Demonstrantane er misnøgde med klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap) si manglande inngriping etter at miljørørsla vann fram i Høgsterett for tre månader sidan.
Nyleg fekk gruveselskapet mellombels løyve til å tømme opptil 4,5 millionar tonn gruvemassar i Førdefjorden dei neste tre åra.
– Når ho ikkje gjer jobben sin må vi gjere han, sjølv om det var vi som vann i Høgsterett før sommaren, seier leiar i Natur og Ungdom, Sigrid Hoddevik til NRK.
Nye aksjonar laurdag morgon
Laurdag morgon var nye aksjonistar tilbake og lenka seg fast ved Nordic Mining.
I går fjerna politiet fleire aksjonistar, og sju personar vart politimelde for å ikkje ha forlate området slik dei fekk beskjed om.
Ein av demonstrantane laurdag er aksjonist og artist Ella Marie Hætta Isaksen, som har aksjonert ved Førdefjorden fleire gonger tidlegare. Ho seier ho er skremd over at regjeringa gjev eit mellombels løyve trass i Høgsterettsdommen:
– Det er skremmande å sjå at regjeringsmedlemer og regjeringa vår ikkje respekterer den dømande instansen i samfunnet. Det er det heile demokratiet vårt byggjer på, at ingen er herre over samfunnet, seier Isaksen til NRK og utdjupar:
– Vi skal respektere lover og reglar, mens no verkar det som Sigrun Aasland tenkjer at ho kan gjere akkurat som ho vil. Det trur eg vi alle skal bli litt skremde av.
Aksjonistane varslar at dei kjem til å bli verande på staden så lenge dei meiner det er nødvendig.
Dei får også støtte frå stortingsrepresentant Marthe Hammer (SV), som var på staden laurdag og varslar at SV vil ta saka inn for Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.
Politiet på plass
For tre månader sidan slo Høgsterett slo fast at dei opphavlege løyva Nordic Mining har fått ikkje var gyldige.
Fredag morgon blokkerte aksjonistar porten til anlegget for å hindre folk i å kome seg på jobb. Fleire arbeidarar snudde og måtte vente i bilane sine, ifølgje NRKs reporter på staden.
I tillegg sat ei gruppe i vegbana på vegen mot fjellet, slik at arbeidarar ikkje sleppte forbi.
Politiet fekk melding om ulike tal demonstrantar gjennom morgonen. Talet var oppe i 30, men at ikkje alle desse hadde lenka seg fast. Like over klokka 09 vart seks patruljar sende til staden.
Klokka 11.49 vart dei første aksjonistane som hadde lenka seg fast fjerna.
– Det er heilt bak mål at ungdom som kjempar for å bevare fjordane våre og har vunne kampen i Høgsterett, skal bli arrestert for å protestere, medan dei som faktisk bryt lova får halde på som før, seier Losnegård.
– Førdefjorden vert meir og meir øydelagd for kvart tonn som vert dumpa. Det er ikkje noko kjekt å bli tatt av politiet, men dette er det einaste eg kan gjere for Førdefjorden no, seier Agnes Matilde Granli Lægreid, ein av dei første aksjonistane som vart fjerna av politiet.
– Ein ryddig måte å følgje opp Høgsterett sin dom på
Fredag ettermiddag svarar klima- og miljøminister Sigrun Aasland på kritikken.
– Dommen frå Høgsterett betyr at departementet må gjere noko med vedtaka som er kjent ugyldige. Det har vi no gjort ved at desse er suspenderte. Samtidig har vi gjeve selskapet eit nytt tidsavgrensa løyve til å deponere på kort sikt, medan vi vurderer om det kan bli gjeve eit meir langvarig løyve. Dette er ein ryddig måte å følgje opp Høgsterett sin dom på, skriv ho i ein e-post til NRK via kommunikasjonsavdelinga i departementet.
– Kva tenkjer du om denne typen aksjonar?
– Eg respekterer at dei har eit anna syn på denne saka enn staten har.
– Korleis går arbeidet med å vurdera om selskapet skal få eit langvarig løyve eller ei?
– Vi vurderer no om det kan bli gjeve eit løyve til meir langvarig deponering, og håpar å ha vurderinga ferdig tidleg i 2027. Regjeringa vurderte i fjor at omsynet til forsyninga av viktige mineral gjer at vi kan gje eit slikt løyve. Høgsterett er heilt tydelege på at dei ikkje har tatt stilling til det spørsmålet, seier ho.
