På morgonen den 8. september 2025 brenn det i ein villa på Hamar.

Frå sentrum kan folk på veg til jobb og skole, sjå flammane og røyken mot himmelen.

Snart blir det kjent: fire unge kvinner hadde overnatta i villaen. Alle døyr i brannen. Ei av dei er Astrid Støe Valla.

En bygning i brann
Brannen i murvillaen spreidde seg ekstremt raskt, frå verandaen og heilt opp til taket. Foto: Frode Meskau / NRK

Snart har det gått eitt år sidan katastrofen ramma. Birgit hugsar kvar detalj.

Kvelden før brannen

7. september 2025, på kvelden: Birgit og mannen Andreas er tilbake frå ei reise, dei samlar seg til ei ny arbeidsveke. 18 år gamle Astrid og søstera Lise på 16, har hatt den gule villaen for seg sjølv denne veka. Nå er det søndag kveld og Astrid skal til venninna si i nabohuset. Ho seier ha det, og stryk ut gjennom terrassedøra. Det er berre nokre få meter over til bestevenninna i det store murhuset.

Seinare skulle det vise seg at dette var det siste Birgit såg til dottera si.

Nabohuset brenn

Birigit vaknar tidleg på morgonen 8. september, av ein høg smell. Og noko som sildra?

Nei, det knitra og buldra. Rett utanfor glaset ser ho kjempestore flammar.

Dei slikkar seg opp frå verandaen i nabohuset, oppover og oppover. Ho vekker mannen Andreas.

Medan Andreas ringer naudetatane, får Birgit Valla på seg skoa, spring ut og grip hageslangen.

Men først har ho vekt dei to som søv i andre etasje i sitt eige hus. Vaksne Lukas og minstejenta Lise, som er 17 år.

Hamarbrannen
Den gule funkisvillaen til Birgit Valla og familien ligg tett inntil huset som brann. Varmen fekk målinga til å boble på veggane, og vindauga som vende mot brannen sprakk. Foto: Frode Meskau / NRK

Astrid er i det brennande huset

Det einaste Birgit tenkjer, er at ho må hjelpe til med å sløkke brannen.

Ho trur huset som brenn, står tomt. Ho veit ikkje at eldstejenta Astrid er inni der.

Snart tar mannen Andreas og sonen hans, Lukas, over hageslangen. Dei rettar stråla mot sitt eige hus. Brannen ser ut til å kunne spreie seg hit.

Nå har Lise komme ut. Ho spring bort til mora, og fortel at syster Astrid ikkje har sove heime i natt.

Ho har sove i huset som brenn. Saman med bestevenninna si som bur der.

Men Birgit roar ned dottera.

«Dette går bra, Lise, dette skal gå bra». Birgit er van med at ting går bra. Det dottera prøver å seie, går ikkje inn.

Brannfolka kjem

Brannmannskapa er på plass etter rundt ti minutt. Dei spyler og spyler vatn inn i det overtente huset.

Så kjem det røykdykkarar. Så trygt!

Nå kan dei ordne opp. Berre gå inn og hente ut jentene. Men det skjer ikkje. Birgit gret og roper at dei må redde jentene i huset.

Hamarbrannen
Brannmannskapa spyla og spyla, men huset vart overtent og fylt med livsfarleg røyk så alt for fort. Foto: Frode Meskau / NRK

Ein brannmann forklarer Birgit at kleda til røykdykkarane kan smelte om dei går inn.

– Eg spurde mannen min om det gjekk an å leve inni det huset. Og så sa han nei, fortel Birgit.

Mannen Andreas er lege. Han hadde forstått alvoret tidleg.

Den aller verste morgonen

Nå er heile den fredsame og trygge villagata, like over Hamar sentrum, fylt av brannbilar, politibilar og ambulansar.

Redningsmannskap frå alle etatane står på for å gjere det dei kan. Sløkke, redde, skape orden i kaos.

Først trudde Birgit at det berre var Astrid og venninna som sov aleine i huset. Ho varslar det andre foreldreparet.

Redningsetatar
Fortvila redningsmannskapar forstod at ikkje kunne gjere noko for jentene i villaen. Birgit takka dei alle. Ho ville forsikra dei om at ho hadde sett at dei gjorde det dei kunne for å prøve å redde liv. Foto: Frode Meskau / NRK

Så viser det seg at det er to jenter til i huset. Snart kjem fleire foreldre til. Og andre familiemedlemmar og venner. Alle står der og ser på katastrofen. Journalistar rapporterer frå det som skjer.

Når den verste varmen har gitt seg, tar redningsmannskapa ut jentene, ei etter ei.

Ambulansefolka har ikkje anna å gjere enn å køyre bort dei fire døde.

Tente lys og blomster, mandag kveld, ved åstedet for brannen i Hamar der fire tenåringer mistet livet.
Slik såg det ut ved branntomta kvelden den 8. september. Heile Hamar sørgde. Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Heile byen sørger

Så vaknar byen til liv. Og heile Hamar og heile landet får høyre kva som har hendt i løpet av natta og morgonen.

Det var som om alt i byen gjekk veldig sakte. På rådhuset var det stortingsval.

Folk stemte, men kva er eit politisk val, mot dette?

