Ein manns søppel er ein annan manns skatt, heiter det.
Dei som driv med «junk journaling», tar det heilt bokstaveleg.
Blanke sider i ei bok blir fylt med bitar av minner.
Alt frå dei store opplevingane, som bryllaup og reiser, til dei heilt kvardagslege augneblikka, som eit kafébesøk, ein film på kino eller ein konsert.
Billettar, kvitteringar, klistremerke og tyggispapir er blant det som får plass.
Det blir til ein «junk journal».
Eller, om vi skal prøve oss på ei norsk omsetting, søppel-dagbok? Skrot-journal?
For Jenny Vadstein vart det redninga for å takle kjærleikssorg.
Måtte ta inn fleire varer
Søppel-trenden har også inntatt feeden til mange.
Under emneknaggen #junkjournal på TikTok finn du ein million videoar.
Fleire bokhandlar NRK har vore i kontakt med, seier dei merker interessa for trenden.
Ifølgje Norli har fleire butikkar hatt behov for å ta inn varer for å møte etterspørselen.
– Smårekvisita som klistremerke, pennar og sånne ting som ein kan bruke til junk journaling har vi selt mykje av i det siste, seier Maya Raja hjå Norli Universitetsgata i Oslo.
– Ein meister i å sitte på ræva
Junk journaling kan minne om scrapbooking, kor du lagar utklippsbøker ved å pynte og designe sidene sjølv.
Men i ei søppel-dagbok er poenget å bruke ting som vanlegvis ville gått i søpla.
– Du kan jo gjere det i nøyaktig den stilen du sjølv ønskjer. Det synest eg er fint. Og blir det kjempestygt, så var det ein sånn dag, da, seier Jenny.
Ho begynte med hobbyen for å distrahere seg frå kjærleikssorg, etter eit vanskeleg brot.
Når ho først er i gang, kan ho halde på i fleire timar.
– Eg er jo ein meister i å sitte på ræva, så eg kan sitte ganske lenge. Berre forsvinne litt. Eg trur det handlar om litt av det også, for min del. Å berre kople av. Ein skal vere så tilgjengeleg heile tida.
– Hyllar det!
Du treng eigentleg ganske lite utstyr for å begynne med søppel-dagbok.
Ei bok og litt lim eller teip.
Søppel og skrot utgjer resten.
– Eg hyllar det! Vi er jo heilt sikkert ein gjeng skrotnissar som alltid har gjort dette, og at det no begynner å bli ein trend er jo berre kjempekult, seier Ingrid Vik Lysne.
Ho heier på gjenbruksaspektet ved hobbyen, sjølv om det kanskje ikkje er nok til å redde verda.
– I det store bildet, er det nok forsvinnande lite søppel som går til det. Men eg synest det er ein fin tankegang.
Gjenbruksgründeren trur det kan gjere noko med forbrukarmentaliteten vår.
– Eit sjokoladepapir er freistande i butikken det eine sekundet, og sekundet etter, om det hamnar på bakken, så er det ekkelt søppel. Så det å opne auga sine for at det også kan vere noko det kan ligge minner i, det trur eg er viktig.