– Han meiner det var mi skuld, men eg er ikkje så sikker på det, smiler Aksel Lund Svindal.
NRK møter den tidlegare alpinisten som programleiar for Mesternes mester team, der deltakarane for første gong kjempar i lag på to.
Svindal brenn sjølv for god lagkultur, og deler no ei ukjend historie frå si eiga tid på landslaget.
Sende lagkompis på sjukehus
Historia startar ein gong på starten av 2000-talet. Alpinlandslaget var på treningssamling på Trysil. Og Kjetil Jansrud var rimeleg fersk på laget.
På hytta dei leigde var det eit eige kokketeam. Standarden var litt høgare enn det landslaget då var vane med. Under ein middag tok Jansrud for mykje mat på tallerken.
– Dei hadde laga så fantastisk god mat, så eg forsynte meg ganske raust, innrømmer Jansrud, som ler litt når han blir minna på historia.
Svindal var vitne til hendinga.
– Augo var nok meir svolten enn magen, smiler Svindal og legg til:
– Eg tvinga han til å ete opp.
Det skulle få konsekvensar for Jansrud.
– Eg blei meir enn veldig mett og blei vel eigentleg meir eller mindre forstoppa i etterkant, ler han.
Jansrud fortel at han kort tid etter samlinga eigentleg skulle til London med barndomskjærasten og familien hennar. Men...
– Eg fekk ikkje dratt, fordi eg måtte leggast inn på akutten med sånne kraftige magesmerter.
Meining bak
Denne historia handlar ikkje berre om å bli altfor mett. Båe to meiner ho speglar den sterke lagkulturen som var på landslaget.
– Det handlar om bordmanerar og rettferd. Viss du forsyner deg grovt av maten, blir det mindre på andre. Ein skal vere snill med laget sitt og dele rettferdig, seier Svindal.
Jansrud er heller ikkje ueinig i det Svindal meiner.
– Historia er morosam, men det fine med laget vårt er at me held kvarandre ansvarlege for å trene mykje, køyre fort på ski, trene styrke og gjere alt det folk forventar.
Han held fram:
– Vel så viktig er likevel dei små vala, vanane og verdiane som gjer at me òg held kvarandre ansvarlege for korleis me skal vere som menneske – for det speglar alt anna, seier Jansrud, som lærte mykje av hendinga.
Båe to fortel om ei sterk lagkjensle på alpinlandslaget, til trass for at det er ein individuell idrett. Dette hadde mykje å seie for korleis utøvarane på laget presterte.
– Det kunne gått gale
Svindal kjente også spesielt mykje på det då mange av dei eldre på laget slutta.
– Det var eit punkt der det kunne gått gale, seier Svindal.
Svindal blei ein del av det norske alpinlandslaget tidleg på 2000-talet. Den gongen var det Kjetil André Aamodt og Lasse Kjus som var dei store stjernene på laget. Svindal fortel at han lærte mykje god lagkultur av dei.
Då dei slutta, stod han plutseleg aleine. Då følte han at han måtte passe på at kulturen heldt fram med å vere god, samstundes som dei måtte byggje noko nytt.
– Eg brukte nok perioden frå 2006 til OL i 2010 på å verkeleg halde i det, heilt til Kjetil slo igjennom og me blei ein ordentleg gjeng igjen, fortel Svindal.
Han fortel at det er noko ein må jobbe med kvar dag, og om folk sluttar å vere greie med kvarandre, kan det å skjere seg. Han meiner det er viktig å vere eit godt døme for dei unge.
– Hjå oss er ein nykommar like mykje verdt frå dag éin. Me forventar at dei bidreg med ein gong, men til gjengjeld får dei raske korreksjonar viss dei ikkje oppfører seg. Idrettsutøvarar er heldigvis vant til direkte tilbakemeldingar, seier Svindal.
Programleiar for nytt konsept
No kan ein sjå den tidlegare alpinisten som programleiar for Mesternes mester team. Det nye konseptet går ut på at tidlegare deltakarar deltek igjen, men i lag på to og to.
Han har vore programleiar for Mesternes mester i fleire sesongar. Det er ikkje reint tilfeldig at det er nettopp Svindal som trer inn i rolla som programleiar for det nye programmet.
– Eg har jo drive med ein individuell idrett, men vore ein del av eit lag som eg var veldig, veldig glad i, forklarar Svindal.