Martin Ødegaard og Antonio Nusa
KVA BLIR SAGT? Enten det er middagsplanar eller dritslenging, har det fram til nå vore vanskeleg å tyde kva stjernene seier til med- og motspelarar. Under sommar-VM bør dei likevel tenke seg om ein ekstra gong før dei vel å dekke til munnen. Foto: Andrew Couldridge / Fredrik Varfjell / Reuters / NTB

Det er gode moglegheiter for at du har sett manøveren tidlegare.

Ein spelar dekker til munnen sin og seier eitt eller anna til ein medspelar eller motspelar, truleg for å sleppe at ein skarp leppelesar forstår innhaldet.

Men nå kan det bli sett ein strek for dei «hemmelege» samtalane under fotball-VM i Nord-Amerika.

Begeret har runne over

Det er Fotballens internasjonale lovkomité (IFAB) som har vedtatt regelen, i eit forsøk på å forhindre at eventuell hets går føre seg mens munnen er dekt til.

NRKs fotballekspert, Kristoffer Løkberg, ristar på hovudet over utviklinga som har ført til at slike grep nå er nødvendige.

Mann med kort blondt hår og skjegg i en hvit pikétrøye. Han ser mot venstre. Bakgrunnen er mørk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
OVERRASKA: NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg har sjølv spelt fotball på det øvste nivået i Noreg. Han skjønner lite av kvifor spelarar kjenner behov for å skjule kva dei seier på banen. Foto: Carina Johansen / NTB

– Det er sjukt at vi har komme til eit punkt der dette i det heile er eit problem. Eg har aldri skjønt kva spelarar pratar om under kamp som er så spennande at det må skjulast utan omsyn til kostnaden, seier Løkberg til NRK.

Brann-spelar og VM-aktuelle Felix Horn Myhre omtaler den nye regelen som «litt rar».

– Eg gjer det ikkje sjølv, så det har ikkje noko å seie, seier han og held fram:

– Eg tippar at det er ein del spelarar som må venne av seg med det. Det er litt heftig med raudt kort.

Mannen Myhre sannsynlegvis konkurrerer om ein VM-plass med, heiter Kristian Arnstad.

en gruppe fotballspillere som varmer opp
LANDSLAGET: Felix Horn Myhre (til venstre) og Kristian Arnstad på trening med landslaget. Foto: Bildbyrån

Han speler for dei danske seriemeistrane i AGF, og har ingen innvendingar mot regelen som nå er presentert.

– Eg tenker vi skal gjere alt vi kan for å unngå rasisme, diskriminering og anna form for hets. Dersom det er eit tiltak som bidrar med å få bort alt det der, så er det berre fint, seier midtbanespelaren i intervju med NRK.

Dette meiner fleire andre Eliteserie-profilar:

Bakgrunnen for dei strenge tiltaka er nemleg basert på fleire slike hendingar den siste tida.

Hendinga frå Mesterligaen i februar der Benficas Gianluca Prestianni dekte til munnen med drakta mens han spytta nokre gloser i retning Real Madrids Vinícius Júnior, har vore ein utløysande faktor.

Prestianni blei etterforska for rasisme, men enda opp med å bli utestengd i seks kampar (tre av dei på vilkår) for homofobiske utsegner. FIFA-president Gianni Infantino har vore ein stor pådrivar for endringa.

Gianluca Prestianni
REGELENDRING: Benficas Gianluca Prestianni dekker til munnen med drakta og sender nokre meldingar i retning Real Madrids nummer sju, Vinícius Júnior. Førstnemnde må ta store delar av æra for at FIFA nå strammar inn reglane før VM. Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFP,NTB

– Viss ein spelar dekker til munnen og seier noko som har ein rasistisk konsekvens, må han sjølvsagt bli utvist, sa Infantino til Sky News tidlegare i år.

Presidenten er ikkje begeistra over Prestiannis oppførsel, og meiner det er god grunn til å mistenke argentinaren

– Det må leggast til grunn ein hypotese om at han har sagt noko han ikkje burde sagt, elles hadde han ikkje hatt behov for å dekke til munnen.

Ber spelarane ta ansvar

– Det har vakse veldig dei siste åra, og det har ein tydeleg smitteeffekt. Når dei største stjernene gjer det, blir det ei greie alle andre kopierer. Det er ein dårleg vane som for mange nå går på autopilot, seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg.

Regelen blir innført som ein del av «verktøykassa» i VM, men IFAB presiserer at det er opp til dommaren å vurdere situasjonen i kvart enkelt tilfelle.

«Avgjerda held fram med å vere ved det absolutte skjønnet til dommaren, som vil vurdere alle omstende før eit raudt kort blir delt ut,» heiter det i uttalen frå IFAB.

– Vil regelen føre til kontroversar og feil avgjerder?

– Regelen gir dommarane i VM enda meir ansvar i ein allereie pressa situasjon, noko som nødvendigvis ikkje er positivt. Eg skulle ønske at spelarane sjølv tok ansvar og slutta med dette, svarer Løkberg.