Ikkje uventa fekk NRK – serien «Team Pølsa» fleire prisar under fredagens Gullruten-utdeling i Bergen.
Den svært populære serien vann publikumsprisen, og prisen for beste reality – og livsstilsprogram. I tillegg vann Erik Tomter prisen for årets deltakar.
Sjå alle vinnarane her:
Ein annan NRK – serie som vann tre prisar var «Ølhunden Berit».
Anders Baasmo vann for beste skodespelar, og Jonas Strand Gravli for beste skodespelar i ei birolle. Serien vann også prisen for beste dramaserie.
– Eg trur denne serien er svært viktig. Me lever isolerte liv, der me kan få det me vil på døra, utan å møta eit einaste menneskje. Nettroll har ikkje blitt mindre aktuelt – dei har til og med flytta inn i Det kvite huset, seier Baasmo til NRK.
NRK vann flest prisar
I alt 13 av dei 20 prisane gjekk til program som har gått på NRK. TV 2 fekk tre prisar, TVNorge/HBO Max to prisar, og VGTV ein pris.
Den tjuande og siste prisen var heidersprisen, som gjekk til kjendiskokk Eyvind Hellstrøm.
Det var kulturminister Lubna Jaffery som delte ut prisen. I grunngjevinga sa Hellstrøm brenn så sterkt for faget sitt at det er umogleg å ikkje la seg engasjera.
– Han har påverka heile det norske folks forhold til mat. Han har gjeve mat, som kunst og som eit symbol på fellesskap, ein status i Noreg som han kan vera stolt av, sa Jaffery.
Til pressa sa Hellstrøm etter tildelinga at det var utruleg kjekt.
– Eg har halde på med TV ganske lenge, så det er fantastisk. Eg tenkjer at mat, humor, kjærleik og venskap er det som gjer oss til gode menneske, sa Hellstrøm.
– Siktar mot Trump
NRKs korrespondent Yama Wolasmal vann pris som beste programleiar for fakta og aktualitet. I programmet «Yama utfordrar» intervjuar han kjende menneske i internasjonal storpolitikk.
Og slikt kan vera nervepirrande, også for ein garva journalist.
– Eg er alltid nervøs og har høg puls før slike intervju, men det gjer meg også skjerpa. Når kameraet blir slått på kjem roa over meg, og eg klarer å konsentrera meg, seier Wolasmal.
Og han har eit klårt mål om kven han helst vil intervjua.
– Me siktar høgt. Me siktar mot Trump. Kvifor ikkje? Det er lov å drøyma, seier han.