Fleire personar er skadde etter ein alvorleg frontkollisjon mellom to bilar på E16 ved Bolstadøyri i Voss herad.
– Fire pasientar er køyrd til Voss sjukehus og tre er flogne til Haukeland sjukehus, opplyser operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt.
Ifølgje politiet er skadeomfanget ukjend.
Ein fastklemd
Politiet fekk melding om ulykka rundt klokka 18 laurdag kveld.
Ein person sat fastklemd etter ulykka. Då brannvesenet kom til staden, starta dei arbeidet med å få personen laus.
Klokka 18:53 opplyste brannvesenet at dei hadde fått den fastklemde personen ut av bilen.
Rundt klokka 19 fortalde brannvesenet at alle personane var frakta til sjukehus.
– Det er ingen fleire skadde på staden, sa Bjørn Dolve i Voss Brannvern til NRK.
Alle naudetatane var på ulykkestaden. I tillegg kom eit redningshelikopter frå Bergen til staden.
E16 var stengd i fleire timar
Vegtrafikksentralen vest melder at E16 blei stengd. Dei har kalla ut mannskap for omskilting og dirigering på vegen.
Det er omkøyring via Hardanger og fylkesveg 49 og 79.
Rundt klokka 22.30 vart E16 opna att, ifølgje Vegtrafikksentralen.