Den siste veka har ein video av «Barisbrevik» vekt sterke reaksjonar.
I videoen meiner influensar Sebastian Brevik at det er større sjanse for feil og manglar, rar lukt og kommunikasjonsproblem om ein kjøper bruktbil av ein «utlending».
Han kallar også nordmenn for «meir ærlege» og seier at dei gjer «mindre gale».
Utsegna kjem i etterkant av at TV 2 laga ein video om såkalla kvardagsrasisme.
– Eg blir nok aller mest fortvila over at så mange menneske støtter utsegna hans, seier samfunnsdebattant Kaveh Rashidi til NRK.
Han er ein av fleire profilar som no retter kritikk etter videoen.
Tusenvis gir det tommel opp
– Eg synest det er mindre interessant å diskutere om éin fyr er rasist eller ikkje. Det interessante er at tusenvis kjenner seg igjen i bodskapet og gir det tommel opp, seier Rashidi.
I eit innlegg på Instagram oppfordrar han til å «drite i Brevik som person», og heller fokusere på dei 15 tusen som har likt videoen.
– Eg er redd for at tanken om at «utlendingar» er mindre ærlege eller pålitelege framleis finst hos ganske mange, men at dei ikkje tør å seie det høgt, seier han.
Samfunnsdebattanten deler ein oppleving han hugsar godt frå barndommen, i innlegget.
Rashidi skulle på butikken å kjøpe godteri og brus, men på veg ut blei han stoppa av ein tilsett som spurte om han hadde betalt for varene.
– Slike situasjonar vekker først og fremst ei kjensle av utanforskap, særleg fordi ein som barn ikkje heilt skjønnar kvifor ein blir sett på med mistanke, seier han.
30 år seinare er han skuffa over at desse haldningane framleis finst.
– Det er trist, eigentleg. Ein tenker så klart på eigne barn, og om deira mørke trekk vil vere noko dei blir dømt for i framtida. Det håper eg ikkje, held trebarnsfaren fram.
Barisbrevik beklagar
Videoen til Brevik er no sletta, men i ein seinare video beklagar Brevik for utsegna sine, i etterkant av at VG omtalte saka.
– Eg kjenner meg utruleg misforstått og det har aldri vore min intensjon å spreie noko hat, eller å skape splid, seier Brevik i den nyaste videoen.
Fredag formiddag skreiv han dette i ein SMS til VG:
– Eg ville få fram at det er tullete å kalle det kvardagsrasisme å ha preferansar for kven ein kjøper bil av, ettersom alle menneske har preferansar for absolutt alt. Men det burde blitt forklart på ein betre måte, ja,
NRK har kontakta Brevik for ein kommentar, men han har ikkje svart.
Rashidi er den siste i ei rekke profilar som har retta krass kritikk mot Brevik.
– Det er skremmande og veldig trist at den typen haldningar finst blant unge forbilde i dag, har Siri Avlesen-Østli sagt til VG.
Også profilane Ida Fladen og Sophie Elise har tatt til orde.
– Kva for reaksjonar har du fått på innlegget ditt?
– Mykje støtte, men også ein del som meiner eg overtolkar eigne opplevingar eller at dette ikkje handlar om rasisme. Det er jo på ein måte også ein del av debatten, svarer Rashidi.
Men midt oppi all kritikken er det éin ting som er viktig for samfunnsdebattanten.
– Vi må slutte å bruke «utlending» som ein snarveg til å seie noko om karakteren til eit menneske. Folk må vurderast ut frå kva dei faktisk gjer, ikkje kva for gruppe vi plasserer dei i.