Alan Walker på rød løper før Spellemannprisen 2026 i Operaen.
DROPPAR TONO: Alan Walker er saman med Kygo den norske artisten med størst inntekter. No melder han seg ut av den norske opphavsrettsorganisasjonen Tono. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at artistane Kygo og Aurora og hadde forlate Tono, og flytta heile eller delar av musikkrettane sine til utanlandske selskap. Dette er ikkje rett.

Både Kygo og Aurora held fram som Tono-medlemmer, og ingen av dei har signalisert endringar i medlemskapen sin. Begge artistane har avtalar med selskap i utlandet for enkelte område, noko som er vanleg i bransjen.

Artikkelen blei retta klokka 00:50 natt til fredag 19. juni

Musikar Alan Walker frå Bergen, og manageren hans Gunnar Greve, melder seg ut av Tono, skriv Finansavisen.

Bakgrunnen er ein strid om pengar og makt i organisasjonen som forvaltar dei økonomiske opphavsrettane til norske komponistar, tekstforfattarar, låtskrivarar og musikkforlag.

Kritiske til fordelinga

Tono krev inn pengar på vegner av medlemane for bruk av musikk blant anna på radio, TV, konsertar, strøymetenester og butikkar. Desse midla blir så fordelte ut blant alle medlemane.

Konflikten handlar om korleis pengane blir fordelte, og kven som bestemmer.

Aslak Klever i musikkforlaget Popular Demand meiner fordelingsmodellen gjer Noreg lite attraktivt for låtskrivarar med internasjonal suksess.

– Dette «eit korrupt system». Pengane frå låtskrivarar som får musikken spelt blir fordelte til snevre sjangrar som ikkje får spelt musikken, seier han til Finansavisen.

– Vi reagerer sterkt på skuldingar om korrupsjon, seier kommunikasjonsdirektør Willy Martinsen til VG.

Alan Walker og Gunnar Greve
Gunnar Greve er manager for Alan Walker og mange andre store artistar. No har han meld seg ut av Tone, den norske organisasjonen for opphavsrett til musikk. Foto: Henriette Dæhli / Henriette Dæhli / NRK

– Har tapt millionar på Tono

Greve hevdar han og Walker har tapt «mange millionar» på Tono sitt system.

– Tono har reglar, vedtekter og styringsform som ikkje tener fellesskapets beste. Det er viktig å fordele inntekter proporsjonalt med kven genererer dei, seier han til avisa.

Administrerande direktør Karl Vestli seier Tono har hatt eit tett og godt samarbeid med Greve gjennom mange år.

– Vi har strekt oss langt for han og låtskrivarane hans. Derfor tar vi dette veldig tungt, seier han.

Tono avviser at det er økonomisk lønsamt å forlate Tono til fordel for andre selskap.

Kygo sin konsert på Ullevål stadion 2. juli 2022.
Under artistnamnet Kygo fekk Kyrre Gørvell-Dahll i 2024 eit overskot på mange titals millionar kroner. Foto: Annika Byrde / NTB

Tre rike bergensartistar

Bergensarane Walker og Gørvell-Dahll er dei to artistane i Noreg som tener mest.

Walkers selskap hadde i 2024 eit overskot på 48 millionar kroner før skatt, pluss at overskotet i Walker og Greve sitt felles selskap var 40 millionar.

Gørvell-Dahlls overskot i 2024 var nesten 44 millionar kroner.

For Aurora Aksnes enda overskotet på rundt 10 millionar kroner det året. 63,5