et bilde av tommy kristiansen og josefine engmann
TILBAKE: 37 år gamle Tommy Kristiansen la opp som hockeyspelar i 2024. Nå er han tilbake for å få Sparta tilbake til toppen. Hockeyekspert Engmann meiner det er mogleg. Foto: Terje Pedersen / NTB /Hans Solbakken / NTB/NRK

– Eg trudde dette var eit kapittel som var over, men nå er vi her og skal verkeleg blø for drakta for å få Sparta opp igjen, seier Tommy Kristiansen.

På mange måtar er 37-åringen ein legende i norsk ishockey.

Ein blir det med premieskapet fullt av NM-gull frå tida i både Sparta Sarpsborg og Stavanger Oilers.

To og eit halvt år etter at han la kølle og skeiser på hylla har han nå gjort comeback. I andre divisjon.

Konkurs

For i starten av september sprakk nyheita om at Sparta Sarpsborg hadde gjeld opp etter øyra, og at krava frå både Skatteetaten, bankar, sponsorar, privatpersonar og alle slags kreditorar hadde hopa seg opp.

Men i same augneblink starta jobben med å finne ut korleis ein kunne passe på at hockeyen heldt fram i hockeybyen Sarpsborg.

Løysinga vart å få ei rask godkjenning frå ishockeyforbundet for eit lag på tredje nivå: andre divisjon. Men så kom spørsmålet: kven skal spele på laget?

– Heilt sinnssjukt

Det vart reine luksusproblemet for den gamle storheita i norsk ishockey.

Ishockeylag samlet på isen med trener som gir instruksjoner under en treningsøkt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FULLT: Sparta har venteliste for å vere med på trening. Maksimalt antal på trening er 30. Det fyllest kjapt opp. Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

For nærare 50 personar har meldt seg og vil spele gratis for klubben komande sesong i andre divisjon.

Ifølgje NRKs oppteljing på hockeynettstaden Eliteprospects gjer minst 23 tidlegare hockeyspelarar comeback for å spele for klubben.

Blant dei finn vi nemnde Tommy Kristiansen (37), men også tidlegare NHL-proff og noverande trenar Jonas Holøs (39), tidlegare landslagsspelar og Oilers-legende Kristian Forsberg (40) og Niklas Roest (40) for å nemne nokre.

– Det er jo venteliste for å få lov til å vere med og trene, og det er mange spelarar her som har spelt på toppnivå. Alle har meldt seg til teneste. Det er jo heilt sinnssjukt eigentleg, seier Kristiansen.

Niklas Roest, som har spelt 18 sesongar i Sparta Sarpsborg, stemmer i.

– Det er ei mobilisering. Det har vore ei spesiell tid for Sparta og for Sarpsborg. Dette er det beste vi kan gjere ut av dei føresetnadene som er nå. Det er fantastisk med denne mobiliseringa frå mange gamle hockeykrigarar. Vi skal gjere det beste ut av dei føresetnadene vi har, seier Roest som var med å vinne NM-gull med Sparta i 2011.

TV 2s hockeyekspert Josefine Engmann trur det er bra at troppen er stor når den i tillegg er så aldrande.

– Det blir nok nokon som får ein lyskestrekk, seier Engmann med eit glimt i auget.

Ikkje berre gamle heltar

Av dei nærmare 50 spelarane som har meldt seg er det ikkje berre gamle heltar.

Ishockeyspiller i garderobe med utstyr i bakgrunnen. En annen spiller sitter på en benk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
MED NED: Max Ponomarenko er med ned frå EHL til 2. divisjon for å spele Sparta opp igjen. Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Max Ponomarenko var sentral på laget til «gamle» Sparta, og blir med laget ned i andre divisjon.

– Eg har prata med fleire lag, men nå har eg busett meg i Sarpsborg. Det er ikkje berre å pakke kofferten og flytte til ein annan stad i Noreg. Det er best for familien å bli her og ha det kult med hockey, seier 29-åringen som ved sidan av hockeysatsinga driv eit vellykka konsulentfirma.

Hockeyekspert i TV 2 Josefine Engmann er heilt klinkande klar på at ho trur Sparta Sarpsborg rykkjer rett opp i 1. divisjon med det laget dei nå har.

– Eg ser veldig positivt på Spartas lag i andre divisjon. Dei har ein tropp som kunne spelt i første divisjon, meiner eg. I andre divisjon bør dei kunne klare å levere solid, seier Engmann.

Ho meiner at gjennomsnittsalderen ikkje er eit stort problem.

– Det har ikkje så mykje å seie. Heller høg gjennomsnittsalder enn for ung i andre divisjon. Det er også lag i Elitehockeyligaen med relativt høg alder i troppen, seier Engmann.

Ho har likevel eit råd på lur til dei aldrande heltane.

– Nokre av dei har kanskje ein liten prosess med å få i gang maskineriet att. Dei må vere nøye med å varme opp, og dei kan berre takke seg sjølv om det går dårleg, seier Engmann med eit smil og siktar til at ein del av dei nok ikkje har topptrente kroppar lengre.

Fyrste kamp for Sparta Sarpsborg er laurdag 3. oktober mot TIF Viking.