– Kommunane kjem ikkje til å blø eit øre. Vi kjem til å finansiere dette sjølv, seier D.D.E.-vokalist Bjarne Brøndbo til Moss Avis.
Tysdag blei det klart at D.D.E. har sendt brev til alle kommunane langs E6 der dei bad om 10.000 kroner frå kvar kommune.
Pengane skulle gå til innspeling av ein musikkvideo til slageren «E6» som fyller 30 år i år.
Fredag fortel Brøndbo til Moss Avis at bandet er i ferd med å reversere den offentlege finansieringa.
– Vi er eigentleg i ferd med å reversere det offentlege bidraget.
– Vi har sett at vi har eksistert i 34 år som D.D.E. utan offentlege bidrag. Vi har klart oss på vanlege kommersielle middel, opplyser Brøndbo.
Kommunar som har sagt seg villig til å bidra med pengar vil få dei tilbake, fortel vokalisten.
Bjarne Brøndbo har ikkje svart på NRK sine førespurnadar fredag.
– Det er jo E39 som er vår europaveg
– Vi har lyst til å gjere stas på E6 og folka som lev sitt liv med og rundt denne viktige hovudgjennomfartsåra, skreiv Bjarne Brøndbo i e-posten som blei sendt til kommunane.
Samstundes viser det seg at fleire av kommunane som fekk førespurnadar om støtte ikkje ligg ved E6 i det heile tatt.
NRK har funne brevet i fleire av kommunane sine offentlege postlister.
Der kan ein sjå kven andre som har mottatt e-posten frå bandet.
Blant kommunane i Trøndelag som har fått e-posten er Orkland, Lierne og Frosta.
Alle tre er kommunar E6 ikkje passerer gjennom.
– Vi er jo oppteken av vegstandard og den slags, men vi føler oss ikkje som ein del av kommunane langs E6, humrar ordførar i Orkland kommune, Hanne Nyhus.
– Det er jo E39 som er vår europaveg.
I etterkant av at D.D.E. sine søknadar blei kjent, har det blitt starta ein eigen innsamlingsaksjon for å gi støtte til Bare Egil Band sin song Æ39.
Songen frå 2014 er ein parodi på D.D.E. sin hit.
– Kanskje vi skal støtte han i staden, ler Nyhus.
– Dersom det kjem ein søknad frå Bare Egil så får vi sjå på den i staden.
Har skapt reaksjonar
Det var Thomas Øian Mårud som starta folkeaksjonen for å få finansiert innspeling av ein musikkvideo til Æ39.
Han synest førespurnaden frå D.D.E. verkar litt pussig.
– Da eg så det, tenkte eg at det er da andre vegstrekningar som har songar? Eg har til og med høyrt at Olav Stedje har ei E18-låt, så for all del...
Mårud forklarar at han har køyrt mykje langs E39 i sommar, og at sonen hans har spelt Æ39 mange gongar.
– Og så slo det meg at det er ei heilt forferdeleg, utruleg, fantastisk, dritbra låt. Så vi høyrde på den heile ferien.
Egil Hegerberg seier sjølv til Kontekst, at det berre skulle mangle at både han og D.D.E. får finansiert musikkvideoar gjennom offentlege budsjett.
– Både eg og D.D.E. er såpass søkkrike at vi bidrar så mykje til fellesskapet gjennom både inntekts- og ikkje minst formuesskatt, at det burde vere ei sjølvfølge, skriv han til nettstaden.
– Barn, eldre og innvandrere for eksempel er i houvudsak dårlege skattytarar og det burde vere uproblematisk å kutte i tiltaka til slike grupper, fortsetter Hegerberg i det som etter alt å døme er eit ironisk svar.
Hegerberg påpeiker også at han har ei heil rekke andre låter om forskjellige kommunar, byar og distrikt i Noreg, som han gjerne vil at fellesskapet skal betale for musikkvideoar til.
Til NRK seier han at han ikkje har ytterlegare kommentarar.
Initiativtakar Thomas Øian Mårud meiner det burde vere mogeleg å få til ein E6-video utan å bruke 800.000 kroner. Han foreslår at kommunane kunne ha sendt inn videoar sjølv.
– Eg tenkte at ein sånn type musikkvideo burde kanskje nesten kunne lagast nesten utan å bruke ei krone.