Håkon I den gode roa Noreg etter Eirik Blodøks.
Håkon IV Håkonsson blei berga av birkebeinarane.
Håkon V bygde Akershus festning og Oslo til hovudstad.
Burde ikkje kong Haakon VIII også bruke Å-en?
Påkravd i 88 år
Jauda, han er sjølvsagt døypt Haakon Magnus, etter oldefaren som i 1905 tok kongenamnet Haakon VII – på ei tid Å-en ikkje var tillaten i det fordanska norske språket.
I 1917 blei Å tillate i ordbøkene, og i 1938 blei Å obligatorisk i stadnamn og ord i ordboka.
Ja, Å-en blei obligatorisk. (Men ikkje i personnamn).
– Eg tykkjer det er uheldig at kongen videreførar skrivemåten til sin oldefar, frå den tida det ikkje var lov med Å. No ha me jo hatt Å-en i over 100 år, seier språkvitar Klaus Johan Myrvoll.
Myrvoll peiker på at vår nye konge allereie har endra døypenamnet.
– Når han no fjerna Magnus i kongenamnet, kunne han samtidig skifta til Å i Håkon. Dobbel-A er ein veldig gamaldags skrivemåte.
Språkvitar og forfattar Helene Uri er heilt einig.
– Eg hadde ikkje tenkt på det før no, dette er ikkje den sorga som har ramma meg mest den siste tida, men ja, han burde absolutt gått for Å-en.
Retta vekk Haakon
Uri jobba sjølv i Språkrådet på 1980-talet. Der korrigerte dei lærebøker frå skrivemåten Haakon VII til Håkon VII, fram til lova blei gjort om i år 2000.
– Da slutta me å skrive om kongenamna.
Ho fortel at ho på flyplassar i Midtvesten har sett koppar med tekstar som «Uffda» og «Skål» med Å.
– Dei tre bokstavane våre Æ, Ø og Å er jo «scandicool». Eg er overtydd om at dei to kongane våre, Haakon og Haaland ville vore perfekte ambassadørar for desse sære bokstavane rundt i verda.
– Dei som må vere mest glade for denne skrivemåten må vere Freia. Dei har ikkje plass til Å på sidene av konfekteskene sine, seier Uri.
Ho legg til at sjokoprodusentar i Rogaland bør lansere «Kong Haaland»-konfekt.
Håland
For også den nest viktigaste personen i kongeriket vårt, har skrota Å-en. Erling Braut Håland var son av Englandsproffen Alf-Inge Håland.
Men allereie da 17-åringen spelte for Molde i 2017, var Å-en skifta ut med dobbel A.
– Eitt steg framfor heile tida, veit du, sa Haaland sjølv om namnebytet.
Språkforskar Myrvoll meiner at både kong Håkon og Håland kunne sett fokus på noko typisk.
– Det ville jo berre vera å vise fram det særeigne ved norsk språk for heile verda.
Han peiker også på at du også kan finne fram til Å på utanlandske tastatur.
– Det finst i alle fontar, og er ikkje umogleg å skrive i utlandet. Island har jo mange særteikn som blir brukt, eg tykkjer nordmenn har vore altfor raske til å tenke at alt det som er avstikkande, skal bort.
Myrvoll drar fram at førenamn med Ø og Å har gått tilbake dei siste åra, og at Øystein, Øyvind og Åse var veldig populære for berre få tiår sidan.
Samtalestartar
Nyleg avgått leiar av Språkrådet, Åse Wetås, har heile to Å-ar i namnet, og fortel om fordelar med Å i namnet:
– Innanriks er ikkje Å-en noko problem, og utanriks fungerer det som ein samtalestartar.
Wetås ser stadig dei «særnorske» bokstavane på utanlandske firmanamn.
– I Europa har Norden og «Nordic way of living» svært høg status, og eg såg i Berlin nyleg ein møbelforretning med skandinavisk design, der namnet var SØFA.
Også den nye leiaren i Språkrådet, Nina Teigland, vil slå eit slag for Å-en.
– Å er bra! Men kongen må få bestemme namnet sjølv.
Ho er ikkje bekymra for at Å-en skal døy ut, sjølv om den blir uttalt som A i utlandet, når den er stava dobbel-A.
Hacon
No skal det seiast at Å-en ikkje var kjempeutbreidd i tida våre vikingkongar regjerte heller.
Å-en fanst faktisk ikkje.
– Nei, Å-en dukka først opp i Sverige på 1400-talet i handskrivne tekstar og på 1500-talet i bøker, seier Klaus Johan Myrvoll
Så dermed skreiv ein Hakon i kongesoger og liknande.
– Eller Hokon med O. Eller Hacon med C, fortel han.
– Jøss. Når kom Å-en til Noreg da?
– Eigentleg ikkje før i 1917.
Det er kanskje litt sjokkerande, men språkprofessoren fortel at ein i gamalnorsk hadde to typar A, lang og kort.
Ø-en og Æ-en har lengre historie i Noreg.
– Det kunne vore vel så norsk med kong Hækon, da?
– Nei, nei, nei! Men i mellomalderen kunne det skrivast A med aksent, altså Hákon.
Norrøn-eksperten avsluttar med å skryte av namnet til vår nasjonale toppskårar.
– Han har eit flott norsk førenamn, Erling. Det er eit typisk norrønt hovdingnamn, og da eg forska på namnet for nokre år sidan fann eg at det tyder «vesle ørn» eller «ein som handlar som ein ørn».
Det høver jo til ein som vaktsamt speidar etter byttet før han høgg til.
NRK har spurt Slottet om kommentar til namnevalet, men dei har nok vore opptatt med viktigare ting.