Måndag vart fellingsløyva på ein bjørn og ein ulv utvida enda ein gong.
Det har vore ein brutal periode for sauebønder i området. I løpet av få dagar har både bjørn og ulv slått til i grensestrøka mellom Midt-Gudbrandsdalen og Østerdalen.
I løpet av helga vart det meldt inn om nye skadar på beitedyr i Ringebu. Måndag undersøkte Statens naturoppsyn (SNO) skadane.
Ifølge SNO skal dyra ha blitt skadde av ein bjørn.
Til no er om lag 40 dyr er skadde av bjørnen, medan ulven har skadd ti, fortel seniorrådgivar Ståle Sørensen.
Utvida jaktområdet
Før helga tok Statsforvaltaren i Innlandet opp att ulvejakta i Stor-Elvdal etter å ha fått grønt lys frå ein DNA-test. Men ulven ser ut til å flytte seg raskt.
Laurdag tikka det inn eit nytt bilde frå eit viltkamera i nabokommunen Sør-Fron.
Difor vart ulvejakta utvida til å gjelde område i både Stor-Elvdal, Sør-Fron, Nord-Fron og Ringebu kommunar.
Ifølge avisa GD skal det også ha blitt meldt om fleire skadar på sau, men det er for tidleg å konkludere med kva som forårsaka skadane.
Jaktar også på bjørn
Samstundes vart det funne fleire døde sauer i Imsdalen torsdag førre veke. Dette kom i tillegg til 29 sauer som vart funne i kommunane Øyer og Ringebu dagen før.
Desse rovdyrangrepa kjem truleg frå to ulike bjørnar, ifølge SNO.
Skadane skjedde nesten samstundes, men med nær tre mil avstand. Difor er SNO ganske sikre på at det er to bjørnar i det aktuelle området.
Det er gitt fellingsløyve på éin bjørn i Ringebu og Stor-Elvdal kommuner.
Vil ha automatisk felling utanfor ulvesone
Sauebonde Rolf Ivar Jordbruen på Venabygdsfjellet fann eit av lamma sine hardt skada, men framleis i live. Det måtte avlivast.
Han seier det er heilt forferdeleg å tenke på at det kan ha lege der i kanskje fleire timar.
– Det er ikkje ulvesone her, og da burde det vore fellingsløyve med ein gong, seier han.
Ulvejakta vart stoppa tidlegare førre veke fordi Statsforvaltaren ønskte å få svar på ei genprøve av ulven.
Før helga kom resultatet som viste at ulven ikkje var genetisk viktig.
Difor vedtok statsforvaltaren å ta opp att jakta.
- Tidlegare i sommar tok ein genetisk viktig ulv rundt 60 sau i Innlandet. Da gav departementet grønt lys for felling. Les kvifor her.
Dyra til bonden på Venabygdsfjellet er nå skremte og har flytta seg, ifølge bonden.
– Dei har bevega seg frå der vi trur rovdyra har komme. Men nå verkar det som dei har roa seg.