Bustadbrakker i Odda
ETTER BRANN: Slik ser brakkene ut etter at politi og brannvesenet nyleg rykka ut til ein brann i den eine. Dei er ikkje i bruk no. Foto: Tale Hauso / NRK

I slutten av mars i år dukka det opp to bustadbrakker på ei kommunal tomt i eit bustadområde i Odda sentrum.

Ullensvang kommune oppretta dei som eit midlertidig, akutt butiltak for personar innan rus og psykiatri (ROP).

Til lokalavisa Hardanger Folkeblad har naboar tidlegare uttrykka sterk uro kring butiltaket. Berre ein av dei to bustadane har vore i bruk.

I sist veke braut det ut brann i ei av brakkene. Ein person blei pågripen og seinare overlaten til helsevesenet.

– Slike buforhold forsterkar utfordringane

Sjølve buforholda, som er to tidlegare brakkecontainerar, møter no kritikk.

Leiar i Foreininga for human ruspolitikk, Arild Knutsen, er skaka over løysninga kommunen har valt for det han kallar ei allereie sårbar gruppe.

– Det er heilt skandale at desse containerane i det heile tatt er sett opp som bueiningar. Slike buforhold forsterkar psykiske lidingar og rusutfordringar, seier Knutsen.

Også på politisk hald skapar buforholda i Odda reaksjonar.

– Dette er uhaldbare buforhold, ingen i Noreg burde bu slik. Folk blir aldri i verda friske av å bu i slike omgivnadar, seier nestleiar i Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken.

Arild Knutsen, leder i Foreningen for human narkotikapolitikk
Arild Knutsen er leiar i Foreininga for human ruspolitikk. Foto: Ksenia Novikova / NRK

Ta opp politisk

Lokalt reagerer raudtpolitikar Terje Kollbotn på situasjonen.

– Dette er ein uverdig situasjon. Vi må klara å sikra gode, trygge bustadar til folk i ein så sårbar situasjon, seier Kollbotn.

Han reagerer på at administrasjonen i kommunen har tatt avgjerda om å setja opp brakkene utan at saka har vore til politisk behandling.

– Vi har funne gode løysningar før, men manglar no kapasitet. Det må politikarane ta ansvar for å sikra. Vi forventar at saka kjem til grundig politisk behandling raskt etter sommaren, slik at vi kan finna ei betre løysning på denne saka.

Kollbotn, som skal møta som vararepresentant på Stortinget i haust, meiner saka er viktig både lokalt og nasjonalt, og varslar at han vil ta opp kampen der.

– Kommunepolitikarane må sikra ordentlege butilbod for alle, særleg dei som skal bli behandla for problem med rus og psykiatri. Men det er eit nasjonalt ansvar for Stortinget å setje kommunane i stand til å kunne finansiera desse viktige oppgåvene, seier Kollbotn.

Terje Kollbotn, Raudt/Rødt
Terje Kollbotn i Raudt reagerer på situasjonen, og meiner saka er viktig lokalt og nasjonalt. Foto: Tale Hauso / NRK

Slik svarar kommunen

NRK har lagt fram kritikken for Ullensvang kommune.

– Vi hadde vore einig i kritikken dersom dette var eit permanent tilbod. Men dette var eit akutt tiltak for å løysa eit akutt behov her og no, seier rådmann Ole-Jørgen Jondahl.

Rådmannen understrekar at brakkene er oppretta for å dekka ei lovfesta plikt til å sikra akuttbustad til brukarar med låg buevne som treng eit skjerma tilbod, og at dette ikkje skal vera ein permanent bustad.

Kommunen har gjennomført ROS-analyse for etableringa, og studert korleis andre kommunar handterer akutte bustadtiltak.

Behovet har vore veksande dei siste åra.

– Brukarar med låg buevne i kombinasjon med rus- og psykiske lidingar treng særleg tilrettelagt bustader. Men sjølv i eit slikt butiltak kan det vera krevjande å handtera situasjonen til brukaren, då kan eit mellombels akutt-butiltak vera løysing for ein kortare periode for å stabilisera situasjonen.

Rådmannen legg til at tenesta for rus- og psykiskhelse følgjer brukarane tett opp med hyppige besøk, og at dei er døgnbemanna.

På kritikken frå Kollbotn (Raudt) om manglande politisk behandling før oppsetjing, viser rådmannen til at det oppstod eit akutt behov som måtte løysast raskt.

Administrasjonen arbeider med permanente ROP-bustader etter budsjettvedtak for 2026, som vil koma som politisk sak i haust.

Rådmann Ole-Jørgen Jondahl i Ullensvang kommune.
Rådmann Ole-Jørgen Jondahl i Ullensvang kommune. Foto: Tale Hauso/NRK

Eit nasjonalt problem

Nasjonal leiar for Blå Kors bustadtiltak, Mari Jonstad Baardsen, understrekar kor viktig det er med anstendige buforhold. Ho uttalar seg på generelt grunnlag.

– Vi i Blå Kors er opptekne av at alle menneske, også personar som har utfordringar knytt til rus og psykisk helse, skal ha eit godt, trygt og verdig butilbod, seier Baardsen.

Mangel på bustadar for personar innan rus og psykiatri (ROP) er eit brennheitt tema nasjonalt.

Rusfeltets hovudorganisasjon har mellom anna brukt Arendalsveka dei siste åra til å setja søkelyset på det dei beskriv som uverdige og utrygge midlertidige bustadløysingar ute i kommunane.