– Ei av dei største forureiningsskandalane
Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, opplyser i 13.30-tida at politiet har att to patruljar på staden, og at dei fleste demonstrantane har reist.
– Sju aksjonistar i 20-åra, av desse to menn og fem kvinner, har fått pålegg om å halde seg vekke frå området, seier han. Blir pålegget brote, vankar det bot.
Naturvernforbundet støttar aksjonistane frå Natur og Ungdom etter at regjeringa denne veka gav Nordic Mining mellombels løyve til å dumpe 4,5 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.
I ei pressemelding kallar landsstyret i organisasjonen gruvedumpinga ei av dei største forureiningsskandalane i nyare norsk historie og peikar på at Høgsterett kjente det opphavlege løyvet ugyldig i juni.
Organisasjonen meiner at det nye løyvet bryt med forureiningslova, og har stor forståing for at miljøvernarar no tyr til sivil ulydnad.
Kom før skiftbytet
Aksjonistane på plass frå klokka seks fredag morgon.
– Det var fordi at det skulle vere eit nytt skiftbytte ca. klokka sju. Så har vi vore her, lenka fast til kvarandre, og vi prøver å halde oss varme og drikke kaffi.
Fleire aksjonistar er venta til Vevring i løpet av helga.
– Sju av ti nordmenn er mot gruvedumping, så eg håper at desse aksjonane kan vere med på å mobilisere folk til å jobbe for eit forbod mot sjødeponi i Noreg.
– Det er litt tidleg å seia korleis aksjonen påverkar oss, seier Tone Løtuft, som kommunikasjonsleiar hjå Nordic Mining.
Ho seier at anlegget går og at dei som må til for å drifta anlegget er på jobb. Sjølv om folk har kome seg på jobb er det også nokon som har reist heim.
Det er ikkje første gong det er aksjonistar utanfor portane til Nordic Mining.
– Det går greitt. Dei tilsette er godt drilla i korleis dette skal handterast. Aksjonistane er fredelege og dei tilsette får fred, seier Løtuft.
Får politisk støtte
Bystyrerepresentant Reidar Staalesen (Ap) i Bergen støttar aksjonistane som «står opp for fisken og fjorden». Han var sjølv med under aksjonane på Engebøfjellet i 2016.
– At vi no ti år etter må arresterast for å stå opp for naturen er trist, seier han.
Etter sigrane i rettsapparatet, meiner han det var feil av hans eige regjeringsparti å gje mellombels løyve for vidare drift.
– Eg vil utfordre min leiar Even Sørland på å presse på oppover internt i vårt system for å få ein god slutt på denne saka, seier han.
– Aksjonistane og NU har mi fulle støtte. Dette har dei kjempa for i mange, mange år, seier stortingsrepresentant Marthe Hammer (SV).
– Dei gjer den jobben som staten burde gjort. Det er tre månadar sidan dei trass alt vann i høgsterett, og likevel får Nordic Mining halda fram med dumpinga. Slik burde det faktisk ikkje vera i Noreg. Ein har trass alt ein høgsterettsdom som seier at løyvet ikkje var gyldig.
– Vrir seg unna
Også Raudt stiller seg bak aksjonistane frå Natur og Ungdom.
– Dei som har kjempa for Førdefjorden har no prøvd alle instansar. Høgsterett har slått fast at løyvet var ugyldig. Likevel held dumpinga fram. Då er det vanskeleg å ikkje forstå at folk set seg ned i vegen, seier Terje Kollbotn, vararepresentant for Raudt på Stortinget.
Han meiner staten prøver å vri seg unna vassdirektivet.
– Men det kjem dei ikkje til å klare. Direktivet er tydeleg. Det går an å drive gruve utan å dumpe avfallet i fjorden. Det staten gjer no, er å bryte lova for å redde profitten til eitt selskap.
– Eg forstår godt at Natur og Ungdom aksjonerer. Dei har vunne i Høgsterett, men likevel held fram med øydelegginga av fjorden med full kraft, då er det gode grunnar til å protestere, seier Marius Dalin, som er Stortingsrepresentant for MDG.