– Vi elskar denne hagen!
Vicky Hu viser NRK rundt i den store, frodige hagen hennar, i eit nabolag i byen Ashburn, nord i Virginia. Her har ho og familien budd i 20 år.
Ho såg føre seg eit roleg pensjonisttilvære her om nokre år, men no er mykje snudd på hovudet.
Det er knytt rosa band rundt fleire av trea i hagen. Nokre av dei er over 100 år gamle.
No står alle desse i fare for å bli hogde ned, for å gi plass til store straumleidningar som skal ruve frå ei høgspentmast 56 meter over bakken.
Dei skal føre straum til dei mange datasentera i området, kor teknologigiganten Amazon er den største aktøren.
Hu fortel at ho fekk sjokk og trudde det var svindel, då ho fekk telefonen frå det lokale straumselskapet om planane.
– Det er ei skam, og rett og slett motbydeleg at dei kan foreslå dette, seier Hu.
Skepsisen aukar
Loudoun County, kor Vicky Hu og familien bor, blir kalla verdas datasenter-hovudstad.
Sannsynlegvis har både mine og dine internett- eller KI-søk gått gjennom eller blitt lagra i datasenter akkurat her.
Ingen andre stadar i verda er det fleire datasenter. Det er svært synleg, når Hu viser NRK rundt i området.
Kilometervis med digre, grå og anonyme bygg.
– Her er enda eitt under bygging, seier Hu og peiker oppgitt ut bilruta.
Den enorme veksten i kunstig intelligens har ført til eit stort behov for nye datasenter og tilhøyrande infrastruktur.
Det byggast ut i stort tempo i fleire delstatar no.
Berre i Virginia er nær 300 nye datasenter på trappene, ifølgje Pew Research Center.
Men skepsisen i befolkninga verkar å auke i same hastigheit.
Debatten rasar over heile landet. Loudoun County er kanskje episenteret.
At datasentera både sluker store mengder straum, vatn og breier om seg i naturen, har gjort dette til ei av dei mest brennbare politiske sakene i USA i år.
Trur ikkje på Trump-løfte
President Donald Trump prøver iherdig å få folk med seg i KI-kappløpet.
I mars lanserte han eit nasjonalt løfte: teknologiselskapa skal ta alle kostnadane med utbygginga.
«USAs KI-dominans skal ikkje auke straumrekningane for amerikanske heimar og bedrifter», var beskjeden i ei oppdatering i slutten av juli.
Men folk verker ikkje å ha trua likevel.
Nesten annakvar amerikanar ønskjer ikkje fleire datasenter, viser ei måling frå Ipsos.
Heller ikkje Vicky Hu har trua.
Ho lurer på kven som skal ta kostnaden for at huset hennar truleg rasar i verdi, når ein kan sjå ei 56 meter lang høgspentmast frå omtrent alle vindauge i huset.
– Eg har skrive brev til president Trump og spurt: korleis kan vi få dei til å betale for alt dette? Eit løfte betyr ingenting, vi må sjå handling. Men eg har ikkje fått svar, seier Hu.
Har folk fått nok no?
Trump strevar også med å få eigne veljarar med på laget i denne saka.
På eit folkemøte i regi av det lokale republikanske partiet i Loudoun County, var det høg temperatur førre veke.
Sjølv om alle måtte skrive spørsmåla sine på små lappar, slik at ordstyraren kunne halde kontrollen, klarte ikkje folk å dy seg.
Historia om den planlagde høgspentmasta midt i hagen til Hu og familien, gjer sterkt inntrykk på fleire her.
– Om dei tar dine landområde, så må dei kompensere deg, ropte ei dame i forsamlinga.
Dei to som er valt til å ha kontrollen på pengesekken i fylket, republikanarane Bob Wertz og Henry Eickelberg, prøvde å minne folk på kor mykje pengar Loudoun County drar inn frå datasentera.
– Vi drar inn rundt 1,3 milliardar dollar årleg frå datasentera. Det utgjer 45 prosent av skatteinntektene, sa Wertz.
Spørsmålet er likevel om folk her har fått nok no. Det hjelper nok heller ikkje at datasentera i området førte til overskrifter 22. juli, etter at straumen gjekk av og på i 10 minutt i fleire delstatar aust i USA.
– Det har blitt for mykje. Vi har rive ned enorme grøntområde i fylket, for å legge til rette for datasenter. Eg trur folk her endeleg har sagt at nok er nok, seier Amy Riccardi til NRK.
Kan prege valet
Kor politikarane plasserer seg i datasenter-debatten, vil truleg bli viktig for veljarane som skal stemme fram kandidatar både til guvernør-postar og til Kongressen i haust.
I akkurat datasenter-debatten verkar det å vere noko som fleire opplever som sjeldan i dagens USA: tverrpolitisk skepsis blant veljarane, ifølgje Ipsos.
Det uroer økonomisjef og republikanar Eickelberg i Loudoun County, som håper folk ikkje lar seg rive med av alle følelsane.
– Eg håper vi tar gode, og ikkje irrasjonelle val, seier Eickelberg.
Fleire byar og fylke har allereie innført forbod på bygging av datasenter allereie.
New York innførte i sommar som første delstat eit mellombels forbod mot bygging av datasenter. I Virginia har dei innført USAs første straumskatt for datasenter.
– Eg fekk tårer i auga
Vicky Hu opplever sin kamp som ein mellom David og Goliat.
Det lokale straumselskapet utforska moglegheitene for å leggje høgspentlinjene under bakken. Ein av rutene ville ha lagt beslag på blant anna Amazon sin eigedom.
Men slik ser det ikkje ut til å bli.
«Det er ikkje mogleg å legge disse linjene under bakken. Alternativa byr på betydelege hindringar som forseinkingar, meirkostnader og byggeutfordringar...», skriv delstaten si øvste tilsyns- og reguleringsmyndigheit i ein e-post til NRK.
Dei har nyleg gitt grønt lys til bygging i hagen til Hu og familien.
Tidlegare i sommar var det høyring i saka.
– Eg gjekk ut med tårer i auga. Eg følte dei allereie hadde bestemt seg, seier Hu.
Men det er ikkje over. No ligg saka på den høgste rettsinstansen i Virginia sitt bord. Hu er framleis kampklar.
– Ein må berre prøve å kjempe hardt i mot.