– Det bruker å bli litt for kaldt, og lange køar og rot på dekksenteret, seier Finn Andersen, som er blant mange som har sikra seg time hos Dekkcenteret Ålesund fredag.

Rekordtidleg for han å vere, erkjenner han. Men kalenderen viser 9. oktober, og vinteren er i anmarsj.

Dekkmontør Erik Sand fortel om høgt tempo på arbeidsplassen, men likevel hevdar han at det er eit «kontrollert kaos».

– Folk er generelt nervøse for at veret skal snu fort. For det kan jo skje.

Også Dekklåven på Furnes i Brumunddal melder om hektiske timar før helga.

Verkstaden anslår at dei bytter dekk på rundt 300 bilar om dagen.

– Her er det full fart, og det er tydeleg at folk har vakna opp etter å ha kjent på den kalde lufta. Men det liker vi, seier dagleg leiar Emil Holmvik.

Første snøfall i fjella

Det er kanskje ikkje så rart at folk har kasta seg rundt før helga.

Finn Andersen skulle få skiftet dekk fredag i Ålesund.
Finn Andersen var blant mange som skifta dekk i Ålesund fredag. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Meteorologane har nemleg sendt ut gult farevarsel for snø i store delar av Sør-Noreg.

I løpet av 24 timar er det venta mellom 5 til 15 cm snø i fjellet, ifølgje varselet.

Snøen er venta å komme i høgareliggande område, mellom 900 og 1100 meter over havet, først i vest.

På Austlandet er snøgrensa venta å falle ned mot 500 meter over havet.

Det ventast lokalt vanskelege køyreforhold.

NAF ber bilistar om å vere ekstra varsame på vegane, særleg dersom ein har tenkt seg over ein fjellovergang.

– Sommardekk på vinterføre duger ikkje, og kan føre til trafikkfarlege situasjonar for både deg og andre på vegen, seier Nils Sødal, rådgivar i NAF.

Faren minkar i vest laurdag formiddag, men vil vare ut heile helga for delar av Austlandet, ifølgje meteorologane.

Gult farevarsel fra Meteorologisk institutt
Farevarselet gjeld frå Bygland i Agder til Røros i Trøndelag. Foto: Meteorologisk institutt

Står klar dersom uhellet først skulle vere ute

Bilbergar Edvard Eide meiner folk flest ventar for lenge med å bytte dekk.

Det fører til unødvendig mange oppdrag for han og kollegaene i Nordvest redning.

– Folk ventar lengst mogeleg. Da blir det litt kaos kvart år, fortel han.

– Men vi står klar til å rydde vegen for dei som køyrer seg fast, betryggar han.

Lang ventetid ved dekksentera

Dersom du enno ikkje har bestilt time ved verkstad, kan det vere at du må smørje deg med tolmod.

Det er nemleg to veker ventetid på å få time, i alle fall dersom du har tenkt deg til Dekklåven i Brumunddal.

Emil Holmvik er daglig leder på Dekklåven
Emil Holmvik er dagleg leder på Dekklåven og har travle dagar framfor seg. Foto: Aleksander Nordengen Brevig / NRK

– Vi tek også drop in, men då må du ofte vente mellom tre til fire timar, fortel Holmvik.

Han trur, i likskap med Eide at folk flest ventar for lenge.

Han trur også at folk er litt seinare ute i år enn vanleg. Mange har dessutan gått over til dekkhotell no, grunna overgang til elbilar og tyngre hjul.

– Men vi driv på heile året, og det å skifte dekk er ikkje noko folk burde finne på sjølv akkurat, minner dekkmontøren om.