I 150 år har slipset vore ein viktig del av vestleg herremote.
Men «ein kvelast jo!», seier folk. Så vi har sett det mindre og mindre. Derfor er ofte halsen naken hos menn i fine anledningar.
Heilt til ein gamal røvar dukka opp:
Ascoten. Kravatten. Silketørkleet. Kjært barn har mange namn.
Butikkar melder om ein markant auke dei siste par åra.
Slik som duoen bak denne relativt nye bedrifta:
– Ein viss klasse
Men Truls Hanssen (18) frå Bodø er ikkje typisk tørkle-brukar. Han jobbar i oppdrettet.
Han har heller ikkje tørkle.
Det har derimot fleire av gutane i gjengen. No vurderer Truls sterkt å skaffe seg eit.
– Ærleg sak, eg var på sosiale medium og fekk det opp ... Så tenkte eg at eg måtte dra for å teste det. Og det var over all forventning.
– Korleis då?
– Eg hatar slips og sløyfe! Men dette sit som silke.
Truls brukar berre slips ved spesielle anledningar. Helst ikkje.
– Men kjem du til å bruke dette, då?
– Ja, det trur eg.
– Kva kjenner du når du ser i spegelen?
– Eleganse. Det er ein viss klasse over det.
Det er ikkje Truls aleine om å tenkje:
– Gammal rikmannsmote
Tørkleet er ikkje populært blant alle unge menn. Langt ifrå.
Klede har, og vil alltid vere, ein måte for oss å kommunisere tilhøyrsle, sosial status, kultur og identitet.
– Det er jo eigentleg gammal rikmannsmote.
Det seier Synne Skjulstad som er professor i design og kommunikasjon ved Høgskulen i Kristiania.
– Det som trendar i eitt miljø, er ikkje nødvendigvis populært i eit anna, seier professor Skjulstad.
Christian Ringnes: – Stas
Ein som har gjort dette vesle tøystykket til eit varemerke, er forretningsmannen og kunstsamlaren Christian Ringnes.
Kva synest han om trenden?
– Du, eg synest jo dette er skikkeleg gøy, for eg har gått med dette skjerfet heile livet. Det var jo populært då eg var ung, men at det no skal vere populært igjen, det er jo ganske stas.
– Kvifor trur du det er blitt populært igjen, då?
– Det ser bra ut. Og det er meir komfortabelt. Det er jo derfor eg går med det! Det er deileg og lunt i halsen.
– Før var dei rike, eldre menn. No er dei tenåringar!
Sjølv om du kanskje tenker på dette som eit kakse-fenomen frå hovudstaden, er det langt frå Barcode til Bodø.
Butikken Riccardo har seld elegante herreklede sidan slutten av 80-talet, og har merka trenden. Det seier dagleg leiar Kristian Baustad.
– Før var det eldre, rike menn som brukte det. Men no kjem det tenåringar og tidleg vaksne for å kjøpe silketørkle. Det er nytt for oss, ja.
– Korleis er det?
– Kjempeartig!
– Brukar du det?
– Ikkje då eg vaks opp, då hadde alle kalla meg Christian Ringnes, ler namnebroren.
Auka sal dei siste to åra
NRK har vore i kontakt med fleire fysiske- og nettbaserte butikkar over heile landet. Mange fortel om auka sal av dette tilbehøyret.
Det har, som gutane bak Strandscot sjølv påpeiker, vore ganske kostbart. Gjerne ein tusenlapp.
– Det kunne fort føre til at dette haldt fram som eit plagg for øvre middelklasse. Men vi vil at fleire skal bruke det, skriv Herman Wessel-Berg.
Ingen av seljarane vil dele salstal av omsyn til konkurranse, men skriv dette:
Må ha vore ut for at det skal kome tilbake
– Det går gjerne 20 år mellom trendane.
Det seier professor Synne Skjulstad.
– For at noko skal bli in igjen, må det ha vore veldig ut.
Vi nemner i fleng: lågt liv, høgt liv, slengbukse, skinny jeans, tynne bryn, tjukke bryn, boblejakker, lange frakkar ...
Men det er ei god stund sidan ascoten, eller krabaten, var populær.
Skjulstad trur silketørkleet har blitt så populært også fordi det er enkelt å bruke.
– Lite innsats som gir stor effekt.
Truls (18): – Ungdommen tek over
Tilbake på butikken i Bodø er Truls Hanssen i full gang med å teste forskjellige tørkle.
– Du seier mange i gjengen har begynt å bruke det. Kvifor det, trur du?
– Det er mote! Folk følger trendane. Mange ryk på.
– Skal du gå med det berre fordi det er trendy?
– Begge delar. Både mote og fordi det ser bra ut.
– Blir det ascot i halsen på 17. mai no?
– Ja, det blir fort det!
– Men det er ganske dyrt?
– Det er verdt det. Når noko er mote, blir det plutseleg ikkje så nøye.
– Er du moteslave?
– Nei ... Eigentleg ikkje.
– Men du går i pen skjorte no?
– Ja, det gjer eg fort.
– Har du tenkt på at du no kan gå rundt og sjå ut som ein rik bestefar? Alla Chistian Ringnes?
– Nei, ungdommen tek over. Til slutt har ikkje bestefedrane noko klede igjen dei kan gå med, hehe. Ringnes er jo framleis ung!
– Blir det ascot på deg i dag, då?
– Må kome tilbake når eg har fått lønning! Nei då. Må tenke litt. Men eg har funne nokre eg likar.