Nordland Arbeiderparti har hatt nettsida «Rentekutt for alle eller skattekutt for de få» – no er nettsida tatt ned.
Det skjer same dag som Noregs Bank set opp styringsrenta.
Nettavisen omtalte saka først.
– Nettsida blei laga i valkampen for å vise kva som stod på spel ved valet. Det er eit skilje mellom høgresida som gjekk til val på skattekutt til dei rikaste og Arbeidarpartiet som gjekk til val på trygg økonomisk styring for folk sin kvardagsøkonomi.
Det skriv Emma Giskås, kommunikasjonssjef i Arbeidarpartiet, i ei tekstmelding til NRK.
– Det er naturleg at vi jamleg oppdaterer nettsidene våre. Det stemmer at nettsida blei tatt ned i dag, legg ho til.
Tuva Moflag, finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, vil ikkje sjølv kommentere saka, men viser til kommunikasjonssjefen sitt svar.
Høgare rente
I fjor gjekk statsminister Jonas Gahr Støre til val på «rentekutt for alle – eller skattekutt for noen få?».
I partiprogrammet kjem partiet med lovnadar om «Trygg økonomisk styring – slik at rentene kan settast ned». I dag blei det klart at Noregs Bank set opp styringsrenta frå 4,25 til 4,50 prosent.
Sjå Debatten om renta som går opp, opp, opp:
– Forsøk på å kamuflere flausen
– Sjølv om dei prøver å skjule ei nettside med villeiande innhald, så trur eg at folk hugsar veldig godt at det blei gitt eit løfte om skattekutt, som dei no ikkje innfrir, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
– Det blir tvert i mot skatteaukingar, legg ho til.
Listhaug understrekar at Arbeidarpartiet gav løftet om rentekutt sjølv om det er Noregs Bank og ikkje dei politiske partia som styrer renta.
– Det er vel eit forsøk på å kamuflere den flausen dei har gjort, legg ho til.
Frp-leiaren trur ikkje det er tilfeldig at nettsida blei tatt ned akkurat i dag.
– Det er klart at når ein lovar skattekutt og så har det blitt to rentehevingar, og det kan kome fleire, då skjønner eg at ein ønsker å fjerne ei nettside som var villeiande marknadsføring allereie i valkampen.
Moflag nekta å lese partiet sin plakat under valkampen:
ENDRING:
I ein tidlegare versjon av artikkelen stod det at Tuva Moflag ikkje ønskte å kommentera. Dette er justert til at Moflag ikkje sjølv ønskjer å kommentera saka, men viser til svaret til kommunikasjonssjefen 25.09 kl. 07.25.