Meir enn kvar tiande direktør i Sjukehus-Noreg fekk i fjor dekka utgifter til pendling.
Det viser ei oversikt NRK har henta inn, om pendlarbustadar og pendlarreiser i 2025 og 2026.
Til saman er det rundt 250 direktørar i dei totalt 37 regionale, lokale og felleseigde helseføretaka (forkorta HF), ifølge nettsidene deira.
16 helseføretak dekka i fjor pendlarutgiftene for totalt 26 direktørar.
Millionløn og gratis pendling
Totalt betalte det offentlege over 4,3 millionar kroner for direktørpendlinga:
- Ti direktørar i Helse Nord: Minst 2.472.000 kroner
- Åtte direktørar i Helse Midt-Norge: Minst 768.000 kroner
- Fire direktørar i Helse Sør-Øst: Minst 602.000 kroner
- Fire direktørar i Helse Vest: 445.000 kroner
Dei fleste har over 1,5 millionar kroner i løn, mange over 2 millionar.
Pendlaravtalene spriker
Nokon pendlar lenger enn andre. Og nokon har betre vilkår enn andre.
- Voss–Ålesund: pendlarbustad med plass til familien.
- Oslo–Tønsberg: både firmabil og pendlarbustad.
- Bergen–Hammerfest: jobben betaler fly også for ektefellen.
- Trondheim–Levanger: direktøren overnattar gjerne på kontoret.
Flest pendlarar er det i eller til Nord-Noreg.
Men fjorårets dyraste pendlar var «ein søring i sør»: administrerande direktør Øyvind Bakke ved Sykehuset i Vestfold:
- Firmabil: 217.000
- Pendlarbustad: 156.000
Bakke vil ikkje intervjuast av NRK. Han viser til styreleiar for sjukehuset, Per Christian Voss.
Voss vil ikkje kommentera at Bakke i fjor hadde den dyraste avtalen blant alle pendlande direktørar i helseføretaka, eller at ingen andre har firmabil.
Han avviser at det er vanskeleg å rekruttera toppleiarar til Sjukehuset i Vestfold.
– Det er ein del av den totale godtgjerslepakka. Sjukehusdirektørjobben medfører reising i litt ulike retningar. Då er firmabil praktisk.
– Mellom Oslo og Tønsberg går toget minst like kjapt?
– Ja, men ein firmabil gir meir fleksibilitet. Han ønskte det, og me innvilga det.
Sykehuset i Vestfold opplyser at pendlarbustaden er sagt opp frå mai 2026.
– Det var ei lita hybelleilegheit, på rundt 40 kvadratmeter, med stove og soverom, seier Voss.
Bakke får no heller dekka enkeltovernattingar på hotell i Tønsberg, men beheld firmabilen.
– Han ønsker heller å overnatta på eit gjestehus på ekstra lange arbeidsdagar. Det ligg på andre sida av gata for sjukehuset, og har ein svært moderat døgnpris.
Overnatting på kontorsofaen
Administrerande direktør Annamaria Forsmark i Helse Nord-Trøndelag er ingen kravstor pendlar.
Ho har berre tre minutt kortare køyretid enn Bakke i Vestfold.
Helseføretaket dekker ingenting av pendlinga frå Trondheim til Sykehuset Levanger.
«På vanlig måte fører hun i sin skattemelding personlige kostnader knyttet til pendling», skriv dei.
Kommunikasjonsdirektør Svein H. Karlsen fortel at ho enkelte veker har overnatta to-tre netter på kontoret.
– Ho er ei iherdig dame frå Ungarn som syns det er praktisk med sovesofa på kontoret.
Då NRK kontaktar henne, seier Forsmark at ho ikkje ser på seg sjølv som ein pendlar, fordi det tar knapt halvannan time (éin veg) med bil eller tog.
Dessutan understrekar Forsmark at hundrevis andre tilsette i Helse Nord-Trøndelag jobbar utanfor heimkommunen.
Flyttar ikkje til Bergen
NRK har i ei rekke saker omtalt lønsnivået og ekstragode til toppleiarane i helseføretaka. I haust vart det særleg fokus på «søringar» som pendlar til høgt løna toppstillingar i nord.
