Skjevt tårn på flyplassen i Rana
Flytårnet i Rana er eitt av sju fjernstyrte tårn som Avinor bestilte frå Kongsberggruppen i 2024. Ifølge Avinor er det ikkje rett. Foto: Hedda Hiller/Avinor / Avinor

– Avinor har avdekt at det er eit loddavvik på tårnet som ligg utanfor akseptabelt nivå. Dette er ei feil-levering frå Kongsberggruppen, og Avinor har rutinemessig reklamert på dette, opplyser Avinor til NRK.

Flytårnet er allereie ferdig montert og skal etter planen styrast frå Bodø.

Det var Rana Blad som omtalte saka først.

Overfor NRK utdjupar Avinor at avviket blei oppdaga under ein kvalitetskontroll.

40 meter over bakken

Tårnet i Rana er eitt av sju fjernstyrte tårn som Avinor bestilte frå Kongsberggruppen i 2024.

Når tårnet blir sett i operativ drift, skal det fjernstyrast frå tårnsentralen i Bodø.

Tårnet står 40 meter over bakken (80 meter inkludert fundamentet) og stod ferdig montert våren 2026.

Skjevt flytårn i Mo i Rana
Prosjektet med å bygge den nye flyplassen på Fagerlia i Rana starta i september 2022. Etter planen skal han vere ferdig neste haust. Foto: Hedda Hiller/Avinor / Avinor

Kommunikasjonsrådgivar Hedda Hiller i Avinor understrekar at skeivskapen ikkje kan sjåast utan måleutstyr.

Hedda Hiller, kommunikasjonsrådgiver i Avinor.
Hedda Hiller i Avinor. Foto: Øystein Løwer / Avinor

– Det er ikkje noko du ser ved berre auga. Vi føreset at når vi har reklamert på noko, så blir det rydda opp i. Det er eit mindre avvik, seier Hiller.

Sjølv om Avinor no avventar korrigerande tiltak frå leverandøren, forventar dei ikkje at saka vil forskyve opningsdatoen av den nye flyplassen, som er 30. september 2027.

– Alt er framleis i rute, opplyser Hiller i Avinor.

– Vi jobbar med saka

Kommunikasjonsdirektør Ivar Simensen i Kongsberggruppen er ordknapp overfor NRK.

– Vi jobbar med Avinor og underleverandørane våre med denne saka, seier han –utan å ville svare på ytterlegare spørsmål.

Første sidan Gardermoen

Flyplassen i Rana vil bli den første storflyplassen som er bygd i Noreg sidan Gardermoen opna i 1998.

Den totale kostnadsramma er om lag 5 milliardar kroner.

Flyplassen er eit spleiselag. Både Rana kommune (520 mill.) og lokalt næringsliv (150 mill.) har bidratt med pengar.

Det skjeve tårn i Pisa
IKKJE LIKE SKEIVT: Det mest kjente skeive tårnet i verda ligg i italienske Pisa, og heller i dag om lag 3,97 gradar. Tårnet i Rana er langt frå like skeivt. Foto: Susanne Skjåstad Lysvold / NRK