Dame i blå genser
SLAPP UNNA: Andrea Verpestad har einvegsbillett til Singapore. Ho slapp akkurat unna flyleiarstreiken. Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

– Jaaaaa!

Andrea Vespestad ser mot taket og jublar i innkomsthallen på Bergen lufthavn Flesland.

Ho hadde einvegsbillett til Singapore måndag ettermiddag.

Dermed slapp ho akkurat unna flyleiarstreiken, som vart avblåst rett før avgang.

Då kom Spekter og Avinor og Flygeleiarforeningen til einigheit etter tre dagar med streik.

Streike førte til massive kanselleringar og forseinkingar. Fleire passasjerar måtte sove på golvet på flyplassen.

– Det var litt krise i helga, for eg hadde sett fram til denne reisa i eit halvt år. Det var veldig deilig, seier ho.

Vespestad er nyleg ferdig med medisinstudiet. Etter mange år på skulebenken er planen no å reise og ta ein pause.

Ho veit ikkje kor lenge ho blir borte.

– No handlar det om å gi seg sjølv moglegheita til å sjå at livet kan vere noko anna enn berre prestasjon. Nitten år på skulebenken skal feirast!

Passasjerer Flesland
400 menneske måtte overnatte på Flesland natt til søndag. Nokre fekk sove på feltsengar, andre på golvet. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Måtte betale over 10.000 kroner

For andre reisande har streiken fått langt større økonomiske konsekvensar.

Familien Mazzucco frå Italia fekk flyet sitt kansellert laurdag. Dei hadde håpa på hjelp frå flyselskapet til å kome seg heim, men måtte til slutt ordne opp sjølve.

– Vi fekk beskjed om å vente på ny informasjon om eit nytt fly som skulle ta oss heim, men det skjedde aldri. Vi vart sitjande fast her i Bergen, seier Tiziana Mazzucco.

Heldigvis fekk dei hjelp frå uventa hald.

– Vi møtte eit hyggjeleg norsk par som inviterte oss heim til seg. Der fekk vi bu i to dagar.

Mor, far og to sønner
Familien Mazzucco frå Italia fekk flyet sitt kansellert laurdag. Dei måtte til slutt bestille nye billettar sjølve. Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Familien fortel at ingen har ringt dei eller teke kontakt.

– Til slutt måtte vi bestille nye flybillettar sjølve. Det kosta oss over 10.000 kroner, og no skal vi etter planen vere tilbake i Milano i morgon, seier ho.

Familien har ikkje fått nokon kompensasjon, og meiner at det har vore vanskeleg å få kontakt med flyselskapet.

– Vi har prøvd å ringje, men det har ikkje gått. Det har vore veldig frustrerande, seier ho.

Ingen hotell var ledige

Det enda derfor med at dei måtte leige bil og køyre til Dale, der dei måtte ha ei ekstra overnatting med familien.

– Alle hotell var fullbooka, så vi måtte dra dit. Det var overveldande, seier ho.

Også ho seier at flyselskapet ikkje kontakta dei. Dei har heller ikkje fått kontakt med dei.

– Eg trur ikkje vi vil komme tilbake til Noreg etter dette.

Passasjerer Flesland
Søstrene Aleksandra og Andrea Brekke skulle ta flyet til Litauen, men flyet deira vart kansellert laurdag. Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Frustrerte passasjerar: – Det er frykteleg

Måndag morgon var det venta 87.000 reisande innom Gardermoen lufthamn.

Også her fortel passasjerar at dei har slit med å få kontakt med flyselskapet sitt etter at flyet deira har blitt kansellert.

Ein ung mann fortel at flyet hans til Irland blei kansellert i går. No er han på Gardermoen og håper han kjem seg med i dag.

Men flyet er overbooka og han kan ikkje vite om han kjem seg vidare.

– Det er frykteleg. Eg må jo tilbake på arbeid, seier han til NRK.

Reisende sjekker inn bagasje ved selvbetjente automater i en travel flyplasshall. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Det var hektisk stemning på Gardermoen i morgontimane. Foto: Bård Nafstad / NRK

400 måtte overnatte

Streiken har ført til stor uvisse for dei reisande. Fleire avgangar har blitt kansellerte, medan andre har blitt kraftig forseinka.

– Dette har vore svært krevjande dagar for oss og alle dei reisande her på Bergen lufthamn, seier Cathrine Framholt, kommunikasjonsansvarleg for Avinor ved Bergen lufthamn, Flesland.

Dame i oransje refleksvest
Cathrine Framholt, kommunikasjonsansvarleg for Avinor ved Bergen lufthamn, Flesland. Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Kva har vore mest krevjande?

– Det har vore lite føreseielegheit, kanselleringar og mange forseinkingar. Vi hadde rundt 400 menneske som overnatta her på terminalen natt til søndag, fortel Framholt.

Også 50 personar måtte overnatte natt til måndag.

No kan dei tilsette endeleg sjå framover.

– Vi kjenner på ei stor lette over at vi kan gå tilbake til normalen, seier ho.