– Det er veldig stas, for eg føler liksom at Eurovision er ein del av familien min.
Laurdag kveld skal «Bettan» dela ut Noregs tolv poeng.
Det skjer 30 år etter ho gjekk inn til ein solid 2. plass i ESC-finalen frå Oslo Spektrum i 1996.
– I og med at det er 30-årsjubileum for «I evighet», så synest eg liksom det er litt ekstra stas.
Andreassen var òg poengutdelar for 10 år sidan då finalen blei arrangert i Stockholm.
NRK treffer «Bettan» i det ho prøver kva kjole ho skal ha på seg under laurdagens «opptreden».
– Blir det rosa paljettar?
– Fargen blir ei overrasking, smiler ho.
Stor tru på det norske håpet
Kven som får tolv poeng frå den norske juryen må me tolmodig venta til laurdag før me får veta.
«Bettan» er godt fornøgd med årets norske bidrag.
– Eg trur han kjem til å gjera det veldig bra. For ein artist, for ei utstråling og for ei levering på scena. Det er veldig gøy med det norske bidraget.
Ho har tru på nordisk siger.
– Heile Norden er jo fantastisk i år. Noreg er bra, og Sverige er veldig bra. Men så har me jo Danmark og Finland. Det blir ein sånn nordisk kamp i år, som eg synest er veldig spennande.
– Eg trur det er første gong me har hatt heile gjengen med så sterke låter.
Endringar i juryordninga
Juryen står for tilnærma 50 prosent av det endelege resultatet.
Nytt av året er at juryen har 7 medlemmar, mot 5 i tidlegare år.
I tillegg er det eit krav at minst 2 av jurymedlemmane skal vera mellom 18 og 25 år.
Dette kjem i tillegg til at juryen sine poeng frå i år av er teljande for resultatet i semifinalane igjen.
Alle desse endringane blei vedtekne av EBU i desember, som eit svar på fleire av dei deltakande kringkastarane si aukande bekymring for integriteten til stemmesystemet.