Haaland og Pedersen
SAMANLIKNAST: Erling Braut Haaland og Sebastian Pedersen. Foto: NTB

– Det først som skjedde då eg introduserte meg og sa eg var frå Noreg var at alle gutane begynte å ro.

Det var mottakinga Sebastian Pedersen fekk frå sine nye lagkameratar frå Sør-Afrika.

– Då fekk ein sjå kor stort det også har blitt verda over.

5000 innbyggjarar i saftbygda Sogndal blir no bytta ut med 5.5 millionar i Johannesburg. Kontrasten kunne knapt vore større.

– Det tar sikkert litt tid å komme inn i rutinane der og finne roa heilt, men samtidig så trur eg det blir veldig gøy. Det er det her ein har lyst til å oppleve i løpet av ein fotballkarriere. Å oppleve ein slik storby, ein ny kultur og eitt nytt miljø.

Pedersens nye klubb er Orlando Pirates, ein av gigantane i Afrika. Formatet er litt større enn norsk 1. divisjon og Sogndal IL, der han har spelt dei siste to åra.

Supportere med skjerf, plakater og en hodeskallemaske feirer på en fotballtribune i røykfylt luft. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SUPPORTERANE: Orlando Pirates-fansen kan glede seg over ein ny spelar på laget. Foto: PHILL MAGAKOE / AFP,NTB

Heimestadion har ein kapasitet på nesten 40.000, der fansen ofte tar av under dei største kampane.

– Det er det som har vore draumen, å spele på så store stadionar og framfor så mykje folk. Akkurat på supportersida er det i alle fall Premier League-standard, vil eg tru, fortset spissen.

Men det er éin nordmann han ikkje blir kvitt i Sør-Afrika.

Temu-Haaland

Etter at signeringa gjekk i boks har Pirates-fansen vore i ekstase. Responsen på signeringsinnlegget til klubbkontoen, som har over ein million følgarar, handlar stort sett om ein ting.

Dei lange lyse løkkene til hamarsingen kan minne om ein annan norsk spydspiss som har prega mediebilde den siste tida.

En gruppe menn på et jorde
NY KVARDAG: Sebastian Pedersen byter ut Sogndal med Orlando Pirates. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Alt handlar om Haaland. Og han er kanskje den største merkevara i innanfor fotballen, seier Pedersen.

«Baby-Haaland» og «Temu-Haaland» er kommentarar som ofte går igjen.

– Eg er jo eldre enn Erling, så å bli kalla baby-Haaland blir jo litt feil sånn sett. Men det er jo berre gøy eigentleg. Det er jo ein av verdas beste spissar, så å bli kalla Temu-Haaland er vel på sin plass.

Bilde av kommentarer fra Instagram
SPENT: Kommentarfeltet på Instagram samanlikna Pedersen med Haaland. Foto: Skjermdump frå Instagramkontoen til Orlando Pirates

Dei to rakk faktisk å spele saman på nokre samlingar på u-landslag før jærbuen var klar for enda større oppgåver.

– Dei veit ingenting om nivået

– Eg trur ikkje folk veit kor stor forskjell det er.

Det seier Tor Thodesen, mangeårige trenar i fleire afrikanske land og kjenner den Sør-Afrikanske ligaen, om overgangen frå Sogndal til Orlando Pirates.

– Det er ein klubb som aldri har under 40.000 på heimekampane sine. Så han må jo vere førebudd på trykk og forventningar, fortset Thodesen.

Thodesen var trenar i Botswana, nabolandet til Sør-Afrika, så seint som i vår og fortel at fansen antakelegvis aldri hadde høyrt om Pedersen før no.

– Der nede veit dei absolutt ingenting av nivået som han kjem frå og kven han er. Mange kan nok ikkje eingong finne Noreg på kartet, så noko av kommentarane er berre «banter».

Johannesburg er kjend for mykje kriminalitet og store sosiale skilnadar, i tillegg til stort kulturelt og økonomisk mangfald.

27-åringen vil vere ein av seks utlendingar troppen, den einaste frå Europa. Thodesen er sikker på at det vil kome overraskingar undervegs.

– Det er ikkje til å unngå. Fotballen er jo universal, så du får færre overraskingar på jobb enn du får utanfor jobb. Det er det å tilpasse seg samfunnet og livet der som er største forskjell kontra Sogndal.

Supporterane har kjøpt inn trommer

Thodesen fortel at klubben har eigne TV-kanalar som sender daglege program med ulike vinklingar frå ligaen. Og stadionet vart nyoppussa før VM i 2010.

På Instagram har dei over ein million følgarar og fasilitetane er gode. Men på fotballbana er ikkje nivået høgare enn i Noreg.

– Det er veldig bra rammevilkår, gode treningsanlegg og store støtteapparat. Men eg er ikkje så sikker på om Orlando Pirates er så mykje betre fotballag enn for eksempel HamKam.

Fotballspillere i svarte drakter feirer mål foran publikum på en tribune. Tilskuere jubler og vifter. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
PEDERSENS NYE KLUBB: Orlando Pirates speler i øvste divisjon i Sør-Afrika og er svært populære i Johannesburg. Foto: PHILL MAGAKOE / AFP,NTB

Sidan lagkameratar og fans allereie har opna opp for fleire ro-tak, er ikkje Pedersen vond å be.

– Vi må jo prøve å få rodd litt. Eg høyrde at supporterane hadde kjøpt seg tromme og var klare for at eg skulle stå med tromma og dei skulle ro. Dei gleda seg til det.

Så får vi sjå om Sebastian Pedersen gjer seg godt som pirat.