Fredrik Grøndal (t.h) og Henrik Lie (t.v)
Fredrik Grøndahl (t.h) og Henrik Lie (til venstre) fyller opp tanken. Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Det er ferietid og høgtid for utfart langs vegane. På bensinstasjonen på Høvik utanfor Oslo lyser prisen 16,99 kroner per liter bensin på tavla.

– Drivstoffprisane er greie, men dei kunne vore billigare. Det er dyrt å vere bilinteressert. Hadde det vore dyrare, måtte vi køyrt hest og kjerre eller moped, seier Fredrik Grøndahl.

Fredrik Grøndal (t.v) og Henrik Lie (t.h) fyllar opp tanken.
Fredrik Grøndal (til venstre) og Henrik Lie (t.h) er på veg til Tønsberg for å sjå på ein bil, men først må dei fylle tanken. Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Når dei fyller tanken, er drivstoffprisane historisk låge.

Det gjer at det no er billigare å fylle tanken enn å lade på bensinstasjonen. Vanlegvis er det motsett.

– Det synest vi er bra, for vi likar ikkje elbil, seier Grøndahl og gliser.

Bensinpris 15.7.26 i Høvik
Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Samstundes er det framleis klart billegast å lade elbilen heime.

Også i Sverige gjer avgiftskutt det billigare å fylle tanken enn å lade på bensinstasjon, har SVT nyleg omtalt.

Kutta avgifter – oljeprisen stupte

Korleis blei bensin og diesel billigare enn å lade?

Vi må spole attende til slutten av mars. Etter krigsutbrotet mellom Iran og USA blei skipstrafikken gjennom Hormuzsundet stengd. Oljeprisen gjorde eit byks, noko som ville slå ut på pumpeprisane.

På det høgaste var pumpeprisen for bensin over 30 kroner per liter.

Eit fleirtal på Stortinget svarte med å kutte avgiftene på bensin og diesel mellombels.

Men som grafen over viser varte ikkje prissjokket. Etter nokre veker var prisen halvert frå toppen.

Resultatet er billigare bensin og diesel enn det har vore på fleire år.

Bensinprisane i Noreg har ikkje vore like låge som på Høvik sidan finanskrisa i 2008, når det blir justert for prisvekst.

– Det treng me

Regjeringa ville ikkje kutte drivstoffprisane, men ho fekk fleirtalet på Stortinget mot seg.

Det skjedde då Senterpartiet, som vanlegvis stemmer med dei raudgrøne, stemte med Høgre, Frp og KrF.

– Det er bra at vi akkurat no har låge drivstoffprisar. Det treng vi i Noreg. Vi er eit stort land, og transport er viktig for både folk og næringsliv, seier Erling Sande i Sp.

En mann i dress står foran to personer i en innendørs setting. Bakgrunnen viser gule mursteinsvegger og et maleri. Mannen har hendene i lommene og ser mot den som står nærmest. De to personene i forgrunnen er delvis synlige.
Erling Sande sit på Stortinget for Senterpartiet. Foto: William Jobling / NRK

– Var det planen å få historisk låge prisar?

– Vi var veldig opptatt av å unngå høge drivstoffprisar, for det rammar vanlege folk og familiar, og ikkje minst rammer det næringslivet vårt, svarer Sande.

– Kva skjer etter september?

– Vi er opptatt av at det skal vere lave drivstoffprisar, også etter september. Det kjem Senterpartiet til å kjempe for.

Tvilar på store utslag

I tillegg til å gi inntekter til staten, skal avgifter på bensin og diesel gi mindre klimagassutslepp frå bilkøyring.

– Det skal veldig store prisendringar på drivstoff til før det gir særlege utslag i etterspørselen etter drivstoff, seier Kjell Werner Johansen.

Han er forskar og assisterande direktør ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Kjell Werner Johansen på TØI
Kjell Werner Johansen er assisterande direktør på Transportøkonomisk institutt. Foto: Kristian Fjelde / NRK

Samstundes som avgiftene på bensin og diesel blir kutta, blir avgiftsfordelane ved å køyre elbil fasa ut.

– Det kan gjere det mindre gunstig å køyre elbil og meir gunstig med bensin og diesel. Men elbilen har nok kome for å bli i Noreg, seier Johansen.

Han legg til at det er billeg å lade heime.

– Vi som har elbil i Noreg, er heldige. Vi kan lade heime, dei fleste av oss. Da får vi noregspris på straumen. Bensin- og dieselprisane kan ikkje matche det, seier Johansen.

Han vil ikkje ta stilling til kor nødvendige avgiftskutta var. På bensinstasjonen på Høvik er folk delte.

I dag er prisane rekordlåge, men det kan endre seg. Oljefrakta ut av Hormuzsundet er på nytt råka, etter nye angrep mellom Iran og USA.

Då må Stortinget på nytt ta stilling til drivstoffavgiftene.

– Avgiftene er jo berre ein liten del av drivstoffprisane. Det å spå om priser på olje, bensin, diesel, straum i framtida, det er ikkje noko eg kan gi meg ut på, seier Johansen.