– Eg er veldig fornøgd med det. Det er det vel ingen tvil om, seier Henrik Kristoffersen til NRK.
Tysdag kom nyheita om at det norske alpinlandslaget har gått inn i ei avtale med energidrikkselskapet Red Bull. Reaksjonane har ikkje latt vente på seg.
Helsedirektør Cathrine Lofthus og matskribent Andreas Viestad kritiserte sponsoravtalen tysdag.
Viestad meinte mellom anna at idretten hadde blitt «heilt besett», og beskreiv norsk idrett som «grådig, umoralsk og usunn»:
– Det blir litt smalt
Når NRK møter alpinistane onsdag, er alle positive til avtala.
– Det er supert med Red Bull på laget. Dei kan bidra med så mykje meir enn berre å sponse, seier Atle Lie McGrath.
Han peikar på at energidrikkselskapet kan hjelpe dei med treningsmoglegheiter, reiser og marknadsmoglegheiter.
– Dei er ein sponsor på ein annan måte, og det er det som er så bra. Det er kult at dei sponsar heile laget og er med på reisa som «attacking vikings», seier McGrath.
Den nye avtalen inneber mellom anna at Red Bull kan velje enkelte utøvarar som skal køyre med logoen deira på hjelmen. Dei som ikkje skal ha energidrikkmerket på hjelmen, skal ha landslagets hovudsponsor, Telenor, på hjelmen.
McGrath skjønar kritikken som har kome etter at nyheita blei kjend, men poengterer at produkta til energidrikkselskapet blir selde i norske daglegvarebutikkar.
– Det er 16-årsgrense, men eg tenkjer ikkje at ein er eit dårleg forbilde. Ein av mine favorittutøvarar er Karsten Warholm. Han er eit fantastisk menneske og forbilde som blir sponsa av Red Bull. Det tar ikkje noko verdi av han som person og forbilde, forklarar han til NRK og held fram:
– Det blir litt smalt å sjå på det, at om eit lag er sponsa av Red Bull så er ein eit dårleg forbilde. Dei er utruleg god støtte, og me skal fortsette med dei gode verdiane me har og som eit lag fortsette å pushe vidare og få folk til å følge draumane sine.
Svarar på kritikken
– Red Bull er usunt, og det er heilt unødvendig, sa matskribent og TV-kokk Viestad til NRK då nyheita om avtalen kom tysdag.
Konfrontert med innvendingane seier Kristoffersen:
– Sukker, karbohydrat og koffein er ein veldig stor del av idrett når ein ikkje er barn lenger, tenkjer eg. Og viss ein set seg litt inn i det, så skal ein vere veldig forsiktig med å seie kva som er sunt og usunt. Så ja, kan tenkje litt på det, seier han til NTB.
Viestad meinte også at idretten var umoralsk og usunn. Til det svarar landslagsstjerna:
– Toppidrett er usunt. Det er ikkje sunt å presse kroppen slik toppidretten gjer. Men idretten er ikkje usunn på nokon som helst måte. Kona mi har jo mastergrad i ernæringsfysiologi, så eg har jo fått med meg litt opp gjennom, seier han.
Thea Louise Stjernesund og Timon Haugan meiner det er viktig å hugse på aldersgrensa til produktet, men meiner sponsoravtalen er utelukkande positiv for landslaget.
– Reint sportsleg så er det heilt sjukt å ha ei tilknyting til Red Bull. Det er ein «aura» og eit varemerke som er berre positivt å vere assosiert med, meiner eg. Eg synest det er dritkult, seier Stjernesund til NRK.
– Det er kjempekult at Red Bull sponsar eit heilt lag. Forhåpentlegvis så gagnar det oss og laget. Det er det som er målet, at kaka blir større for begge partar, seier Haugan.
Enda i retten
No som avtala er i boks, kan Kristoffersen endeleg leggje bak seg ein konflikt han har hatt med landslaget.
– Eg har mine meiningar, hatt mine meiningar og ikkje endra mine meiningar nokon gong.
Han har i fleire år hatt ein privat sponsoravtale, men fekk ikkje lov av Norges Skiforbund til å køyre med logoen deira på hjelmen. Det var lenge ein pågåande konflikt, som til slutt enda i retten. I 2019 tapte han saka mot Skiforbundet i Oslo tingrett.
– Eg er veldig fornøgd med det som har blitt no, og så veit vel folk kva eg tenkjer om kva som har vore, seier han til NRK.