I fjor haust var «Mads» på fest med kompisar, ein stad i Vestland. Ein fest som utarta, der 19-åringen ikkje heilt hugsar kva som skjedde dei siste timane.
Tre dagar etter festen mønstra han på ein av båtane til reiarlaget Remøy Management. På dette tidspunktet har han jobba i selskapet i over eit år som matroslærling, så langt med gode skotsmål.
Denne dagen måtte han og fleire andre avlegge ei urinprøve. Prøva seier ikkje noko om han er rusa der og da, men viser spor av tidlegare bruk.
Det skulle vise seg at prøva hadde spor av cannabis, kokain og benzodiazepinar.
– Eg hugsar eg vart frykteleg lei meg.
I løpet av dagen måtte han mønstre av båten og starte på heimreisa. I dag er det uvisst om han kjem til å halde fram i næringa.
– Det har ikkje vore lett, eigentleg. Eg likte meg godt om bord. Greie kollegaer, så det har vore tungt
– Har du vore rusa på sjøen nokon gong?
– Nei, aldri. Då har eg berre hatt lyst til å gjere ein jobb.
Likevel meiner reiarlaget at det var riktig å seie opp 19-åringen:
– Avgjerda vart teke etter ei konkret og individuell vurdering, der det mellom anna vart lagt vekt på at vedkommande var lærling, og at forholdet var erkjent, skriv dagleg leiar, Even Remøy.
Ber om blodprøve
Sjømannsforbundet kritiserer reiarlag for å seie opp tilsette på bakgrunn av urinprøve aleine. Dette kan påvise bruk av rusmiddel på fritida, men seier ingenting om vedkommande var rusa på jobb. Då må det eventuelt supplerast med ei blodprøve.
– Kva ein gjer på fritida i form av rusmiddel, det har arbeidsgjevar ingenting med, med mindre det går ut over jobben. At det finst enkelte reststoff i ei urinprøve er eigentleg uinteressant, seier advokat Terje Hernes Pettersen.
Remøy ser heilt annleis på det, og viser til at påvist bruk – sjølv om det er på fritida – også er brot på forventningar og tillit. Selskapet trekk fram at urinprøver er vanleg og anerkjent praksis i sjøfarten som ein del av det førebyggande tryggingsarbeidet.
Dei meiner også at bruk av narkotiske stoff kan medføre at sjømannsattesten ikkje er gyldig, fordi «eit av krava for å ha sjømannsattest er at du ikkje skal bruke eller misbruke narkotika.»
– Urinprøve gir tilstrekkeleg dokumentasjon for å påvise bruk. I dette tilfellet vart det også erkjent av personen. Det er ikkje naudsynt med blodprøve for dette formålet, å påvise bruk.
Truleg ikkje påverka
Sjømannsforbundet er usamd og viser til at det er ulike reglar til rusmiddel i ulike land.
– Helseattesten skal vise om du er helsemessig i stand til å utføre den jobben du skal gjere. Lærlingen som vi snakkar om her var jo fullt ut i stand til det.
Overlege Cecilie Thaulow ved Oslo universitetssjukehus seier – på generelt grunnlag – at det ikkje er forventa ruspåverknad tre dagar etter eit enkelt inntak av cannabis eller kokain.
– Blodprøver er det einaste prøvematerialet som direkte kan seie noko om ruspåverknad på prøvetakingstidspunktet. Dersom ein derimot ønsker å avdekke bruk av rusmiddel som kan ha skjedd dei siste dagane til vekene, så er urinprøver godt eigna.
Ulik praksis
Medan bruk av urinprøve – aleine – som testmetode er utbreidd i sjøfartsnæringa, er det ikkje brukt på denne måten i luftfarten. Leiar i Pilotforbundet i Parat, Carl Gilbert Rego, seier det mest vanlege er utandingsprøve og spyttprøve. Viser prøvene positivt utslag så skal det alltid takast blodprøve i tillegg.
– Eg er ikkje kjent med at nokon i luftfarten har blitt oppsagt utelukkande på bakgrunn av urinprøve.
Han er tydeleg på at det vil vere ein ulempe for arbeidstakaren sitt rettsvern dersom det berre blir gjennomført ei urinprøve.
Vann rettssak
I fjor haust vart ei liknande sak teke til retten, med bistand frå Sjømannsforbundet.
Ein 21-åring fekk sparken etter positiv rustest. Matrosen hevdar at han fekk i seg hasjkake ufrivillig på ein fest i ein friperiode. Sjølv om han møtte rusfri på jobb fire dagar etter inntaket, viste urinprøva at han hadde spor av THC i kroppen.
Det vart ikkje teke blodprøve.
Han vart sagt opp av reiarlaget Norled, men retten slo fast at «pliktbruddet ikke kan anses som så grovt at det gir rettmessig grunn til avskjed.»
I dag skriv Norled til NRK at det er inngått forlik mellom partane, og at gjeldande praksis er at «det ved positiv urintest alltid er krav om blodprøve i tillegg».
På spørsmål frå NRK om når praksisen om blodprøver vart innført, så svarar kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen at selskapet ikkje ønsker å kommentere rettssaka ytterlegare.
NHO Sjøfart er i utgangspunktet positive til bruk av urinprøver som testmetode, men meiner det er opp til domstolen å vurdere kva som trengst av dokumentasjon i saker der det er snakk om oppseiing eller avskjed.
På bakgrunn av dei siste sakene meiner administrerande direktør, Frode Sund, at det er behov for å sjå nærare på retningslinjer for rusbruk og ruskontroll. Han ønsker difor samtalar med dei største sjømannsorganisasjonane.
NRK har endra fornamnet til 19-åringen etter ønske om anonymitet.