Bilde av fire røde hjerter spres på sosiale medier
Same dag som huset brann og jentene døydde, vart fire hjarte delt på sosiale medium. Det var Einar Busterud, tidlegare ordførar på Hamar, som hadde laga bildet. Foto: NRK

Fire unge jenter som var ferdige med vidaregåande same våren. Som elska å vere saman. Slik dei var den siste kvelden. Nå var alle borte.

Dei hadde så mange planar. Jobbe, studere. Heile livet låg framfor dei.

Omsorg og omtanke strøyma mot familiane. Til og med statsministeren sende sine kondolansar.

et skilt med hjerter på
Ein minnevegg vart reist i Hamar sentrum. Her kunne alle skrive kondolansar og minneord, eller legge ned blomar. Foto: Anne Jo Lexander / NRK

Fire familiar måtte førebu seg på fire ulike gravferder. Og å møte ein altoppslukande sorg.

Å vere nær Astrid

Dei første døgna etter brannen, budde heile familien borte. Dei søkte ly hos Gard, far til Astrid, eksmannen til Birgit.

Men etter kort tid flytta Birgit og Andreas og veslesøster Lise tilbake til det store, gule funkishuset på høgda bak Hamar stadion.

Bilde på e in vegg
Portrettet av Astrid, som heng i stua, har Elin Eriksen måla. Birgit seier bildet fangar heile vesenet hennar. Ei jente som stråla ut varme og humor. Foto: Frode Meskau / NRK

Det beste var å vere der, heime, der som Astrid hadde vore saman med dei mens ho levde. Da kunne dei halde henne fast ei stund til.

På rommet hennar kjenner dei lukta av parfymen ho brukte frå kleda som ligg framme. Akkurat der Astrid hadde slengt dei frå seg den siste kvelden.

Det ringde på døra, det strøyma på med blomar. Vener og familie hjelpte til. Dei kom med mat. Gjorde reint. Ordna. Og fekk reinska opp på terrassen som var dekka av sot etter brannen.

Mot branntomta
Frå andre etasje såg Birgit etterforskarane rusle rundt på branntomta. Dei var grundige, pirka forsiktig i jorda. Ho syntest det var trygt, det roa henne ned. Foto: Frode Meskau / NRK

Gravferda

Hamar domkyrkje er stappfull i gravferda til Astrid.

Astrid får med seg akkurat dei orda, blomane og musikken familien med så stor omtanke, hadde vald ut til henne.

Birgit Valla er psykolog. Ho har mange gonger lytta og hjelpt folk i sorg og djup krise.

Nå er det hennar eigen tur. Kva skal ho gjere nå?

Dei første vekene berre gret ho. Ei suppe av tårer. Uttrykket kjem frå ei bildebok om sorg, som familien får tilsendt.

– Oppi tåresuppa putter du alt som sorga rommar. Forvirring, fortviling, minner, tankar.

For Birgit blir det viktig å dele tårene med nokon. Nokon som berre er der og tar imot når dei kjem. Birgit hadde mannen sin, Andreas. Han tok i mot. Men ho gret også så alle andre kan sjå det.

Birgit smiler
Det er også lov å ta pausar frå tårene. Og å smile av dei mange, gode minna etter dotter Astrid. Foto: Frode Meskau / NRK

Orda kjem

To veker etter brannen vaknar Birgit med ein heilt klar tanke: Ho vil skrive ei bok. Gje sorga ord. Gje livet til Astrid ei meining.

Ho tek med seg laptopen og set seg i andre etasje, i nærleiken av rommet til Astrid.

Ho skriv nokon setningar den første dagen. Nokon den neste. Av og til ei lita historie. Litt kvar einaste dag.

Astrid er nær. Ho kjenner henne rundt seg. Og ho skriv kvar dag. Minna strøymer på.

Både Birgit og mannen trur på at sjela lever sjølv om kroppen er død.

– Eg har aldri vore i tvil om at Astrid er på ein god stad.

Birgit skriv bok
Birgit har skrive ei bok ho håper kan gje alle trua på at livet kan bli godt. Sjølv når det verste hender. Foto: Frode Meskau / NRK

Astrid mi Astrid

Nå har det snart gått eit år sidan brannen. Boka til Birgit er ferdig. Ho håper den kan gje trøyst. Ho vil vise at det går an å finne tilbake til meininga og det gode, sjølv om ein mister nokon,

Gjennom skrivinga har Birgit arbeidd med sorga. I boka deler ho også erfaringar frå sitt eige liv. Både som dotter, mor og psykolog. Birgit gret ikkje så mykje nå. Men det er vondt å kjenne på at for kvar dag som går, er det lengre sidan Astrid levde. Da blir ho også lengre unna dei som var så glade i henne.

Birgit på branntomta
Tomta etter villaen som brann er nå berre ein gruslagt plass, med ei grop der huset stod. For Birgit er det ikkje vondt å vere der. Foto: Frode Meskau / NRK

Den dag i dag bor Birgit og Andreas i det gule huset som er nabo til murvillaen som brann.

Å bu heilt inntil der det vonde og utenkjelege skjedde, har vore godt og viktig.

For her levde Astrid dei siste åra av livet, og her mista ho det. Her er Birgit nær henne.