Aurlandssko blå
Aurlandskoen blir kalla for dei originale «Penny Loafers», og har vore populære gjennom fleire generasjonar. Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Lêrskoa står på rad og rekke inne på skofabrikken i Aurland i Sogn. Her er Aurlandsko i alt frå klassisk svart til knallturkis, alle med ein ting til felles: tiøringen i ei lomme på skoen.

Dei tradisjonsrike skoa har hatt spalteplass i motemagasinet Vouge, samarbeida med klesmerket Holzweiler og gått på catwalken på Oslo Fashion Week, men blør pengar.

Mellom 20 og 30 millionar kroner er tapt dei siste 18 åra.

No står eigarane midt i eit vegskilje. Skal dei legge ned den einaste skofabrikken i Noreg?

Overlevd store kriser

Det første paret med Aurlandsko blei laga på 1930-talet av Aurland Skofabrikk. På eit tidspunkt var det heile 19 skofabrikkar i den vesle bygda, men berre Aurland Skofabrikk overlevde.

Den vesle fabrikken har klart seg gjennom krig, finanskrise, pandemi og tallause motetrendar.

For snart 20 år sidan tok reiselivskonsernet Norway's Best over drifta. Sidan då har dei starta med produksjon av vesker og utvikla ulike modellar av Aurlandskoen, men likevel lyser tala raudt.

– I verste fall vil den siste skofabrikken i Noreg bli lagd ned, seier driftsdirektør Bent Cato Danielsen.

Sogn Avis omtalte problema for skofabrikken først.

En person bak en hylle med Aurlandsko (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Driftsdirektør Bent Cato Danielsen har sjølv fleire par med Aurlandsko. Foto: Solveig Svarstad / NRK

Færre skomakarar

Kvart einaste par blir handlaga i den vesle bygda inst i Sognefjorden.

Med utsikt til fjord og fjell har skomakar og produksjonsleiar Roger Skjoldal full kontroll når han pressar ut solen til eit nytt par i størrelse 41.

– På ein god dag kan eg lage opp mot 30 sko, seier skomakar Skjoldal.

Han er sjeldan vare. Det blir færre og færre skomakarar i landet.

På same tid har produksjonsutstyret i fabrikken sett sine betre dagar. Nytt utstyr vil koste titals millionar. Då er det ikkje like enkelt å vidareutvikle produksjonen, meiner driftsdirektøren.

Ei svak krone gjer at dei må betale meir for lêr og solar. Andre skobutikkar har kopiar av liknande skomodellar til berre nokre hundrelappar.

– Aurlandskoen er viktig kulturarv, men alt har ein pris til slutt, seier driftsdirektør Bent Cato Danielsen.

Bilete av ei hylle med Aurlandsko i rosa og turkis.
Aurlandsskoa blir handlaga i Aurland. I lommen på skoen ligg det ein tiøring. Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Scandi fashion er hot

Det var ei tid «alle» skulle ha Aurlandsko, ikkje berre i Noreg, men også i utlandet.

Motekommentator i avisa Bergens Tidende, Iben Bergstrøm, meiner Aurlandskoen har all grunn til å slå godt an i dagens motebilete.

– Scandi fashion er hot i utlandet. Det norske opphavet og den norske produksjonen er eit kjempepluss for Aurlandskoen.

Scandi fashion eller ei, tala lyser likevel blodraudt for skoprodusenten i Aurland.

– Det kan vere den norske drifta er for dyr, eller at pris og produkt ikkje treff målgruppa godt nok, seier Bergstrøm.

No håpar ho norske forbrukarar får auga opp for norske merkevarer som Aurlandskoen.

– Ein Aurlandsko har du i årevis, om ikkje tiår. Det er eit fantastisk handverk.

Høyskolelektor ved BI, Iben Bergstrøm.
Motekommentator i Bergens Tidende, Iben Bergstrøm, meiner Aurlandskoen sklir rett inn i dagens «Scandi fashion»-trend. Foto: Inger Paulsen

Hatt Aurlandsko heile livet

Om sommaren myldrar det av turistar som vil sjå korleis Aurlandskoen blir laga. Her får turistane lukta av lêr og lyden av symaskin når fabrikken og museet er ope for besøkande.

Også lokalbefolkninga i Aurland er innom for å handle, slik som 89 år gamle Arne Sunde.

– Eg har kjøpt Aurlandsko sidan eg var gutunge. Aurlandsko er ein del av identiteten vår.

Han er langt frå den einaste som har eit spesielt forhold til skoa. Folk frå heile landet sender fleire kilo tunge pakkar med tiøringar til Aurland og fabrikken. Tiøringane får seinare nytt liv i Aurlandskoen.

Eigaren Norway's Best ser på fleire ulike alternativ for det vidare livet til skoikonet. DriftsdirektørBent Cato Danielsen seier det kan vere alt frå å selje bedrifta, flytte skoproduksjonen til utlandet, eller vidareutvikle fabrikken.

– Vi har gått med tap sidan 2008. Det viser kor viktig vi meiner dette er som historie og kulturarv, seier Danielsen.