Hans Marius gjorde inntrykk på mange TV-sjåarar i første sesong av NRK-serien «Leo og de farlige», ikkje minst for openheita si.
Den unge mannen frå Jessheim var dømd til 15 års forvaringsstraff, med minstetid på ti år, for overlagde drapsforsøk på far, stemor og stesøster, og planar om å ta livet av venner.
1. mars i fjor blei han prøvelauslaten. Han hadde då sete inne ein tredel av livet.
Lista med vaksenerfaringar han hadde gått glipp av, var lang. Sette på klesvask, kjøpe mjølk og brød, køyre bil, nærleik og intimitet med ein kjærast.
Det gode A4-livet
Fontenehuset har vore ein viktig stad for Hans Marius den siste tida av soninga og rett etterpå. Her fann han fellesskap med andre som hadde falle utanfor.
Det luktar kaffi i lokala. Dagleg leiar ved Fontenehuset Ullensaker stikk hovudet inn og spør korleis det går med A4-livet. Hans Marius ler og svarer at det går bra. A4 var det han drøymde om på cella.
Mens han enno sona, fekk han brev frå ei ung kvinne som hadde sett han i TV-serien og tok kontakt. Han skreiv tilbake og dei møttest når han hadde permisjon. Då han blei prøvelauslaten, stod ho ved porten og venta og dei fortsette forholdet.
– Eg likte henne kjempegodt, men etter eit år tok det slutt.
Sidan prøvde han ein datingapp eit par månader, men syntest metoden var upersonleg og kravde mykje administrasjon, så han gadd ikkje meir. Satsar no heller på å bli kjend med jenter han møter ansikt til ansikt.
– Er du open om bakgrunnen din i dating-verda? – Ja. Eg skreiv i profilen på appen at eg hadde sona og vore med i Leo og dei farlege.
Etter ei stund fjerna eg det. Eg ønsker ikkje å fronte bodskapen, men pleier å fortelje om bakgrunnen min dersom det er ei jente eg liker og har lyst til å møte igjen.
Lagerjobb
Jobb er den viktigaste bestanddelen i A4-livet hans, seier han. Han arbeider på eit lager og trivst med oppgåvene og kollegaene. Før han fekk stillinga, opplevde han to gonger at jobbtilbod blei trekt tilbake fordi tilsette i verksemda kjente igjen han frå TV-serien og var engstelege.
I det tredje forsøket bad Hans Marius sjefen informere dei tilsette ordentleg om bakgrunnen hans, så ikkje det var noko dei «oppdaga». Dette blei gjort og alt har gått greitt.
Etter eit halvt år i praksis, fekk han fast jobb.
– Berre éin gong i lunsjen har kollegaene stilt spørsmål om soninga, seier han.
– Eg synest det er rart at det ikkje er meir. Sjølv har eg ingen problem med å snakke om det.
Soning og sakn
Etter at han blei prøvelauslaten, tar han ikkje lenger innsovningspille om kvelden, noko han trong i fengselet dei siste åra. Han kjenner seg trygg og på ein god stad.
– Er det noko du saknar frå fengsla? – Eg kan sakne kampen. Det var mange kodar å knekke, mykje å venne seg til, ikkje minst det å bu tett med mange ulike folk. Samtidig var det også ein kamp for å forstå det eg sjølv hadde gjort og var dømt for. Dei siste åra handla kampen mest om progresjon, permisjonar og overføring til soning med lågare sikkerheit.
Også dei strenge rammene til fengselet kan han innimellom sakne. For eksempel var det ikkje eit alternativ å gå på byen og drikke alkohol. Og han slapp å vere usikker på kva jente på datingappen han skulle velje å gå vidare med.
Det var heller ingen smarttelefon som distraherte og drog hovudet hans hit og dit. Samtidig hadde han nokre val. Han kunne for eksempel trene, meditere, lese eller sjå film. For mange valmoglegheiter kan vere utmattande, seier han.
– Kva var det verste med å sone? – Einsemd. Sakn. Lengt. Avmakt.
