Oppdatering 18.05: E39 i Brusdalen er no opna for trafikk etter ulykka, melder vegtrafikksentralen.
Ulykka skjedde på E39 i Brusdalen i Ålesund like før klokka 10.30. Ein personbil og lastebil skal ha kollidert front mot front.
Det var ein person i kvart køyretøy, ifølge politiet.
Skadegrad er ukjent, men politiet beskriv ulykka som alvorleg.
Dei involverte fekk først helsehjelp på staden.
– Føraren av personbilen blir køyrt til sjukehus for nærare undersøkingar og behandling. Føraren av vogntoget er uskadd, opplyser politiet rundt 11.30.
Ulykka skal ha ført til store materielle skader.
Kom over i feil køyrefelt
Kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på staden.
– Dette for å få gjort diverse undersøkingar, fortel Lars Lundemo, innsatsleiar i politiet.
I ei oppdatering rundt 14.30 melder politiet at dei har ein mistanke om kva som var årsaka til ulykka.
– Spor på staden, kombinert med opplysningar frå vitne, tyder på at ein personbil kom over i motgåande køyrefelt og kolliderte med lastebilen, seier Line Kjernli Karlsen, operasjonsleiar i politiet.
Føraren av personbilen var ei kvinne i 70-åra. Politiet melder at dei ikkje har oppdaterte opplysningar om helsetilstanden til kvinna.
Klokka 14.30 jobbar kriminalteknikarar og ulykkesgruppa framleis med undersøkingar på staden. I mellomtida er vegen stengt.
– Det er uklart kor lenge den blir stengt, men vi håper å få opne den så fort som råd etter at undersøkingane er gjort, seier Lundemo.
Like før 12.00 blei nokre av bilane som stod i kø dirigert forbi skadestaden.
Var i området
Politiet i Møre og Romsdal fekk melding om ulykka rundt 10.30.
– Ei patrulje frå politiet var tilfeldigvis i området, samtidig som meldinga kom inn, så vi var tidleg framme på staden, seier Jan Arild Austnes, operasjonsleiar i politiet.
I tillegg til politiet rykte også brannvesenet og helsepersonell ut på hendinga.
Det er 80-sone på staden der ulykka skjedde.
Vegen kan bli stengt lenge
Personbilen står framleis i vegbana, medan lastebilen står i grøfta.
E39 er stengt som følge av ulykka. Dette er ei svært trafikkert strekning og hendinga fører til store trafikale utfordringar på staden.
Det er venta at vegen kan bli stengt lenge.
Det er mogleg å køyre om fylkesveg 526 via Ellingsøy og fylkesveg 656 via Valle/Magerholm.