dame i ambulanse uniform.
Kaya Lynn Greve Gullaksen er snart ferdig utdanna som ambulansearbeidar. Foto: Henning Myntevik / NRK

Ambulansefag er no så populært at ein i deler av landet må ha berre toppkarakterer for å komme inn.

Tal frå fylkeskommunen viser at søkjarane måtte ha minst 55,6 karakterpoeng for å få studieplass ved skulane i landet som tilbyr VG2 ambulansefag.

Det inneber toppkarakterar i dei fleste fag.

Men sjølv med svært gode karakterar er ingen garanti for ein framtid som ambulansearbeidar.

Kaya Gullaksen er ambulansefagarbeider i Bergen
Sjekk av nødvendig utstyr er viktig før ambulansar skal ut på oppdrag. Foto: Henning Myntevik / NRK

Frå skulebenken til blålys

Kaya Gullaksen er blant dei som har sikra seg den ettertrakta studieplassen.

Ho er lærling ved Fana ambulansestasjon i Bergen, og er ferdig utdanna til hausten.

Den siste delen av lærlingtida bruker Gullaksen til å førebu seg på eit yrke der ein ofte møter menneske i sårbare situasjonar.

På stasjonen står ein eigen øvingsambulanse der dei trenar på prosedyrar, samhandling og kommunikasjon.

For Kaya har læretida vore ei moglegheit til å utvikle seg både fagleg og personleg.

– Eg synest utdanninga passar meg fordi ho kombinerer fleire ting eg likar. Eg får jobbe med menneske, bruke kunnskapen min og vere ein del av eit lag der alle må stole på kvarandre.

Samtidig er det variasjonen i yrket som trekkjer ho.

– Eg har lyst på ein kvardag der eg ikkje heilt veit kva eg går til, og eit yrke der eg alltid må halde meg fagleg oppdatert.

dame i ambulanse uniform.
– Det er eit yrke der ingen dagar er like, seier Gullaksen. Foto: Henning Myntevik / NRK

Når alarmen går

For ein ambulansearbeidar kan eit oppdrag starte med berre nokre sekund til å omstille seg og førebu seg på det som ventar.

– Når alarmen går, kjem det litt an på kva me skal ut på. Nokre situasjonar møter me ofte, medan andre skjer sjeldnare, fortel Gullaksen.

På veg til pasienten førebur ho seg så godt ho kan.

– Eg kan lese meg opp på sjukdommar eg ikkje kjenner så godt, sjekke medisinar, doseringar og kontraindikasjonar. Så legg me ein plan for kven som gjer kva når me kjem fram, korleis me skal plassere bilen, og korleis me eventuelt skal få pasienten ut.

Eit yrke som krev heile mennesket

For ambulanselærlingane er det ein kvardag der dei få brukt både fagkunnskap og personlege eigenskapar.

– Det mest spennande er å sjå at tiltaka me gjer verkar. Når pasientane blir betre av behandlinga me gir, som medisinar, oksygen eller smertelindring, og me ser at det me har lært og øvd på faktisk hjelper, er det veldig givande.

Samtidig finst det oppdrag som krev meir enn medisinsk kunnskap.

– Det mest utfordrande er kanskje pårørande. På krevjande oppdrag, som dødsfall eller når barn er involverte, handlar det ikkje berre om å hjelpe éin pasient. Du må også ta vare på dei rundt.

Dame og mann står foran en ambulanse
Far og dotter på ambulansestasjonen: Kaya Gullaksen har eit ynskje om å gå i fotspora til faren. I dag arbeider dei i lag på stasjonen i Fana. Foto: Henning Myntevik / NRK

Det er personlegdomen som avgjer

Kaya bestemte seg tidleg at det var ambulansearbeidar ho skulle bli. Far hennar, Frank Greve, skal ha litt av æra for yrkesvalet.

Han er nemleg ansvarleg for ambulanselærlingane i Helse Bergen. Han seier dei høge karakterane berre fortel éin del av heilskapen.

– Når dei skal ut i lære, handlar det om mykje meir enn skuleprestasjonar, seier han.

Som lærling må elevane vise at dei kan bruke kunnskapen sin i møte med ekte menneske og uføreseielege situasjonar.

– Det er ikkje berre fysikk me ser etter. Me ser på kor modne dei er, korleis dei handterer ansvar, om dei tek imot instruksar og om dei klarer å vere ein leiar når situasjonen krev det, seier Greve.

Etter kort tid i lære skjer det store utviklingar.

– Etter eitt år i lære er dei blitt veldig flinke og oppegåande. Dei har mykje å henge fingrane i, og dei står i det med brask og bram.

Frank Greve er ansvarlig for ambulanselærlinger i Bergen
Ansvarleg for ambulanselærlingane i Helse Bergen, Frank Greve seier at rett personlegdom er ei viktig faktor som ambulansearbeidar. Foto: Henning Myntevik / NRK

Få plassar skapar hard konkurranse

Den høge poenggrensa betyr ikkje nødvendigvis at ambulansefaget er fagleg vanskelegare enn andre utdanningar.

Hege Osebakken, fagleiar for inntak og forvaltning i Vestland fylkeskommune, forklarar at konkurransen om plassane først og fremst kjem av at det er få av dei.

Portrett av en kvinne med blondt hår i et innendørs lokale. Hun bærer dongerijakke og regnbuebånd.
Hege Osebakken i Vestland Fylkeskommune forklarar at det ikkje berre er å lage fleire skuleplassar. Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

– Når det er så mange søkjarar om plassane, så blir karaktersnittet høgt. Det er ein kamp om å komme inn.

Osebakken forklarar at dei ikkje berre kan lage fleire klassar, slik at fleire kan ta ambulansefag.

– Antal skuleplassar heng saman med kor mange læreplassar helseføretaka har meldt inn til oss. Me kan ikkje setje ungdommen på spel og ta inn fleire elevar enn som kan få seg læreplass.

Kaya Gullaksen er ambulansefagarbeider i Bergen
– Det er eit yrke der ingen dagar er like, seier Gullaksen. Foto: Henning Myntevik / n654323

Kaya oppfordrar likevel dei har ein draum om å bli ambulansearbeidar til å tenkje på karakterane så tidleg som mogleg.

– Med ein gong ein finn ut kva ein vil bli, så er det berre å jobbe med karakterane.