Då Helse Bergen denne våren tilsette ny administrerande direktør for Haukeland universitetssjukehus, vart det på ny «fyr i teltet».
For no får også landets nest største by ein pendlande toppsjef frå Oslo.
Marit Lieng – opphavleg nordlending – får 2,5 millionar kroner i løn, pluss dekka pendlarbustad og årskort på fly.
Leiaren i helsekomitéen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), var blant dei som reagerte.
Ti direktørar i Helse Nord
Helseregion Nord har til saman ti pendlande direktørar.
Totalt fekk dei dekka minst 2,47 millionar kroner i 2025.
Administrerande direktør Marit Lind i Helse Nord RHF (regionalt helseføretak) pendlar frå Tromsø til Bodø.
- Pendlinga hennar kosta 346.000 kroner i fjor: 273.000 for pendlarbustad og 73.000 for pendlarreiser.
- I tillegg dekker Helse Nord straum og reingjering.
Pendlarleilegheita hennar har fem rom.
Lind har årskort på flyreiser for teneste- og pendlarreiser.
Også fire av stab-direktørane hennar får dekka pendling til Bodø. To av dei har pendlarbustad.
I tillegg er det fem pendlande sjukehusdirektørar i helseregion Nord.
To av dei var i fjor dyrare pendlarar enn Lind. Den eine får også dekka flyreiser for ektefellen.
Fire direktørar i Helse Vest
Før Marit Lieng startar som administrerande direktør 1. august, har Helse Bergen ingen som får dekka pendlarutgifter. Men det har andre delar av helseregion Vest. Pendling kosta 445.000 kroner.
Åtte direktørar i Helse Midt-Norge
Pendlinga helsregion Midt-Norge kosta totalt minst 768.000 kroner.
Helse Møre og Romsdal har fem pendlande direktørar som får dekka reiser. To får i tillegg dekka pendlarbustad.
Administrerande direktør for regionadministrasjonen, Jan Frich, pendlar frå Oslo til hovudkontoret i Stjørdal. Der har han kjøpt eigen bustad som han finansierer sjølv.
Men han har årskort på fly i Sør-Noreg, som også dekker pendlarreisene.
Hemit HF opplyser at administrerande direktør Trond Utne disponerer ein parkeringsplass ved hovudkontoret i Trondheim, verd 23.000 kroner i 2025.
Sende ikkje inn krav
Helse Nord-Trøndelag har ein annan ganske «smålåten» direktør i tillegg til Forsmark på sovesofaen.
Fagdirektør Hanne M. Frøshov bur opphavleg i Harstad, og har kjøpt si eiga hybelleilegheit på Levanger.
Ho har avtale om å få dekka pendlarkostnadar inntil 200.000 kroner i året, men i fjor bad ho berre om å få refundert 29.000, og ingenting hittil i år.
Fire direktørar i Helse Sør-Øst
Den største og mest sentrale helseregionen brukte i fjor minst 602.000 kroner på pendling.
I tillegg til Bakke med firmabil for pendling Oslo–Tønsberg, hadde helseregion Sør-Øst fire pendlarar i fjor.
Sørlandet sykehus brukte inntil 252.000 kroner på sine tre pendlarar, men opplyser at dei avslutta pendlaravtalane i april i år.
«Hyggelig gangvei» i Oslo
21 av landets 37 helseføretak har ingen pendlande direktørar (sjå faktaboks).
«Svaret er null», svarar for eksempel Helse Sør-Øst kjekt.
«Ingen. Enkelt og greit, men selvsagt enklere problematikk for et Oslo-sykehus enn andre foretak i et langtstrakt land», skriv Oslo Universitetssykehus diplomatisk.
NRK rettar: I ein tidlegare versjon var Ola Jøsendal kalt viseadministrerande direktør i Helse Nord RHF, og det stod at han pendlar mellom Alver og Bodø. Jøsendal gjekk bort i februar 2026. Endringa er gjort 4.6.26 klokka 08.46.
Eigardirektør Hilde Rolandsen i det same føretaket pendlar frå Fauske til Bodø, ikkje frå Kabelvåg som NRK skreiv først. Endringa er gjort 5.6.26 klokka 11.54.