Sommaren 2024 kappa tre arvingar ned statuen «Småbrukarkjerringa». Noko som sjokkerte mange i bygda Romedal i Stange.
Brørne meinte dei hadde rett til å fjerne statuen, sidan det var den avdøde far deira som finansierte han. Det blei begynninga på eit bråk i den vesle bygda i Innlandet.
Fredag hadde mange tatt turen ut til Romedal i finvêret, da andre visepresident på Stortinget, Lise Selnes (Ap), fekk æra av å avduke den nye «småbrukarkjerring».
– Ho lèt seg ikkje true. Ho reiser seg, akkurat slik som denne bygda her, sa Selnes i talen sin før ho avduka «småbrukarkjerring» versjon 2.
Strid
Det var i 2015 far til brørne stifte foreininga Den Norske Småbrukarkjerringa.
Formålet var å reise ein statue for å heidre kvinnene som fekk småbrukslivet til å gå rundt.
Foreininga søkte, men fekk fleire gonger avslag på søknadene sine om finansiering av kommunen, etter det NRK har sett.
Eldsjela tok derfor opp eit privat lån på til saman 1,4 millionar kroner for å få statuen på plass.
Da faren døydde nyttårsaftan 2023, arva sønene hans gjelda.
Dei hevda i ettertid at kommunen hadde lova å bidra med 500.000 kroner, og at kommunen måtte betale dette. Kravet blei avvist av kommunen.
I etterkant av at brørne kappa ned den gamle «Småbrukarkjerringa», blei dei av leiaren av foreininga skulda for tjuveri. Sjølv avviste brørne dette, da dei meinte arvingane eigde statuen, ikkje foreininga.
– Eg blei veldig skuffa. Det har noko med respekten for eit kunstverk å gjere. Ein skal ikkje rappa eit kunstverk som står der.
Det seier kunstnar Bjørn Sørvang Hansen, som står bak både den nye og gamle kjerringa i bygda.
– Tel ikkje timar
Heilt sidan den førre blei riven sommaren 2024, har den vesle bygda jobba saman for å få på plass ei ny kjerring i hjartet av bygda.
Ei rekke frivillige har bidrege i arbeidet, i tillegg til at enkeltpersonar har gitt alt frå 50 kroner til 10.000 kroner i støtte til ny kjerring.
Samtidig har Sørvang Hansen gradvis jobba fram den nye versjonen, som han har brukt åtte månader på å ferdigstille.
– Kor mange arbeidstimar snakkar vi om?
– Eg veit ikkje. Det er mange arbeidstimar, men eg tel ikkje timane. Eg er oppteken av at resultatet skal bli bra, og kan jobbe seks eller tolv timar, det kjem an på dagsforma.
Sjølv meiner han den nye kjerringa er meir framtidsretta enn den gamle, med bøtte i den eine handa og ein baby i den andre armen.
– Det skjulte arbeidet
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som sjølv kjem frå Stange, meiner det er noko symbolsk ved det å avduke skulpturen på 1. mai.
– Småbrukarkjerringa som blei avduka er eit symbol på all kampen som har vore, alt slitet det har vore og det norske fellesskapsprosjektet.
– Dette er litt det skjulte arbeidet som kanskje aldri har fått den heideren. Damene som var heime på småbruka, mjølka kua og klarte å få til daglegbrød medan mannen var ute. Eg synest 1. mai er ein veldig naturleg dag å avduke småbrukarkjerringa.