glad mann med flagg på stadion
SENSASJON: Kapp Verdes keeper «Vozinha» fekk på kort tid ein stor følgjarbase då han leverte ein formidabel prestasjon mot Spania tidlegare i veka. Foto: AP

Før eit VM er det ofte dei store namna vi ventar på. Stjernene. Dei som skal avgjere kampane og skape overskriftene.

Men kvart meisterskap har også «dei andre».

Spelarane du knapt har høyrt om. Dei det ikkje er knytt dei store forventningane til.

Så kan alt bli snudd på hovudet. Ein prestasjon som kan endre alt.

– Det er sprøtt. Det er galskap

I årets VM så er det nokon som allereie har fått kjenne på akkurat dette: Josimar «Vozinha» Dias.

Merksemda kom raskt etter å ha levert ein formidabel prestasjon då Kapp Verde spelte uavgjort 0–0 mot storfavorittane Spania.

Frå rundt 50.000 følgjarar gjekk han til fleire millionar på berre eit par timar.

Den 40 år gamle Kapp Verde-keeperen stengde buret og leverte ei rekke spektakulære redningar mot det spanske stjernelaget.

Under og etter kampen auka talet på følgarar kraftig

– Det er litt eventyrhistorie. Det er jo eigentleg ikkje dette meisterskapet handlar om, men det er det som gjer det sjarmerande, at det plutseleg dukkar om slike heltar, seier NRKs ekspertkommentator Carl-Erik Torp.

Då Vozinha fekk sjå mobilen sin i eit intervju etter kampen, var reaksjonen kort:

En målvakt i gul drakt holder hendene over brystet med et smil. Han bærer hvite keeperhansker. I bakgrunnen står en annen mann i hvit drakt med hendene hevet. Publikum sitter på tribunen i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
– Det er jo først og fremst keeperen som gjer at dei tar poeng her. Dei redningane han har er eksepsjonelle, sa NRKs ekspertkommentator Vegard Moberg etter kampen. Foto: BRETT DAVIS / REUTERS,NTB

– Det er sprøtt. Det er galskap, sa han til Cazé TV.

Sidan har tala berre halde fram med å stige.

– Han må smi medan jernet er varmt og utnytte sjansen, så kan det opne ein heilt ny verd av moglegheiter, legg Torp til.

I skrivande stund er han oppe i 13,5 millionar følgarar, ein auke på 26900 prosent frå dei 50.000 han hadde før VM.

No har følgjarbasen hans blitt større enn fleire berømte fotballspelarar, som Gianluigi Buffon, Alisson Becker og Bukayo Saka.

Det er òg fleire følgarar enn store stjerner som Tom Hanks, Dolly Parton og norske Alan Walker.

Sterke bilete gjekk verda rundt

Men det var ikkje berre redningane som gjorde inntrykk. Etter kampen vart Vozinha ståande i tårer.

– Eg grein fordi eg vaks opp med besteforeldra mine. Dessverre var dei ikkje her, for dei døde for nokre år sidan. I tillegg kunne ikkje mora mi kome hit, på grunn av pengane ein må betale for eit visum. Vi klarte ikkje å få det til i tide. Eg skulle ønske ho var her, fortalde han.

Dermed måtte ho følgje den største kampen i sonen sitt liv heimafrå. Men no er situasjonen ein heilt annan.

Ifølgje BBC er det no klart at mora til Kapp Verde- keeperen, Ana Candida Evora, får reise til VM i Miami etter at det amerikanske utanriksdepartementet sletta visumgebyra og ordna reisa for ho.

En familie holder et flagg fra Kapp Verde. En gutt holder et tegnet portrett av en person. Flere av familiemedlemmene har på seg rosa fotballdrakter. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Her sit mor til Kapp Verde-keeperen (nummer to frå høgre) saman med fleire familiemedlemmer i heimen sin. Foto: Davidson Alves / REUTERS,NTB

Overfor den britiske statskanalen legg ho ikkje skjul på gleda si over den raske gjenforeininga før søndagens kamp mot Uruguay

– Dette skjer så utruleg fort, men eg er uansett kjempeglad. Om Gud vil, skal eg få sjå sonen min spele i VM, sa ho til BBC.

VMs «minst kjente spelar»

Vozinha er ikkje den einaste spelaren i årets verdsmeisterskap som brått har fått ein massiv auke i følgjarar. New Zealand-spelaren Tim Payne, har også hamna i søkelyset til millionar, men av heilt andre grunnar.

Den 32 år gamle backen opplevde ein eksplosjon i merksemd då ein argentinsk influensar peika han ut som den «minst kjente spelaren» i VM og oppfordra alle sine følgjarar til å støtte han.

I løpet av nokon få døgn gjekk hans relativ ukjente Instagram konto frå ca. 5000 til over 5 millionar følgarar.

Fotballspiller i svart drakt med nummer 2 på ryggen og leggen. Spilleren står på en gressbane foran et utydelig publikum. I bakgrunnen sees nasjonalflagg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
New Zealand-spelaren Tim Payne, gjekk plutseleg frå å vere VMs «minst» kjente spelar til å fleire millionar av følgarar på Instagram. Foto: MEGAN BRIGGS / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Noko han framleis prøver å prosessere.

– Det har vore hyggeleg og positivt med all merksemda som har kome min veg, men eg er framleis den same personen. Eg er framleis ein hardtarbeidande «Kiwi» som prøver å representere landet vårt på verdsscena, og det kjem aldri til å endre seg, sa han til Fifa.

Men han innrømmer også at det tek tid å fordøye kva som har skjedd.

– Eg prøver framleis å sjå kva dette betyr på lengre sikt, fortel Payne.

Slik kan dei tene på suksessen

Med Instagram-kontoar med fleire millionar følgarar har dei fått superattraktive profilar for kommersielle aktørar.

Det fortel medievitar Magnus Hoem Iversen og forklarar at ei slik følgjarbase gir eit ferdig, globalt publikum, noko sponsorar er svært interesserte i.

– For dei som vil selje reklame eller produkt, eller nå fram til andre, er det svært attraktivt med ein person som har klart å samle fleire millionar følgjarar som er nysgjerrige og vil vite meir.

– Viss ein legg ut spennande og gøy innhald på sin Instagram-konto, så kan de gi fleire moglegheiter. Ein kan få spons og samarbeid og begynne å tene pengar på sosiale medium, legg han til.

Samstundes minner han om at denne typen merksemd ofte er ferskvare, og at interessa fort kan forsvinne igjen dersom ein ikkje spelar korta sine riktig.