Amalie Iuel
FRYKTA DET VERSTE: Amalie Iuel hadde mange negative tankar då ho sleit med sjukdom berre veker før høgdepunktet i sesongen. Foto: Alem Zebic / NRK

Det var dei negative tankane som slo Amalie Iuel då ho låg sjuk heime og såg Diamond League i London.

Berre veka før hennar aller siste NM, og tre veker før hennar aller siste EM hadde ho fått ei kraftig forkjøling og var sengeliggande med feber.

– Eg låg i sofaen på laurdag og syntest veldig synd på meg sjølv. Eg låg sjuk og tenkte «eg kjem aldri til å springe så fort igjen», og grov meg sjølv ganske langt ned, seier Iuel til NRK.

Det etter ein sesong der ho har prestert betre enn nokon gong med ny personleg rekord på 54,05.

– Fort gjort å bli pessimistisk

Samtidig som Iuel låg sengeliggande med feber heime i Noreg, leverte treningskompis Karsten Warholm og Henriette Jæger to sterke løp.

Warholm sprang inn til årsbeste i verda, mens Jæger sette ny norsk rekord på 49,15.

– Det var også nokon som sprang veldig fort i mitt fråvær, og då blir ein jo sånn «å nei, no ryk alt». Det er fort gjort å bli litt pessimistisk, innrømmer Iuel.

Iuel er i Trondheim i forbindelse med NM i friidrett.
EM-KLAR: Amalie Iuel skal konkurrere i sitt siste EM i august. Foto: Terje Haugnes / NRK

Dermed blei sigeren i NM laurdag med tida 54,74 ei kjærkommen bekrefting på at forma er der – både fysisk og mentalt.

– Det var veldig herleg å kjenne at det var mellombels og at kroppen ikkje har gløymt kva den skal gjere. Den er såpass sterk at den klarer å komme tilbake, så det var veldig gøy, seier Iuel.

– Eg er veldig godt fornøgd med det løpet der. Eg håpa ho skulle springe på 54-talet, og det gjorde ho. Så eg er godt fornøgd, seier trenar Leif Olav Alnes på spørsmål om korleis han syntest Iuel hadde takla veka med sjukdom.

Det var første gong Iuel sprang under 55 sekund i ein noregsmeisterskap.

Amalie Iuel
EIN SISTE TAKK: Amalie Iuel takka publikummet under NM ein siste gong. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Godkjensle før EM

At Iuel gjorde det i hennar siste NM betydde mykje.

– Det var ekstra gøy å ta meisterskapsrekorden – eg hadde håpa på at den skulle ryke, seier Iuel.

– Kva betyr det å få denne bekreftinga så tett opp mot EM, når kroppen ikkje var heilt som den skulle?

– Det er veldig motiverande, fordi eg var veldig usikker i forkant. Å få den bekreftinga før EM gir ei veldig godkjensle, og gjer at ein tør å satse litt.

– Dette gir meg veldig gode svar før EM.

EM blir arrangert i Birmingham og går føre seg frå 10. august til 16. august. Meisterskapet visast på NRK.