Musikar Alan Walker frå Bergen, og manageren hans Gunnar Greve, melder seg ut av Tono, skriv Finansavisen.
Bakgrunnen er ein strid om pengar og makt i organisasjonen som forvaltar dei økonomiske opphavsrettane til norske komponistar, tekstforfattarar, låtskrivarar og musikkforlag.
Ei rekke norske musikkstjerner har no «rømt» frå Tono og flytta heile eller delar av musikkrettane sine til utanlandske selskap.
Blant desse er to andre megastjerner frå bergensområdet:
Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll) og Aurora.
Kritiske til fordelinga
Tono krev inn pengar på vegner av medlemane for bruk av musikk blant anna på radio, TV, konsertar, strøymetenester og butikkar. Desse midla blir så fordelte ut blant alle medlemane.
Konflikten handlar om korleis pengane blir fordelte, og kven som bestemmer.
Aslak Klever i musikkforlaget Popular Demand meiner fordelingsmodellen gjer Noreg lite attraktivt for låtskrivarar med internasjonal suksess.
– Dette «eit korrupt system». Pengane frå låtskrivarar som får musikken spelt blir fordelte til snevre sjangrar som ikkje får spelt musikken, seier han til Finansavisen.
– Vi reagerer sterkt på skuldingar om korrupsjon, seier kommunikasjonsdirektør Willy Martinsen til VG.
– Har tapt millionar på Tono
Greve hevdar han og Walker har tapt «mange millionar» på Tono sitt system.
– Tono har reglar, vedtekter og styringsform som ikkje tener fellesskapets beste. Det er viktig å fordele inntekter proporsjonalt med kven genererer dei, seier han til avisa.
Administrerande direktør Karl Vestli seier Tono har hatt eit tett og godt samarbeid med Greve gjennom mange år.
– Vi har strekt oss langt for han og låtskrivarane hans. Derfor tar vi dette veldig tungt, seier han.
Tono avviser at det er økonomisk lønsamt å forlate Tono til fordel for andre selskap.
Tre rike bergensartistar
Bergensarane Walker og Gørvell-Dahll er dei to artistane i Noreg som tener mest.
Walkers selskap hadde i 2024 eit overskot på 48 millionar kroner før skatt, pluss at overskotet i Walker og Greve sitt felles selskap var 40 millionar.
Gørvell-Dahlls overskot i 2024 var nesten 44 millionar kroner.
For Aurora Aksnes enda overskotet på rundt 10 millionar kroner det året. 63,5