– Var det skummelt å sleppe ut? – Eg brukte dei siste åra på å gjere overgangen mindre skummel. Hadde mange folk på ringelista. Hadde kjærast og familie som stilte opp då eg gjekk ut porten. Visst var det mykje på utsida eg måtte lære meg. Og det første halvåret hadde eg ikkje jobb og det var økonomisk usikkerheit. Men skummelt synest eg ikkje det har vore.
Hakkene i hovudet
Ein gong i veka møter han hos Friomsorgen til samtale. Det er eitt av vilkåra i prøvelauslatinga. Friomsorga dukkar også uventa opp på døra hans innimellom. Inntil han søker full lauslating og domstolen er einig, følger Friomsorgen med på han.
– Kva tenker du om drapsforsøka i dag? – Eg blir av og til konfrontert med det. Særleg når eg ser arra og hakka i pappas hovud og merkar at han blir sliten mens vi held på med noko, som er ei følge av skadane eg påførte han.
– Sjølv om eg ikkje lenger identifiserer meg med personen som gjorde dette, så kviler det eit ansvar på skuldrene mine, og det er vondt. Dessverre får eg ikkje gjort om på vala eg tok som 19-åring, men eg kan prøve å ta gode val vidare.
Han rosar familien for all støtta og beundrar faren, som trass spora etter hammarslaga stadig stiller opp. Dei går tur saman, snikrar, reparerer ting, besøker museum, køyrer til Tønsberg og treffer veslebror.
Faren til Hans Marius, Arild Hansen, er glad for at sonen har funne seg til rette etter lauslatinga.
– Eg er veldig glad for at han har fått eit nytt liv. Han har blitt mykje meir energisk; han vil gjere ting og få til ting. Han har mange draumar han vil realisere, fortel han.
Ifølge faren har kontakten mellom dei blitt tettare etter lauslatinga.
– Vi har alltid hatt eit godt forhold, og det har vi framleis. Det som har skjedd har skjedd, men måten vi har det saman på no er heilt topp.
Hans Marius supplerer:
– Pappa er ikkje redd meg, men magekjensla seier meg at andre kanskje har traume enno. Ei side av meg har lyst til å hoppe i det og prøve å fikse desse relasjonane, men det er ikkje sikkert dei det gjeld har behov for det, og eg ønsker ikkje å presse meg på.
– Kan du gjere noko farleg igjen? – Nei. Sjølv om eg av og til tenker at eg er ikkje så veldig ulik frå han som blei låst inne i elleve år for å bli rehabilitert, er svaret mitt nei.
Vil betale gjelda
Kor livet hans er om ti år, aner han ikkje. Det han veit, er at han ønsker å fokusere på jobb og kvardag og betaling av gjeld. Inkludert renter skylder han 750 000 kroner i valdsoffererstatning.
– Har du fått venner etter lauslatinga? – Nye venner er ikkje så lett å få, men eg har ein god kompis som har tatt meg under vengene. Han drar meg med på ting og sosialiser meg. Han er ti år eldre og nesten som ein storebror. Eg har dessutan kontakt med folk eg sona med.
– Kva får du ut av å henge med tidlegare innsette? – Forståing. Vi har delt mange opplevingar og har hatt den same fienden.
– Kven var fienden? – Tidsubestemt straff, som forvaring er, gir ei kraftig kjensle av avmakt. Og kriminalomsorga er fienden i det universet.
– Ein meiner sjølv ein gjer alt ein kan for å vise at ein er eit bra menneske, utan å få nemneverdig igjen for det. Då er det lett å bli såra, skuffa og kanskje litt sint. Og kven er det då ein har? Jo, kvarandre. Ein prøver å dra kvarandre opp og står i det saman. Berre folk som sjølv har sona, forstår dette fullt ut.
Etter prøvelauslatinga har han vore tilbake ved Ila fengsel berre éin gong. Stakk då innom gartneriet, der han trefte fleire av gutane. Dei klemte kvarandre, prata, lo og tøysa. Det var veldig hyggeleg, men å gå ut porten igjen var vondt. Det å vite at dei andre skulle låsast inne på cella, mens han sjølv nærma seg busstoppet.