I ein gymsal på Kyrkjebø i Høyanger er det laga klart 120 stolar, men det er ikkje nok.
Salen er full. 300 har møtt opp og fleire står ute for å få med seg folkemøtet.
Det har gått seks dagar sidan dei ikkje kunne drikke vatnet frå springen heime.
Sist veke vart det kjent at drikkevatnet har hatt for høge verdiar av aluminium i over 15 år.
Denne kvelden skal alle korta på bordet.
Fleire er bekymra. Fleire ønsker svar. Og fleire håpar på tiltak.
Stappfull sal og mange spørsmål
– Kvifor har dei sat på dei ulovlege analyserapportane år etter år utan å gjere noko, spør Ole Ivar Luggenes frå salen.
Han er blant dei 300 lokale som har samla seg i Kyrkjebø skole.
Svaret frå kommunen er klart:
– Linja har vore raud, men vi har ikkje sett på aluminium som ei utfordring.
Det seier einingsleiar for kommunalteknisk drift i Høyanger kommune, Geir Øyvind Hovlandsdal.
– Mattilsynet har òg fått desse rapportane, så vi har ikkje ignorert det, seier han.
Kommunen innrømde at dei så seint som for to veker sidan ikkje var klar over konsekvensane.
No legg kommunen fram strakstiltak for å handtere problemet.
FHI: – Inga stor grunn til bekymring
Sist veke åtvara Folkehelseinstituttet (FHI) om «irreversible nerveskadar» etter avsløringa.
No snur dei.
– Verdiane er framleis innanfor sikkerheitsmarginane. Det er difor inga stor grunn til bekymring for befolkninga, sa Trine Husøy, forskar ved avdeling for mattryggleik i Folkehelseinstituttet.
FHI understrekar at totalbelastninga over tid er problemet, ikkje akutt skade.
– Det er ikkje påført helseskade av vatnet no. Men totalbelastninga blir over den helsebaserte grenseverdien, og eksponering over tid gjev auka risiko, forklarer Husøy.
Ho bekreftar at det ikkje er mogleg å svare klart på om det er farleg, men understrekar at eksponeringa må ned.
Droppar helsekontroll av barn
Tidlegare kalla kommunen inn barn i alderen 0–3 år til helsekontroll etter fare for aluminiumsforgiftning.
No blir planane skrinlagde.
Det fekk foreldre i salen til å riste på hovudet.
Blant anna Kjersti Haugen etterlyste svar på oppfølging av barna.
– Kva skjer no med borna? Kva slags symptom skal ein i tilfelle sjå etter?, spurde ho.
Også Ann-Kristin Nygaard reagerte sterkt på at eksponeringa ikkje blir dokumentert i journalane deira for framtida.
Kommuneoverlege Mie Linn Bastholm svarte:
– Det er lite hensiktsmessig med regelmessig oppfølging av barn. Det er umogleg å seie presist kva symptom vi skal sjå etter.
Har sett inn strakstiltak
Vegen vidare for dei 900 innbyggjarane på Kyrkjebø er framleis prega av uvisse.
På lengre sikt er målet å fikse vasskjelda eller finne ein ny.
Inntil det skjer, må dei lokale halde fram med å hente drikkevatnet sitt i kanner frå krisetankane.