«Høres mer ut som man vinner en deltidsjobb»
«Betale kaskoforsikring på en bil fra 2012? E du go eller?»
«Er det i det hele tatt lovlig? Jessu fader. Drittifiseringen av verden aksellerer i vilt tempo.»
Brukarane på nettstaden Reddit er ikkje nådige når dei omtalar Nidar sin kampanje.
Sjokoladeprodusenten freistar kundar med at ein kan vinne ein Volkswagen Beetle dersom ein kjøper ei plate Stratos hos Coop Extra.
Bilen er frå 2012 og har gått omtrent 101.000 kilometer.
Takkar ein ja til premien må ein i tre år betale for kasko, EU-godkjenningar og vedlikehald. Alt frå eiga lomme.
– Grunn til å vere varsam
Den som blir trekt ut som vinnar av bilen må inngå ein treårig avtale med Nidar, heiter det i vilkåra for konkurransen.
I løpet av denne perioden kan ikkje utsjånaden på bilen bli endra på nokon måte.
Vinnaren må halde bilen forsikra med kasko og betale løpande utgifter som trafikkforsikringsavgift, EU-kontroll, drivstoff og vedlikehald.
Ifølge vilkåra må eigaren halde bilen «i god og funksjonell stand» og dersom ein sel han, må neste eigar godta dei same vilkåra.
– Grunn til å vere varsam
– Det er grunn til å vere varsam før ein takkar ja til dette, seier Nils Sødal, kommunikasjonsrådgjevar i NAF.
– Det er snakk om ein 14 år gammal bil, og det er litt av kvart som kan gå galt på ein eldre bil.
Han fortel at det kan medføre kostnadar å halde bilen i stand i tre år.
– Det er vanskeleg å seie kor store dei blir, men dei kan i verste fall bli høge på ein såpass gammal bil.
– Eg ville ikkje tatt risikoen
Også Thomas Iversen, fagsjef i Forbrukarrådet, er skeptisk til bilen.
– Personleg ville eg utan tvil ha takka nei til ein slik premie, fortel han.
– Eg ville ikkje tatt risikoen, rett og slett.
Iversen peiker på at det er mykje som kan gå galt med ein så gammal bil og spesielt dersom han må stå utandørs.
Det er ikkje noko ulovleg med å bruke denne typen konkurransar i marknadsføring, fortel Iversen.
– Men premiar som er såpass kompliserte som ein gammal bruktbil med bruksplikt, høyrest ikkje ut som ein fornuftig ting å drive med.
– Kunden som vinn kan fort oppleve at premien blir ei ulempe både økonomisk og praktisk.
Iversen fortel at det er viktig at den som vinn konkurransen får vilkåra for avtalen med Orkla presentert i klartekst før ein takkar ja.
– Det burde også ideelt sett følgt med ein NAF-test før ein tar stilling til om ein vil takke ja.
– Det tenker eg burde vere eit absolutt minimum.
Ein NAF-test er ei oversikt som er laga av ein mekanikar som viser kva tilstand ein bil er i.
– Forståing for at han ikkje passar for alle
– Stratos er ei merkevare som liker å by på humor og begeistring, og vi ønskte å gjere noko litt annleis enn ein tradisjonell premiekonkurranse.
Det fortel kommunikasjonssjef i Orkla Snacks, Trude Løw Hansen.
– Stratos boblar av glede, og derfor vil vi lodde ut ein ekte boble-bil.
Løw Hansen fortel at selskapet har fått mykje god respons på premien.
– Samstundes har vi forståing for at han ikkje passar for alle.
Ho fortel at dei har vore heilt tydeleg på at bilen er gammal.
– Bilen har ein tilstandsrapport frå mai i år, og seks månaders forhandlargaranti for skjulte feil og manglar etter overtaking.
Løw Hansen fortel at det er opplyst om alle vesentlege vilkår og at vinnaren får gjennomgå den fullstendige avtalen før ein aksepterer premien.
– Det er heilt frivillig å ta imot premien, dersom vinnaren likevel ikkje ønsker bilen, trekker vi ein annan vinnar.
– Vi er oppteken av at det skal vere ei positiv oppleving å vinne Stratos-bilen.