Det var tidleg onsdag morgon at den 70 år gamle franske seglbåten «Rara Avis» segla inn i eit oppdrettsanlegg sør i Irland.
Det er det bergenske selskapet Mowi som eig anlegget.
Først trefte båten flytekragen rundt ein av merdane, deretter heldt han fram inn i ein annan merd.
Der vart det 30 meter lange fartøyet liggjande.
Kyst.no skreiv om saka først.
Fleire franskmenn om bord
Mowi er eit av verdas største oppdrettsselskap og har hovudkontor i Bergen.
Årsaka til krasjen skal ha vore ein navigasjonsfeil.
Det var 25 personar om bord i seglbåten då uhellet skjedde. Alle kom seg trygt ut av båten og vart mellombels frakta til Clare Island medan situasjonen vart handtert av lokale styresmakter og Mowi.
Samtidig starta arbeidet med å få det store seglfartøyet ut av oppdrettsanlegget.
– Takka vera rask innsats frå dei tilsette på anlegget med god hjelp frå lokal redningsteneste kom alle passasjerane seg trygt på land, fortel kommunikasjonsdirektør i Mowi, Ola Helge Hjetland, til NRK.
Han seier hendinga kunne ha blitt langt meir dramatisk enn det som faktisk vart konsekvensane.
– Me fekk taua båten ut av merden utan nokon større skade etterpå, verken på båt eller merd.
100.000 fisk måtte flyttast
Det var ikkje berre ein stor seglbåt som måtte handterast.
I merdane som vart råka, stod det rundt 100.000 postsmolt, ung laks som var klar for vidare vekst i sjøen.
For å sikra fisken måtte dei evakuerast: Dei vart dei lasta over i brønnbåten «Inter Atlantic».
Fartøyet har ein kapasitet på 2200 kubikkmeter og vart henta inn frå eit av Mowi sine anlegg sør i Irland for å hjelpa til med operasjonen.
Etter at seglbåten var ute av anlegget, vart det sett inn dykkarar for å undersøkja merdane grundig.
Undersøkingane viste at det ikkje var hol eller andre skadar som hadde ført til rømming.
Ben Hadfield, driftsdirektør for Mowi si oppdrettsverksemd i Skottland, Irland og på Færøyane, rosar innsatsen til dei som handterte hendinga.
– Eg var nøgd med innsatsen frå naudetatane og svært imponert over handteringa til Mowi Irland-teamet, seier Hadfield til Kyst.no
Skal undersøkja anlegget grundig
Sjølv om det ikkje er funne større skadar, skal Mowi gå grundig gjennom anlegget i etterkant.
– Slik det ser ut no, er det verken materielle skadar eller andre skadar etter hendinga. Me undersøkjer sjølvsagt både not, ring og anna materiell meir grundig framover, seier Hjetland.
Den vidare oppfølginga blir no handtert lokalt i Irland.
– Det ser ut som dette har gått veldig bra, avsluttar Hjetland.