Ulykke Eidsdal
ULYKKE: Tre personar skal ha vore i ulykkesbilen. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det melder politiet i Møre og Romsdal fredag ettermiddag.

Politiet jobbar framleis med å varsle dei pårørande.

Ulykkesgruppa og kriminalteknikarar frå politiet er på staden og gjer undersøkingar.

– Årsaka til ulykka er så langt ukjent, seier Renate Solheim Lysvik, operasjonsleiar i politiet.

Ulykke Eidsdal
Politiet gjorde undersøkingar på staden torsdag kveld. Desse held fram fredag. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Alvorleg

Politiet melde først om ulykka i Eidsdal i Fjord kommune 19.46 torsdag kveld.

Ein bilførar hadde køyrt av vegen og politiet opplyste at ulykka verka alvorleg.

– Det er ein person som er alvorleg skadd, sa operasjonsleiar Ragnvald Knut Rasmussen torsdag kveld.

Luftambulanse, ambulanse og brannvesenet var også på staden.

Fredag morgon opplyser politiet at det totalt var tre personar i bilen.

Også desse blei sende til sjukehus etter ulykka, men skal ikkje ha fått store skadar.

– Dei to har blitt avhøyrde, seier Solheim Lysvik.

Veg stengt i timevis

Fylkesveg 63 ved ulykkesstaden blei stengd som følge av hendinga, og Vegtrafikksentralen jobba med å finne alternative omkøyringsmoglegheiter.

Både ulykkesgruppa til Statens vegvesen og kriminalteknikarar frå politiet har gjort undersøkingar på staden.

Fredag morgon blei vegen opna for normal trafikk.

Den kan bli stengd igjen når politiet fortset arbeidet sitt på staden fredag og når bilen skal bli berga.

Klokka 10.40 melder Vegtrafikksentralen at det er manuell dirigering på staden.

Trafikklulykke Fjord
Politiet, brannvesenet, ambulanse og luftambulanse rykte ut til ulykka. Foto: Britt Ingunn Maurstad / Storfjordnytt