkje sjølv orka å reise ned for å sjå.
– Eg spør meg kva som skjer med samfunnet vårt no, skal vi tilbake til nazismen? Er det dette som ungdomane vil? Vi lever og har det så godt, men det politiske klimaet er blitt heilt riv ruskande gale.
Har skjedd før
Dette er ikkje fyrste gang det blir gjort hærverk på viktige minnesmerke i tilknyting til terroren 22. juli.
20. juli 2021 vart minnesmerket etter Benjamin Hermanssen tagga med ei støtteerklæring til Anders Behring Breivik. Hermanssen vart drepen i eit rasistisk motivert drap i 2001.
Natt til 22. juli 2019 i Tønsberg vart minnesmerket etter 22. juli tagga med eit hakekors.
Kommunen politimelder
Ordførar i Askøy Yngve Fosse vart lei seg då han fekk høyre om hærverket.
– Eg er frykteleg frustrert og sint, det er utruleg at nokon kan falle så lågt, seier ordførar i Askøy, Yngve Fosse (H).
Kommunen seier dei kjem til å politimelde saka.
– Dette er frykteleg og det er ikkje kor som helst dette blir gjort, vi i Askøy mista to ungdomar på Utøya. Dette kjennest ekstra sterkt, seier Fosse.
Ordføraren har vore i kontakt med teknisk etat for å få sett på skadeverket, og for å prøve å fjerne spraymålinga så fort som mogleg.
Håpar politiet tar saka på alvor
Merete Stamneshagen ynskjer at publikum som har sett noko bidreg til å finne ut kven det er som har gjort hærverket.
– Eg håpar at politiet tar saka på alvor, og at saka ikkje endar i ei skuff, seier Stamneshagen.