– Eg er jo litt redd. Mest bekymra for barna. Det verst tenkelege er jo at dei har tatt skade av det.
Det seier firebarnsmor Linn Elisabeth Dregelid. Ho er i ein av husstandane som får vatnet sitt frå Kyrkjebø vassverk i Høyanger i Sogn.
– Det er jo ille å tenke på at vi har gitt ungane våre drikkevatnet i kanskje fem år, og trudd at det var trygt, seier Dregelid.
Hydro har ein stor aluminiumsfabrikk i Høyanger sentrum.
Men det er ikkje mistanke om at smelteverket har noko med aluminiumsmengdene i vatnet frå vassverket som ligg over 10 kilometer unna.
Kommunen visste i fire år
Torsdag innførte Høyanger kommune drikkeforbod for 700 husstandar knytte til Kyrkjebø vassverk, fordi det var målt for mykje aluminium i drikkevatnet.
Ordførar Petter Sortland seier at dei visste om at det var høge aluminiumsverdiar i vatnet allereie i 2021.
– Eg synest jo det er rart at kommunen ikkje har informert. Eg opplever at folk er overraska, litt sjokkerte og urolege. Bekymra og irriterte, seier Dregelid.
Mor varsla kommunen
Ei anna småbarnsmor, Siv Helen Lillehauge Bjørsvik, reagerte i fjor haust på vasskvaliteten i heimen. Ho sende då vatn til testing.
Svaret frå Sunnlab AS:
Det var over dobbelt så mykje aluminium i vatnet som tilrådd.
I eit brev til kommunen i november varsla Bjørsvik om kvaliteten, og skreiv mellom anna:
«Hunden er faktisk meir interessert i å drikke sølepyttvann, enn vatnet frå springen».
– Kommunen sa at dei skulle få fagfolk til å sjå på det, og halde meg oppdatert. Så høyrde eg ikkje noko meir etter det, seier Lillehauge Bjørsvik.
Kommunen svarte ikkje
I mars i år sende ho kommunen resultatet frå ei ny måling, der verdien hadde stige enda meir.
Men først denne veka kom kommunen med informasjon om vatnet og innførte drikkeforbod.
– Eg synest det er litt skremmande at vi har drukke på dette og trudd at det var trygt, seier Lillehauge Bjørsvik.
Ordføraren beklagar at ho ikkje har fått tilbakemelding før no, og forklarer at dei har brukt tid på å hente inn fagkompetanse.
– Siv Helen skulle ha fått melding og tilbakemelding frå kommunen lenge før. Det har eg lyst til å nytte høvet til å beklage overfor henne. Det er ikkje godt nok frå vår side, seier Sortland.
Opptil 28 gongar høgare verdiar enn tilrådd
For at mengda aluminium i drikkevatn skal vere helsemessig trygg, er grensa på 0,2 mg aluminium per liter, opplyser FHI.
FHI har gjort ei vurdering av drikkevatnet frå Kyrkjebø vassverk.
Den viser at vatnet har ein gjennomsnittsverdi på 0,54 mg aluminium per liter sidan 2021.
Altså meir enn dobbelt så mykje som grenseverdien.
Den høgste målinga viser 0,84 mg aluminium per liter.
– Med desse verdiane vil alle aldersgrupper ligge over tolegrensa for aluminium, skriv FHI i vurderinga.
Nyfødde, spedbarn og småbarn er dei som er mest utsette for dei negative helseeffektane av aluminium. Dei ha difor ein enda lågare grenseverdi enn eldre.
For desse gruppene overskrid dei gjennomsnittlege målingane grenseverdien med 4–18 gongar, medan dei høgste målingane overskrid verdien med 6,5–28 gongar.
– Ein auka risiko av denne størrelsen blir ikkje sett som trygt for desse aldersgruppene, spesielt ikkje for spedbarn, skriv FHI.
Langvarig inntak av vatnet kan gi irreversible skadar på nervesystemet.
Alle barn som har vore fastbuande på Kyrkjebø i perioden frå 2021, og som var mellom 0 og 3 år gamle, må no følgjast opp med regelmessige helseundersøkingar, opplyser kommunen.
Gripestyrke og kognitive effektar
Trine Husøy er seniorforskar i Avdeling for mattryggleik i Folkehelseinstituttet. Ho forklarer at grenseverdiane er sett ut frå tilfella der alt ein drikk i løpet av ein dag kjem frå dette drikkevatnet.
– Vi må hugse på at det er snakk om langtidseffektar, ikkje akutteffektar. Det er ein sikkerheitsmargin på 100. Men vi har så store overskridingar her at risikoen er monaleg auka.
– Kva helsekonsekvensar aluminium i drikkevatn gje?
– I dyrestudiar ser ein blant anna effektar på nervesystemet. Til dømes gripestyrke hos rotter, altså kor sterke dei er i «hender og føter». Det er også sett effektar på kognitive effektar hos rotte.
Ho seier store born og vaksne toler meir enn babyar fordi dei rett og slett har større kroppar.
– Forsøk har vist størst effekt på dei rottene som er minst, altså dei unge rottene.
Aluminium frå naturen, ikkje industri
Kyrkjebø vassverk ligg 11 kilometer i luftlinje frå Hydro sin aluminiumsfabrikk i Høyanger sentrum.
Verken kommunen eller FHI koplar aluminiumsmengdene i drikkevatnet til smelteverket.
Husøy seier det generelt er fleire kjelder til aluminium i drikkevatn.
– Men det meste av aluminiumen kjem naturleg frå miljøet, ikkje frå industri. Aluminium er i bergartar, og i nokre område som har visse bergartar, kan du få relativt høge aluminiumverdiar i vatnet.
Ho legg til at aluminium også blir brukt som reinsemiddel i vatn for å bli kvitt organisk materiale.
Har sett ut tankar med drikkevatn
Høyanger-ordføraren seier kommunen allereie i 2021 fekk melding om at mange prøvar viste raudt nivå.
– Der har ikkje rutinane våre vore gode nok, seier han.
Sortland forklarar det med at målingane tidvis har vore for høge og andre gonger på rett nivå.
Kommunen har sett krisestab og det er sett ut tankar med drikkevatn til dei råka.
No skal kommunen gjere interne granskingar for å finne ut kvifor det ikkje har blitt gjort fleire tiltak tidlegare.
– Vi må forbetre rutinane våre både for å handsame og ta tak i slike ting, og ikkje minst følge opp dei konkrete tiltaka som ei slik varsling krev, seier Sortland.
Kommunen inviterer til folkemøte onsdag neste veke.