Midt i den hektiske innspurten til bacheloroppgåva, ringde det i telefonen til Agnes Villmones Haug. Svaret ho gav over video, endra dagen til den blinde mannen i andre enden av telefonen.
Appen «Be my eyes» koplar blinde og svaksynte menneske med resten av verda, direkte over video.
Mannen trong hjelp til å lese av PIN-koden til det nye SIM-kortet sitt.
– Vi brukte kanskje 20 minutt fordi tala var litt kompliserte. Han blei så glad for at det løyste seg at han endra PIN-koden til bursdagen min, seier ho.
Møtet vekte noko i 23-åringen.
– Eg har fått eit enormt perspektiv om kor lite eg sjølv har å klage over, det gjer meg ingenting å hjelpe seier ho.
Krev tidskontroll
Generalsekretær ved Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen, seier at folk lèt vere å engasjere seg fordi dei ikkje veit kor mykje tid det vil ta.
– Når vi spør folk kva som må til for at dei skal engasjere seg, seier 78 prosent som svarer at dei må sjølv ha kontroll på kor mykje tid og energi dei skal bruke på frivilligheit. Det er tal som har stått heilt stabilt dei siste fem åra, seier Johnsen.
6 av 10 nordmenn bidrar allereie med frivillig arbeid i løpet av eit år, men potensialet er langt større.
Blant dei som ikkje er frivillige, oppgir fire av ti at dei gjerne vil stille opp.
– Lågterskel- og mikrooppdrag kan vere avgjerande for at folk skal få meirsmak, seier han.
Større sjølvstende
Forbundsleiar i Norges Blindeforbund, Terje André Olsen, bekreftar at appar og mikrofrivillige gjer ein forskjell i kvardagen til blinde og svaksynte.
– Det handlar om å få hjelp til praktiske ting når ein er aleine, som å sjekke om kleda har flekker eller lese ein handskriven lapp, seier han.
Olsen er sjølv svaksynt.
– Sjølv om ein får hjelp av ein annan, kjenner ein seg meir sjølvstendig. Du bruker dei frivillige til akkurat det du treng dei til, og så går du vidare med dagen din.
Han påpeikar også at videohjelp frå framande kan utfordre personvernet.
Møteplassen som endrar seg
Generalsekretær i Røde Kors, Grete Herlofson, bekreftar at mønsteret blant dei frivillige har endra seg, særleg blant dei unge.
– Det frivillige blir meir mangfaldig, og folk har større mobilitet. Unge studerer, flyttar og reiser til utlandet, og bind seg derfor over kortare tid, seier ho.
Røde Kors har sjølv kasta seg på den digitale bølga med tilbod som digital leksehjelp og samtaletenester.
Sjølv om appar senkar terskelen, understrekar Herlofson at ein skjerm ikkje kan løyse alt, og at dei framleis treng at folk investerer tid i å bygge kompetanse.
– Enten det gjeld lokalkunnskap som krevst når 150 menneske rykker ut til skogbrann, eller dei nære relasjonane i lokalmiljøet.
Føreseielegheit gir meirsmak
For Agnes Villmones Haug har føreseielege rammer gjort det mogleg å kombinere studium og mykje jobb med både app-hjelp og oppdrag som besøksvenn i Røde Kors.
– I Røde Kors avklarer vi forventningar på førehand gjennom ein samtale, forklarer ho.
23-åringen meiner frykta for å bruke for mykje tid ved frivilligheit er ugrunna så lenge rammene er klare.
– Ein treng ikkje reise til India for å bygge skolar. Enten det gjeld 30 sekund på mobilen eller ein kaffikopp annakvar veke. Det treng ikkje ta så lang tid, seier Haug.