89,2 millimeter nedbør.
Det var fasiten for det siste døgnet kl. 8 på målestasjonen Florida i Bergen. Det er det meste det har regna på 24 timar i byen sidan 30. desember 2019.
Den gong bøtta det ned 92 millimeter på eitt døgn. Altså knappe tre millimeter meir.
Sjølv om meteorologane melde gult farevarsel for mykje regn frå søndag ettermiddag til måndag ettermiddag, blir dei overraska over mengdene siste døgn.
– Det er faktisk nesten sju år sidan sist det var slik nedbør. Så det er eg faktisk litt overraska over, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Det er det tredje våtaste døgnet for oktober ved Florida i Bergen sidan opprettinga av stasjonen, opplyser meteorologen.
– Det er jo vått. Det har vore nedbør i eitt bankande køyr i Bergen, seier Fagerlid.
Meteorologisk Institutt opplyser til NRK at dei reknar døgnnedbør frå kl. 08 til kl. 08 neste dag.
Utan store hendingar
I forkant av døgnet vart det meldt gult farevarsel, og det er meteorologane nøgde med.
– Vi tenkjer det var rett med gult farenivå fordi det var ein periode i natt der det roa seg ned. Så då fekk terrenget og vassdrag tid til å slappe av, seier Fagerlid.
Til no har nedbøren falle utan dei heilt store hendingane på vegnettet.
Nokre fylkesvegar er utsette for flaum, medan andre er stengde eller risikerer å stenge grunna fare for skred. På sjøen er ferjer og ekspressbåtruter mellombels innstilte.
Trafikkoperatør Marianne Hove ber likevel folk følgje med når regnet tek seg opp att i føremiddag. Ting kanskje når regnet bøttar ned over allereie vassmetta jord.
– Det kan vere fare for overvatn og vassplaning. Det kan kome ras eller tre i vegbana, som kan kome brått på. Ein må vere litt obs og ekstra årvaken om ein skal ut å køyre i dag, seier ho.
Store forskjellar på Vestlandet
Sjølv om det siste døgnet har vore regntungt i Bergen, har ikkje alle stadene på Vestlandet opplevd den same nedbørsmengda.
På Voss har det berre vore ti millimeter nedbør og i Odda 14 millimeter det siste døgnet.
– Det er veldig stor skilnad mellom Bergen og indre strøk. Det er som dag og natt. Alle desse kraftstasjonane ligg der og det er dei som hadde trengt dette regnet her, seier vakthavande meterelog.
Fagerlid opplyser at regnet vil bevege seg vidare til indre strøk i løpet av dagen.
– Det er første dag i haustferien for mange. Det er ikkje noko slikt vêr som innbyr til uteaktivitetar, men det er berre å kle seg godt og kome seg ut, seier meteorologen.
Orkan ved Stad?
Det er ikkje berre nedbør det kan bli godt med i dag. Langs kysten av Hordaland er det venta vestleg liten kuling, stiv kuling i fjellet. Lenger nord i Vestland er det sørvest stiv kuling, full storm kring Stad.
Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier vinden kan nå orkan styrke ved Stad.
– Det skjer nokon gonger i løpet av hausten at vi kjem opp i orkan styrke ved Kråkenes fyr. Om det skjer i dag er et spørsmålsteikn, men de pleier ofte å levere godt ut på Stad, seier han.