Søndag går Erling Braut Haaland laus på sin fjerde sesong som Manchester City-spelar, når dei lyseblå serieopnar heime mot Bournemouth klokka 15.00.
Nordmannen har for lengst etablert seg som ein av dei fremste spissane i verda. Men før ein ny sesong blir sparka i gang, meiner tidlegare Manchester United-spiss Javier «Chicharito» Hernández at Haaland framleis har noko å gå på.
Det får NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp til å reagere.
– Eg synest det er ganske sjukt å meine, seier han til NRK.
I eit intervju med tidlegare lagkamerat Rio Ferdinand, publisert på Ferdinands YouTube-kanal, peikar Chicharito på éin detalj han meiner kan løfte Manchester City-stjerna til eit enda høgare nivå.
– Han har framleis ikkje perfekte bevegelsar, seier Chicharito.
– Finne ein feil
Meksikanaren understrekar samtidig at Haaland allereie er blant dei beste i verda på bevegelsar utan ball.
– Eg synest framleis han er ein av dei beste. Tenk om du legg til «double movements», seier han.
Med «double movements» siktar Chicharito til fleire bevegelsar og retningsforandringar for å lure forsvarsspelaren før det avgjerande løpet.
Torp kjøper ikkje premissen.
– Du kan jo seie til alle spelarar at dei kunne gjort litt meir sånn eller litt meir sånn. Men faktum er at Haaland er den villaste målskåraren fotballverda har sett i moderne fotball, seier Torp.
– Som rein målskårar er det ingen som leverer dei tala han leverer. Så eg synest det blir litt sånn «finne ein feil»-inngang.
Ifølge Torp er det nettopp måten Haaland bevegar seg på som gjer han så vanskeleg å handtere.
– Det er jo det som er det utrulege med Haaland. Han luntar, han ser uinteressert ut, og så er det den eksplosiviteten, den vesle bevegelse, som gjer at han får det rommet.
Meiner fysikken speler inn
Chicharito meiner Haalands ekstreme fysiske føresetnader kan vere ein del av forklaringa.
– Raske og sterke spelarar er normalt ikkje dei intelligente spelarane, fordi dei ikkje treng å vere det. Når du sluttar å vere sterk eller rask, begynner du å tenke på korleis du kan skaffe deg fordeler, seier han.
Chicharito trekker fram seg sjølv som eksempel. Han meiner han aldri var den mest tekniske eller fysisk overlegne spelaren, men måtte bruke bevegelsane og fotballforståinga for å komme seg til dei rette posisjonane.
Torp er einig i at Haalands fysikk gir han andre føresetnader, men meiner det er ein av dei største styrkane til nordmannen.
– Han kan prioritere meir kva rom han skal vere i enn at han må springe seg heilt fri. Han kan prioritere mykje meir kor ballen landar, i staden for kor han er borte frå motstandaren. Det er jo ein kjempestyrke.
Han meiner forskjellen mellom dei to spisstypane er vesentleg.
– Chicharito, som var ein liten spelar, måtte komme i fart og inn i eit rom. Haaland er jo god på det òg. Det er sprøtt å meine at han ikkje er god til å komme seg fri frå dei som prøver å passe han opp.
Og Haaland får neppe mykje gratis.
– Det har vel aldri vore ein spiss som motstandaren har meir fokus på å ta ut enn Haaland. Det gjer jo alt dette enda meir imponerande. Han er ikkje ein ukjent spelar som dei gløymer å følge, seier Torp.
– Her stoler eg på Haaland
Chicharito meiner fleire «double movements» kan gjere nordmannen enda vanskelegare å forsvare seg mot.
– Han er fantastisk nå, men det er framleis rom. Eg trur han kan bli fenomenal, seier han.
Torp meiner Haaland har hatt viktigare utviklingsområde dei siste åra.
– For han har det vore viktigare dei seinaste tre–fire åra å bli eit betre oppspelpunkt, ein tryggare ballpiller med beina og kunne spele frie andre. Der synest eg han har tatt enorme steg.
Han meiner også Haaland har utvikla repertoaret framfor mål.
– Han har blitt meir komplett som målskårar, i form av avslutningsteknikkar. Kanskje skårar han meir med begge bein og enda meir med hovudet.
Derimot ser Torp liten grunn til å begynne å terpe på Chicharitos «double movements».
– Eg trur det handlar om instinkt for han. Det er så ulike situasjonar som krev ulike inngangar for å komme i det rommet han må vere i. Det berre ligg naturleg i han.
– Om han skal begynne å få innspel frå folk om «gjer sånn eller sånn», trur eg han kan bli meir forvirra enn noko anna. Her stoler eg på Haaland.